Dølajazz, Lillehammer Jazzfestival - 20. oktober 2018

Ung vilje

Dei unge viste vilje og seriøs speleglede medan sirkuset stod i vegen for superstjerna Garbarek på Dølajazzlaurdagen.

Espen Berg Trio kom med plata Bølge i vår – gi den ein lytt eller ti! Berg har ein teknisk brilijans kombinert med ei særs smakfull linjeføring, noko som også speglar seg i komposisjonane hans. Slike rytmisk avanserte komposisjonar har ført til omgrepet “mattejazz”, men det er noko kaldt over det omgrepet som ikkje stemmer med Espen Berg Trio sitt uttrykk. Rolege, varme melodiar som flyt opp på ein hektisk og innfløkt groove. På “Maetrix” viser trioen at dei er klar for å gi alt og at dei meiner musikken inderleg. Trommeslagar Simon Olderskog Albertsens brukar heile klangarsenalet i grooven og bassist Bárður Reinert Poulsen er intenst påkopla kvar einaste rørsle frå dei andre. Poulsen er dessverre ein av dei som lid mest under den sørgjelege lyden i katakombene på Lillehammer Mikrobryggeri. Nokre frekvensar på bassen rumlar og viskar ut alt anna. Akustikken er nok vanskeleg å styre god lyd i, men det finst eit triks: skru ned. Det var voldsom høg lyd. Forhåpentlegvis kom lyden seg etterkvart – det hadde dei fortent. Eg rakk berre å høyre den varme balladen “Furuberget”, før eg måtte springe den bratte hoppbakken opp til Maihaugen.

Jan Garbarek. Det er vel få større og meir mytiske skikkelsar i norsk jazzhistorie. Garbarek var Garbarek i går også, og det er heilt spesielt å oppleve han på nært hald. Garbarek er enormt investert i alt han spelar, det lét som om alt han spelar må bety noko. I går var han kreativ, spontan og levande i spelet. Men det same kan eg ikkje seie om bandet. Høgdepunktet var dei få tonane vi fekk frå Garbarek aleine, eller saman med Trilok Gurtu – det er her også Gurtu er best. No er det mogleg eg er ein gretten ung gubbe, men Rainer Brüninghaus – det står eit fantastisk Steinway-flygel rett ved sidan av deg og så føretrekk du størsteparten av konserten Roland-keyboardet med pianolyd!? Ein “pianolyd” forresten heilt sikkert heiter “Steinway”, men lét som plastikk. Eg har kverna og kverna, men eg slit med å forstå dei estetiske vala Brüninghaus tek. I løpet av konserten får kvar av musikarane si tid i spotlighten. Bassist Yuri Daniel køyrer slappeshow. Trilok Gurtu viser fram alle triksa han kan – vasstrikset, fuglefløytetrikset osv. Brüninghaus nyttar endeleg flygelet – til ein ragtimesolo. Altså – kanskje er det heilt greit med show og moro. Publikum såg jo tilsynelatande ut til å storkose seg, eg tvilar ikkje på at dei var nøgde. Men for meg stod sirkuset i vegen for musikken. Saka held fram under bildet.

Jan Garbarek Group (foto: Mette Banken/Dølajazz)

Lettare opprørt kom eg til Café Stift for å høyre talentprisvinnaren, trommeslagar Amund Kleppan, med Aloft Quartet. Kvartetten er tungt planta i moderne New York-sound og har i tillegg teke til seg den amerikanske disiplinen – viljen til å levere sitt aller, aller beste lyste av augo deira. Opningslåta “MPC“ kunne vore henta frå Robert Glasper Trio sine tidlege plater og sette standarden med ein gong. Amund Kleppan hadde tidlegare på dagen gjort ein, etter rykta forrykande konsert med Arild Andersen og Marius Neset. Med Aloft viste Kleppan at talentprisen var vel fortent. Kleppan er stødig som stein, samtidig som han har ein levande groove. Han har øyrene på stilk og lyttar seg inn i kvartetten, kjem med særs smakfulle fills, utan at han triksar slik mange innanfor denne stilen kan ha ein tendens til å gjere. Noko av det kjekkaste var då pianist Rasmus Sørensen drog på både på “Jylland” og “Reach out”. Sørensen veit å bygge opp eit kor for å gi mest mogleg klubb-kick – det var tett mellom jazzgrimasane. “WOO!”. Saka held fram under bildet.

Amund Kleppan (foto: Mette Banken/Dølajazz)

Laurdagen vart avslutta på Brenneriet og soulfest med Fieh. Fieh, med Sofie Tollefsbøl i spissen, ryktast å vere årets live-vinnar. Med sine knalloransje antrekk, synkrone dans og åtte breie glis leverer dei ikkje berre ekstremt fengande nu-nu-soul-hits (nu-soul har for mykje nittital i seg), men med eit gjennomført seriøst og solid stykke musikk i kjerna. Lyder Øvreås Røed opnar ballet og fargelegg konserten med melodiøse og perfekt tima melodiar. Trommis Ola Øverby og bassist Andreas Rukan er så tighte, nedpå og smakfulle og let seg ikkje lure inn i triksegrooveland. Jørgen Kasbo leverer kanskje festivalens beste kor på “Spaceship” (trur det er rett namn). Hjelpes for ein gitarist. På denne låta løftar også Tollefsbøl taket. Låtane vi får høyre, berre to av dei er utgitt, er varierte og har alle eit eller anna litt odd element. Dette ber bod om eit komande album som vil ha lang haldbarheit. På ekstranummeret er det full dans til Edvard Synnes’ synthfest henta rett ut frå Herbie Hancocks Headhunters.
Soulquarians var kollektivet der Questlove, Erykah Badu, D’angelo m.a. var ein del av og som produserte den eine legendariske plata etter den andre ila 90-00-talet. Poenget er – eg får Soulquarians-vibbar av dette bandet. Fieh har ein seriøsitet og ein vilje til å bli det beste bandet med bransjens beste og mest ettertrakta musikarar. Tenk så mykje vi har å gle oss til! Saka held fram under bildet.

Fieh (foto: Are Skurdal/Dølajazz)

Alt i alt må Dølajazz-jubileet seiast å vere ein suksess. Her var det tett mellom musikalske høgdepunkt i gode rom og med eit spesielt begeistra publikum. Dessutan er Lillehammar ein perfekt by å ha festival i! Passe stor til å trekke nok folk og liten nok til at festivalen sette sitt preg på heile byen. 40 nye år!

Fra forsiden

Punkt - fredag 6. september 2024

Rå gitar og magisk Arve

FESTIVAL: Kontrastene er store og levende denne fyldige kvelden på Punkt-festivalens andre dag.

Now's the time

NTT: Ellie Mäkeläs mikrotonale mylder

Remsa møter endelig Ellie Mäkelä, Now We've Got Members vender endelig tilbake, Frode Gjerstad har knallskiver ute og vi hører på Punkt-remikser og mimrer om den kalde krigen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev