Thomas Strønen Time is a Blind Guide - Vinterjazz 2018: Kampenjazz, 28. januar 2018

Skogbad på Caféteateret

I Japan har dei eit ord for å “bade i skogen” – Shinrin-yoku. Korte opphold i skogen skal ha helseeffekt, meiner dei. Det var dette vi fekk oppleve på Caféteateret søndag kveld – å bade i skogen.

Thomas Strønen har gitt ut si andre plate med gruppa Time is a blind guide, Lucus. Lucus (lat.) betyr skog/heilag lund, frå det at lyset slepp til mellom trea. Strønen tykte det var eit fint bilete på denne musikken. Når ein lyttar til plata, er kanskje ikkje jazzklubb den mest nærliggande assosiasjonen. Men kva skjer med musikken i denne settinga? Han blir meir intim. Det store, opne landskapet kjem nærare. Om vi på plata blir tekne med ut i den store skogen, sit vi no inne i den vesle skogshytta og vekslar mellom lyset frå peisen og måneskinet på snøen ute. Lydbiletet knitrar meir, vi er nærare detaljane.

Gruppa framfører plata frå start til slutt, men det blir fort klart at dette uansett ikkje blir føreseieleg. Allereie på opningslåta La Bella høyrest meir konflikt, motstand. Høgfrekvente, magiske klangar glir umerkjeleg over i eit meir og meir perkussivt lydbilete. Gruppa framstår som ein organisme, der piano og stryk er like perkussive som trommene, og pianist Ayumi Tanaka har ein evne til å berøre tangentane som om det var bogen på ei fele. Når Tanaka speler, opplever eg alt ho gjer som komponert, gjennomtenkt. Aldri noko unødvendig.

Låta Fugitive places er oppkalla etter Anne Michaels sin roman der også Time is a blind guide er henta frå. Det er noko av det vakraste eg har høyrt. Fiolinist Håkon Aase, cellist Leo Svensson Sander og kontrabassist Ole Morten Vågan spelar alle med ein uendeleg rik tekstur, innimellom let det som ein heil sinfonietta. Tanaka og Strønen tek over ordet frå strykarane med ein stille samtale. Eit og eit ord. Det kjennest heilt rett.

Strønen har fleire år jobba med wolofmusikk frå vestafrika, m.a. med trommeensemblet tilknytta NMH. Desse wolofgroovane blir integrert som det mest naturlege i verda også i denne musikken. Når Strønen i introen til Baka slår energisk og intenst, tek eg meg sjølv i å tenkje; nesten rart at dette verkar så naturleg og sjølvsagt som det gjer – det ligg ei overordna ro over det heile.

Frå kvardagslege, Jarretske Wednesday til Tension (som like godt kunne vore ein folketone frå indre Nordfjord) veks det fengslande temaet Truth grows gradually. Musikk eg aldri vil forlate.
Eg kunne stappa denne teksten full av assosiasjonar til alt frå barokkmusikk, Webern, Sakamoto, folkemusikk frå kvar ein verdskrok og sjølvsagt ei mengd jazzmusikarar. Men sanninga er at dette først og fremst er originalt og inderlig. Inderlegheita er gjennomgåande for alle desse musikarane. Det er som om denne musikken betyr alt for dei her og no, og det er lett for lyttaren å bli med inn i denne verda.

Etter eit rystande pianokor av Tanaka på Weekend, vil applausen ha ekstranummer. Det blir Pipa frå førre plate. Kalla opp etter det japanske strengeinstrumentet, her imitert av Aase som nok ein gong viser sin heilt unike formidlingsevne. Det vert eit passande etterord.

Torkjell Hovland

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev