Serendip - Kulturhuset, 17. februar 2016 cover
Serendip - Kulturhuset, 17. februar 2016

FESTIVAL: Studentfestivalen Serendip starta med lettbeinte, velgjorte rytmer i eit litt for trangt rom.

på bildet over: Fieh (foto: Helge Lien)

Av Olav Opsvik

På Serendips facebookside er den årlege jazzfestivalen, arrangert av studentar og lærarar ved Norges Musikkhøgskole, skildra som «en liten bortgjemt perle». Årets arrangørar har større ambisjonar enn som så, og i tillegg til konsertar hjå Musikkhøgskolens eigne lokaler, har årets festival arrangement ved Nasjonal jazzscene, i tillegg til onsdagens opning på Kulturhuset.

Kulturhuset har eit breidt tilbod av arrangement og er ein naturleg stad å nærme seg for å nå ut til nye publikumsgrupper. Serendip hadde også gjort gode programmessige grep for høvet, med sterke, kjente og ukjente band med innslag av både r&b, neo-soul og rock, naturlegvis med jazzen godt planta i grunnvollane.

Dei to relativt ferske studentbanda I Was Before og Fieh er, saman med Trondheimsbaserte Rohey, små teikn til at neo-soul i den sløye, rytmiske tradisjonen etter føregangsmenneske som J Dilla, Questlove og Erykah Badu, kan vere i ferd med å få eit sterkare fotfeste på den norske jazzscena enn tidlegare. Slik musikk har ofte den fantastiske kombinasjonen av høg kvalitet og brei appell, men har også eit utall fallgruver.

Bushman's Revenge (foto: Helge Lien)
Bushman’s Revenge (foto: Helge Lien)

Ei typisk førestilling er at kvite (og kanskje særskild norske?) musikarar spelar for stivt og ikkje får til å groove like bra som dei afroamerikanske artistane som som regel frontar denne stilretninga, slik at det anten blir kjedeleg eller overdrivent og harry.
Slike fordommar er sjølvsagt berre vås. Dei skakke rytmene, kanskje aller best fronta siste året gjennom D’Angelos utgjeving Black Messiah, er definitivt krevjande å samkøyre, men nivået blant jazzstudentane på Norges Musikkhøgskole er meir enn høgt nok til å meistre slike utfordringar, og både I Was Before og Fieh synte seg som sterke bevis på dette onsdag kveld.
Begge band synte god sjangerforståing, og var heller ikkje redde for å setje sitt personlege preg på musikken, då dei gjerne kombinerte tunge, seige rytmer med kjappe overgangar til meir fengjande og lettbeinte, melodiøse parti.

Sjølv om eg ser fram til å høyre meir frå I Was Before, var det kanskje likevel Fieh som stod seg ut som ein favoritt denne kvelden, særskilld då dei tok musikken i ei hakket kvassare retning med frekk effektbruk og syrete klangar og arrangement som kan minne om meir frikete aktørar som Thundercat. Eg trur ein på sikt får meir interessant ut av prosjektet om ein fokuserer på denne retninga, der samtlege i bandet får utfalde seg og presse kvarandre, framfør enklare, nedstrippa og catchy refreng. Vi har ikkje bruk for eit nytt D’Sound.

Uansett lukkast begge desse med å skape svett og god stemning i det vesle siderommet på Kulturhuset onsdag kveld, og ein trengte ikkje å få inn kveldens trekkplaster og siste band ut, det godt etablerte Bushman’s Revenge, før ein merka godt at ein eller fleire partar på arrangørsida hadde undervurdert publikumspotensialet til festivalen.
Å høyre kul musikk i eit trangt, lite rom gir i byrjinga ei fin kjensle av eksklusivitet, men etter tre-fire timar går den kjensla gradvis over i klaustrofobi. Og programmet her var definitivt godt nok til å ta plass på hovudscena hjå Kulturhuset. Resten av veka held programmet fram i romslegare lokaler, og der er ingen grunn til å sitte heime.

I was Before (foto: Helge Lien)
I was Before (foto: Helge Lien)

Serendipfestivalen held fram ved Norges Musikkhøgskole 18. og 19. februar og Nasjonal Jazzscene 20. februar. Bandet Billy Meier spelte også på festivalopninga onsdag 17. februar.

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev