"Towards Language" cover
Arve Henriksen
"Towards Language"
Rune Grammofon

Perfeksjonert søken

PLATE: Arve Henriksen slipar og pussar stadig på sitt eige uttrykk, og han stryk framleis lyttaren med håra.

På si siste plate, Towards Language, har Arve Henriksen igjen fått med seg samplemeister Jan Bang og landskapsarkitekt Erik Honoré. Kombinert med den distinkte stemma til gitarist Eivind Aarset, vil kjennarar raskt kunne tenkje seg kvar vegen går.

Elegante og kjølige lydlandskap bygger eit fyldig underlag for Henriksens uttrykksfulle trompetspel og sang, og til saman vert det heile ei rekkje sørgmodige og kjenslevare spor som utgjer Towards Language. Med andre ord byr ikkje første gjennomlytting på mykje nytt eller overraskande for trufaste tilhengjarar av Henriksens musikk.

Det heile verkar heller enno meir finslipt og minimalistisk enn før. Det er kanskje eit resultat av opptaksprosessen, som er gjort live i studio. I etterkant har dei gjort eit pertentleg utval for å skape albumet, der Bangs utplukka samples og resirkulering av samspelet framstår saumlaus og perfeksjonert, medan Henriksens uttrykk gir ei stadig sterkare konsistent kjensle. Bidraga frå Honoré og Aarset skapar den naudsynte fylden der det trengs, medan alle fire balanserer godt mellom å skape rom og ta sin plass undervegs.

Medan plata har fått tittelen Towards Language, sit ein helller igjen med inntrykket av sterke og erfarne musikarar som for lengst har funne si uttrykksform og sitt språk. Samtidig er det tydeleg at dei stadig pussar, slipar og jobbar mot eit slags abstrakt, langsiktig mål. Sjølv om det er elegant og kjennast perfeksjonert, har ikkje denne kvartetten gitt opp sin søken.

Som lyttar sit ein likevel trygt og silkemjukt innepakka i Henriksens bølgjer av lengselsfull og melankolske lydtepper. Og det er unekteleg ei svært god kjensle. Mellom dei velgjorte komposisjonane av samples, gitarloops, synthar og effektar skapar Henriksen sjølv det som trengs av smerte og sårheit, og forstyrrar akkurat nok til å gjere det så engasjerande det må vere.

I mellom det mjuke er der akkurat nok mørkre, og Henriksens ferd mot sitt eige språk er framleis verd å følgje med på.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Slåtter i livets toneart

Kjetil Jerve presenterer en ny trio og har vært på Stevie Wonder. Det samme har pianist og DJ Tilla Gaasø vært. Mens Karl Seglem gir ut egen notebok og LP med tenorsaxslåttar.

Nyhet

Ny festivalsjef på Kongsberg

Lars Ljosland blir ny sjef på Kongsberg Jazzfestival. – Med Lars får vi en festivalsjef som kjenner musikken, festivalen og Kongsberg. Det er en kombinasjon som gir oss et svært godt utgangspunkt for framtiden, sier styreleder Tommy Hvidsten.

Meld deg på vårt nyhetsbrev