Tigran Hamasyan (solo) - Nasjonal jazzscene Victoria, 27.04.2017

Pianovidunder på sjølvstyr

KONSERT: Eit av dei største talenta i nyare tid, Tigran Hamasyan, imponerte på Victoria.

Allereie som 15-åring byrja den armenske pianisten Tigran Hamasyan å hauste premiar i internasjonale jazzkonkurranser, og som 19-åring kom den første plata hans som bandleiar og komponist, World Passion, med saxofonist Ben Wendel og trommeslagar Ari Hoenig med på laget.
Med andre ord var det snakk om eit sjeldant stort talent som besøkte Nasjonal jazzscene torsdag kveld. I år fyller han 30 og er aktuell med soloplata An Ancient Observer. Med utgangspunkt i denne spelte han eit solosett på ein drøy time som ville gitt dei fleste hakeslepp.

Komposisjonane til Hamasyan er både direkte og indirekte inspirert av armensk folkemusikk, med små figurar og tema presentert over modale skalaer, der hans tekniske og kreative spenn blir den viktigaste drivkrafta. På kvar einskild låt byksa Hamasyan frå det eine til det andre rytmiske underlaget og synte umiddelbart kva slags kaliber han har. Det var umogleg å ikkje late seg imponere over alt han kunne få til med pianoet, med brå vendingar og dynamiske hopp i alle retningar.
I tillegg til flygelet nytta han eit smakfullt og enkelt utval synthlydar og ikkje minst si eiga stemme til å utbrodere klanglandskapet og rytmiske effektar. Uttrykket blei både melankolsk og dramatisk, og heile vegen heldt han fast på ein pulserande driv. Til saman blei alt dette ein intens, nærast overveldande time.

Å oppleve ein så dyktig pianist på sjølvstyr er morosamt i seg sjølv, og det store mylderet av metodar og teknikkar han raste gjennom undervegs gav stor underhaldningsverdi. Der var heller ingenting å seie på hans dedikasjon og engasjement i framføringa av musikken.
Då var kanskje det einaste som drog opplevinga litt ned ei viss avgrensing i det komponerte materialet. Dei små snuttane som gav utgangspunkt for kvart einskild strekk var artige og fine, men til meditasjonar på både 10 og 15 minutt sakna eg kanskje litt fleire element i framdrifta enn ulike tekniske løysingar frå pianisten. Dramaturgien i kvar einskild komposisjon blei også litt hektisk og mangla ofte ei naturleg kurve frå start til slutt.
Denne vesle innvendinga stod likevel ikkje i vegen for ei god konsertoppleving frå ein pianist fleire i Noreg mest truleg vil få oppleve i mange ulike samanhengar i årevis framover, og fjorårets ECM-utgjeving saman med Jan Bang, Eivind Aarset og Arve Henriksen kan anbefalast til alle nyfikne medan ein ventar på neste høve til å oppleve han live.

Olav Opsvik

Fra forsiden

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Nyhet

Bestillingsverk fra Krogstad

Saksofonist Mona Krogstad vil formidle håp og ettertanke i bestillingsverket Serenity Now på Kongsberg Jazzfestival lørdag 6. juli.

Meld deg på vårt nyhetsbrev