Jo David Meyer Lysne - Sauna Sessions SALT, 18. januar 2019

Sånn Hubro du kan sveitte til

SALT Art and Music ligg ved Operaen, rett over bukta. Bak eit enormt vindauge sit halvnakne, sveitte menneske som i går kveld lytta til gitarist Jo David Meyer Lysne.

Lysne valde nemleg konseptet Sauna Sessions som ramme for platesleppet av «Henger i Luften», utgjeve på Hubro. Musikarane, bassist Jo Berger Myhre, saksofonist (også med synth!) Karl Hjalmar Nyberg og Lysne, var plassert i kaféen under saunaen, medan lyden vart sendt ut til folket i saunaen. Eg valde som eit par andre sjeler å sitte påkledd inne i kafeen. Om Building Instrument er sånn Hubro du kan danse til, er Jo David Meyer Lysne sånn Hubro du kan sveitte til.

I 2017 kom Meyer Lysne med Duo-plata «Meander» på Øra Fonogram. Den gongen med Mats Eilertsen på kontrabass. Det vart ei sterk, varm plate der Meyer Lysne mellom anna viser seg som ein usedvanleg melodisterk gitarist. Eg håpar eg ikkje trakkar på nokre tær når eg nemner «Beyond the Missouri Sky» som ein assosiasjon her. «Henger i Luften» er meir lydmalande og …ja, musikken heng meir i lufta.
Og det er uforskamma god musikk som heng der.
Saka held fram under bildet.


Foto: Torkjell Hovland

Bordplategitaren til Jo David er preppa med alskens verkty, vifter og klyper. Ut kjem dei vakraste knirkelydar og sylskarpe sinusar. Saman med det Jan Bangske synthspelet til Nyberg og varmen frå kontrabassen teiknar dei eit landskap der du berre vil legge og drøyme. Jo Berger Myhre kom med den enorme «The Third Script» i 2017 saman med den Islandske Ólafur Björn Olafsson. På «Henger i Luften» bidreg han med noko av det same store. Men han gjer det stort ved å dyrke frekvensane over lang tid – frå det mest forsiktige, minste frø.

Jo David landar nokre klare, tydelege, reinspikka harmoniar på gitaren ut av det abstrakte klangbadet. Du høyrer det på tittelsporet «Henger i Luften”. Etterkvart kjem også små melodiar frå Nybergs syngande saksofon. Det er modig og enormt effektfullt. Voggeloopane, som på “Saktere Dager” leiar oss inn i transen, og så kjem det slike klare tema og fortel oss noko. Det vekslar heile tida.

Som på plata ligg det ein optimistisk grunntone gjennom heile konserten. Frå opningssporet “Svalene på Årnes Brygge”, til svevande og nesten smilande “Februar”. Det er så reint og klart heile tida. Men det er dei små skeivheitene, det uregelmessige i biletveven, som gjer det vakkert. Nyberg som knurvar flisa på saksofonen og perkussive slag på gitaren.
Saka held fram under bildet.


Foto: Torkjell Hovland

Konserten er ikkje lang – berre rundt 40 minutt – men det var samtidig naturleg i denne samanhengen. På plata har for eksempel det trygge temaet på “Oslo” ein funksjon som ikkje får heilt plass på sauna-konserten. – Det ble kanskje litt mer ambient her, seier Jo David etter konserten. Det var perfekt det.

Varmen og den høge luftfuktigheita på SALT gjorde utvilsomt noko med lyttinga. Vi vart slappe, tunge, slitne, nesten søvnig – men på ein god måte. Det gav ein ekstra dimensjon der det var lettare å gå inn i det musikalske rommet dei tre skapte. Ei oppleving av flyt. Eg har trua på konsertsituasjonane vekk frå scenene. Det gir publikum tilgong til situasjonar som elles inspirerer musikarar og komponistar. Dei blir ikkje inspirert av konsertsalar.

Det blir ikkje min siste saunakonsert. «Det blir en «vanlig» konsert dette», var beskjeden. Godt, tenkte eg. Det ser kanskje litt rart ut å sitte med blokka naken og sveitt. Men eg innsåg fort at denne opplevinga ikkje er fullkomen utan saunaen. Men Jo David Meyer Lysne kan eg høyre på i kva som helst slags rom – også på den tradisjonelle konsertscena. Eg gler meg til neste episode.

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Kommer det flere musikkbølger nå, går vi fra vettet

Lyse Netter-aktuelle Isak Hedtjärn fra folkjazz til punk, Europa rundt med Maria Schneider og Oslo Jazzensemble, ny norsk rockebølge presenteres på Hærverk i Parken, nytt Trondheims-storband debuterer, Eir Vatn Strøms åtte beste Bislett-minner, Gard Nilssen har ny musikk og en blogghalvdel har endelig fått kick på Jaki Byard.

JAZZPROFILEN

– Rett og slett bare utrolig givende

JAZZPROFILEN: Bassist Roger Arntzen oppsummerer 25 år med bandkolleger i Chrome Hill som utrolig givende og med fintunet kommunikasjon mellom musikerne. I anledning jubileet slipper Chrome Hill nå ny plate: - Vårt siste album inneholder mye ettertanke og melankoli, men vi har ikke sluppet helt taket på jazzrocken.

Meld deg på vårt nyhetsbrev