"Chromola" cover
1982
"Chromola"
Hubro

Ti år med frileik

PLATE: Trioen 1982 feirar ti år med Chromola. Få grupper klarer å søke og flyte så fritt, og samtidig skape noko så vakkert.

Trommeslagaren Øyvind Skarbø er ein av dei mest skamlause og frisinna eg veit om, både i hans tilnærming til improvisasjon generelt, og ikkje minst med omsyn til sjangerkonvensjonar. Då er det ikkje rart at han tidleg i karrieren blei trekt mot felespelar Nils Økland – eit møte som førte fram til trioen 1982, som også inkluderer (trø)organist Sigbjørn Apeland. Saman har dei skapt eit heilt unikt uttrykk som stadig er i utvikling.

No feirar trioen ti år med si sjette utgjeving, Chromola. Albumet er spelt inn i Sandviken kirke i Bergen, og med unnatak av siste sporet har Apeland heldt seg til kyrkjeorgelet. Kombinasjonen av hardingfele, trommer og trøorgel skapar ein unik signatur heilt av seg sjølv, og ein skulle kanskje tru at overgangen til eit stort kyrkjeorgel ville endre ganske vesentleg for dette.

Men kyrkjeorgelet er litt som ein synthesizer: Der er endelause moglegheiter og ein kan skape akkurat den lyden ein vil. Difor har ikkje dette ført til ei dramatisk brytning med uttrykket til 1982, og fokuset i lyttinga vert heller prega av stadig nye overraskingar knyta til dei små, sofistikerte vridingane han skapar med instrumentet.

Resultatet er verken traust salmeaktig spel eller storslagne, rocka passasjer. Apeland presenterer ein serie, små, trillande utbrot over drone-aktige klangtepper, pipepust og glissandoar, medan Økland improviserer fram ei rekkje små, tiltalande motiv på både hardingfele og fiolin. Skarbø vekslar mellom tunge, pulserande rytmer og meir utbasunerande slag på trommesettet, og spelar heilt tydeleg ei like sentral rolle for heilskapen som dei to andre.

Tidvis kan dei meir abstrakte passasjane minne om meir typisk samtids- og improvisasjonsmusikk, utan at det gjer det mindre interessant, men det mest slåande er kor vakker musikk dei klarar å skape saman. I eit landskap som i både byrjing og slutt er ganske abstrakt dukkar der opp fantastiske, små motiv og harmoniske klangtepper i konstant rørsle. Det munnar ikkje ut i konkrete låtar, men likevel framstår dei sju spora til saman som eit distinkt verk.

Referansemessig er det verkeleg umogleg å gi ei klar plassering av 1982 (bandnamnet er forresten, ganske enkelt, Øyvind Skarbøs fødselsår), og det er sjeldan eg faktisk kan meine dette om nokon gruppe. Det er neppe hensikta for gruppa å bryte med sjangerkonvensjonar, men kanskje er det nettopp derfor det blir slik.

Med ein gang du er inne i deira landskap av idéar og påfunn vert alle knaggar fullstendig irrellevante, og musikken snakkar for seg sjølv. Å oppnå den effekten er eineståande. Men først og fremst skal du sjekke ut denne plata fordi det er uendeleg vakker musikk.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev