Tore Brunborg Kvartett - Nasjonal jazzscene, 16. februar 2017

Myndig minimalisme

KONSERT: Med kjenslevar og gjennomført eleganse skapte gjestepianist Bugge Wesseltoft og Tore Brunborg Kvartett stor fallhøgde for seg sjølv.

Tore Brunborg var ein av dei aller første som studerte ved jazzlinja i Trondheim, og har sidan den gang vore ein sentral skikkelse. Eg treng vel neppe seie noko meir enn Masqualero før folk ser teikninga. Sjølv har eg set like stor pris på Brunborgs musikalske bidrag i nyare tid, og då kanskje særskilt i samarbeid med Tord Gustavsen, anten som duo eller i sistnemnte sin kvartett.
Som komponist og bandleiar har Brunborg også mange av dei kvalitetane som kjenneteiknar Gustavsen, og nettopp det synte seg raskt då han spelte med sin eigen kvartett og gjestepianist Bugge Wesseltoft på Nasjonal Jazzscene torsdag kveld.

Den islandske gitaristen Hilmar Jensson innleia det heile med ein drone-aktig intro som bygde seg langsamt opp mot meir intensitet. Ingen av dei andre på scena hadde nokon hast med å slenge seg med, men etter kvart slo rytmeseksjonen inn med ein tung, rolig groove. Ein kan neppe be om ein meir stødig grunnmur enn Per Oddvar Johansen på trommer og Steinar Raknes på bass. Saman med Wesseltoft skapte dei ei sterk atmosfære der nærast ingen overflødige tonar blei framført.
Med det utgangspunktet var det berre for Brunborg å krone verket med ein djup og klår tone. Melodiane og strukturane er så enkle, men likevel ekstremt effektfulle, og totalt sett skapte gruppa ei sterk kjensle av symmetri og kontroll. Slik gjekk det låt etter låt, og Brunborg har lukkast godt med å skape ein kollektiv filosofi som gjer at den samme kjensla av eleganse og autoritet gjekk igjen hjå alle saman, heile vegen, sjølv under frie, meir støyprega improparti.
Sjølv om det var minimalistisk og kontrollert, var det ikkje snakk om kjøleg eleganse, men eit kjenslevart ensemble der kvar einaste sving og vesle auke i intensitet kjennast gjennomtenkt og omsynsfullt.

Den tryggleiken gruppa skapte hjå meg som tilhøyrar gav også stor fallhøgde, og difor var der ein eller to gongar eg reagerte sterkare enn eg elles ville gjort på enkel eksperimentering, slik som då Brunborg prøvde seg litt med kunstig harmoniseringseffekt på saxofonen, eller då Wesseltoft slo til med ein lyd frå sin synth som kjentest litt for, vel, syntetisk.
Dette var likevel berre små glimt i to sett med velklingane og gjennomført jazzmusikk. Perfeksjonismen Brunborg står for kan minne om slik ein ser hjå dei argaste pop-produsentane som skrellar av lag for lag til å finne den perfekte, mest effektive strukturen. Å meistre slik kunst kombinert med fritt samspel og improvisasjon er imponerande, og resulterer i behageleg, rik musikk.

Olav Opsvik

Fra forsiden

JAZZPROFILEN

Kaffeslabberas hos Jazzfluenseren

JAZZPROFILEN: - Det er jo helt fascinerende hva folk driver på med, og hva slags tanker de har om sin utøving. Alle har jo sin egen måte å tråkle seg gjennom kunstnerskapet sitt, forteller den selvutnevnte jazzfluenseren Jørn Erik Ahlsen Alkanger. Ved et lite kjøkkenbord på Nesodden samtaler han med andre musikere om kunsten og om livet, som publiseres annenhver uke i podkast-serien Jazzfluenseren.

Nyhet

Over 60 musikkaktører har signert opprop mot NRK

NRK har varslet store endringer i musikktilbudet, og musikklivet er bekymret for om NRK ivaretar sitt samfunnsoppdrag. Over 60 musikkaktører inkludert Den Norske Opera & Ballett, Dirigentløftet, Creo, Norsk jazzforum og Norges Musikkorps Forbund har nå signert et opprop mot endringene.

Meld deg på vårt nyhetsbrev