5. desember 2025

Cortex & Hedvig Mollestad
Did We Really?

Om utgivelsen

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007 med ein solid internasjonal CV. Med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

På «Did We Really?» har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazzorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.

Musikere

Thomas Johansson - Trompet, komposisjoner
Hedvig Mollestad Thomassen - Gitar, komposisjoner
Kristoffer Berre Alberts - Saksofoner
Ola Høyer - Bass
Dag Erik knedal Andersen - Trommer

Lenker

Fra forsiden

Nyheter

Storbandprisen til Pål Vinland

Musiker, organisator og styreleder i Ski Storband, Pål Vinland, er hedret med Storbandprisen 2026. Vinland er brennende entusiastisk for miljøet og musikken som helhet, og har bidratt både til kunstnerisk utvikling, unike publikumsopplevelser og ikke minst til å rekruttere fremtidige musikanter, uttaler Norsk jazzforum i sin begrunnelse for tildelingen.

Now's the time

NTT: Slått til lyst

Ingfrid Breie Nyhus spiller slåtter på piano, Oscar Andreas Haug triodebuterer, Dokkhuset feirer 20 år og Sidiki Camara + Reolô er ute med ny musikk.

Meld deg på vårt nyhetsbrev