Nasjonal jazzscene - 21. januar 2016
Ches Smith, Craig Taborn & Mat Maneri

Uføreseieleg og bestemt

KONSERT: Ches Smith, Craig Taborn og Mat Maneri er ikkje lette å setje i bås, men sjølv veit dei akkurat kvar musikken skal.

Av Olav Opsvik

Trommeslagaren Ches Smith er, i alle fall innanfor ECM-segmentet, framleis ein ganske ung utøvar, og den nylege utgjevinga The Bell på nemnte plateselskap er hans debut som bandleiar. Men autoriteten han syner både på utgjevinga og som trioleiar for dei rennomerte triomakkarane Craig Taborn og Mat Maneri gir klåre signal om at det er på høg tid at han fyller ei slik rolle.

Smith er for mange kjent som ein sjangeroverskridande trommis og perkusjonist, og med The Bell-prosjektet som blei presentert for ein bra gjeng på Nasjonal Jazzscene torsdag kveld, kan ein godt forstå kvifor. Sjølv om klangen og lydbiletet passa godt innanfor det ein gjerne assosierer med ECM, bygd opp av Craig Taborns komplekse og ekspressive pianospel, supplert av Maneris meir avventande utfyllingar på bratsj, medan Smith sjølv hadde ei svært toneangivande og leiande rolle på slagverk og vibrafon, var det eit samansett uttrykk reint stilmessig.

Konserten byrja med forsiktige anslag frå alle tre, og grensa mellom kva som er komponert på førehand og skapt i augneblinken var ikkje alltid like lett å sjå. Samtidig hadde trioen eit tydeleg sterkt band seg i mellom, og nærmast utan at ein rekk å få det med seg har dei snike det heile opp på eit heilt anna nivå både i volum og intensitet. Det vitnar om eit svært konsertrert og velfungerande samspel som skulle prege resten av kvelden. Men det illustrerer også det heilt sentrale paradokset mellom eit til dels vagt uttrykk og musikarar som heilt tydeleg veit akkurat kva retning dei vil at musikken skal gå i.

Gang på gang skjedde det at alle tre nærast mediterte over Smiths finurlige komposisjonar, med enkle, ofte synkande, motiv, utan at det høyrest ut som dei har verken ynskje eller behov for å ta det vidare, men så plutseleg var musikken flytta til ein heilt anna stad, med umiddelbart meir intensitet frå Smith på slagverket, og gjerne eit kraftfult ostinat frå enten pianoet eller bratsjen, der Maneri også hadde stor nytte av oktaveringseffekt som ei slags basserstatning.

Etter at denne prosessen blei gjenteken eit par gangar blei ein som publikummar svært komfortabel med formatet og trygg på at noko nytt og spennande snart vil dukke opp. Dette formatet blei etter kvart ramma for konserten som heilskap òg, der Smith kom med stadig meir barduse og kraftfulle utbrot på trommesettet med stadig aukande intensitet gjennom settet.

Slik lukkast Smith, saman med to dyktige medspelarar, å skape musikk som fungerer heilt i sin eigen rett, utanfor føreseielege sjangerrammer.

Utan at publikum kanskje kunne sjå føre seg korleis settet skulle utvikle seg, blei heile rommet tatt med på ei deilig reise gjennom Ches Smiths komplekse musikalske univers. Det var stor grunn til å kjenne seg tilfreds etterpå, utan at ein ummidelbart forstod heilt kva ein har vore med på. Eg veit ikkje heilt korleis dei får det til, men eg veit at det ikkje kan vere enkelt.

Olav Opsvik 

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Country & Vosstern

Vi ser frem mot Vossa Jazz med Hanna Paulsberg og Ingrid Steinkopf, graver i en viss type roots-groove og lytter til Per Texas.

Meld deg på vårt nyhetsbrev