Derek Gripper - Oslo World, Nasjonal jazzscene, 1. november 2017

Meisterleg og gripande

Som mange andre gitaristar har Sør-Afrikanske Derek Gripper late frustrasjonen over instrumentet sine avgrensingar opne dører inn i heilt nye dimensjonar. Resultatet gir bakoversveis.

Allereie før han fordjupa seg og byrja å imitere den vest-afrikanske koraen i 2009 var Derek Gripper ein grenseoverskridande komponist og gitarist. Han har klassisk bakgrunn, men har late seg inspirere like mykje av indisk og brasiliansk musikk som Bach, Messiaen eller Steve Reich. Og skriv like uanstrengt for Kronos kvartetten som for jazztrompetist Alex van Heerden.
Likevel er det kanskje linjene, tropene og komposisjonane for kora, eit instrument med 21 strengar og ein lang, lang tradisjon bak seg, framført på ein enkel, nylonstrengsgitar som hever flest augebryn.

Slik var det også under Oslo World-konserten hjå Nasjonal Jazzscene onsdag kveld. Vi fekk rett nok høyre ei fantastisk tolking av ei Bach-fuge, samt ein tur innom Brasilianske Egberto Gismonti og Sør-Afrikanske Madosini Mpahleni, og alt saman var heilt strålande. Men allareie frå byrjinga blei eg umiddelbart enormt fasinert då han leikande lett lot dei mest komplekse kora-linjene flyge over gitarhalsen.
Heldigvis var det ikkje berre det utruleg imponerande, tekniske aspektet som imponerte meg og resten av den fullsette salen. Reint tradisjonsmessig har Gripper etter mitt syn fanga opp essensen av stilen til sine vest-afrikanske kjelder, der den viktigaste er Toumani Diabate. Komposisjonane og stilen balanserer mellom eit enkelt harmonisk, men likevel melankolsk uttrykk, med ein gyngande puls og svært dynamiske formkurver, der dei virtouse linjene plutseleg bryt fram over dei minimalistiske basslinjene.

Gripper synte stor formidlingsevne og eit gripande engasjement i sine framføringar av musikken. Samtidig har det vore ein rettferdig bytehandel: Gripper har opna dører for generasjonar av gitaristar framover, men tilfører også kora-musikken mykje verdi med sine elegante tolkingar.

 

Fra forsiden

Kongsberg Jazzfestival - torsdag 3. juli 2025

Rikt og mettende

FESTIVAL: En lang festivaldag innfrir med utsøkte innslag.

Kongsberg Jazzfestival - onsdag 2. juli 2025

Hyllest og gjenfødelse

FESRIVAL: Åpningsdagen på Kongsberg byr på øyeblikk av god størrelse og mening.

Meld deg på vårt nyhetsbrev