Susanna - Oslo Jazzfestival, Nasjonal jazzscene, 19. august 2016 cover
Susanna - Oslo Jazzfestival, Nasjonal jazzscene, 19. august 2016

FESTIVAL: Susanna lagar vakker, storslått og mørk musikk. For stor for Nasjonal jazzscene.

foto: Jan Petter Dahlgren Asenjo/Oslo jazzfestival

Susanna Wallumrød er ein sterk utøvar og låtskrivar, og hennar siste plate, Triangle, er på ingen måte ein lettvektar. «Musikk for tapte sjeler», blei det introdusert som rett før ho og resten av bandet gjekk på scena. Ikkje den typiske settingen for helgas første glas raudvin, kanskje, men det nær fullsette rommet på Nasjonal Jazzscene tok godt i mot.

Med mørke, kvasse synthtonar og Susannas klokkeklare, forførande stemme stemte ho i med opningsorda «Nothing is holy (…) Nothing is sacred». Dei av oss som hadde sjekka ut albumet på førehand kunne ane kva vi hadde i vente, men liveversjonen av Susanna, med god hjelp frå bror Fredrik Wallumrød på trommer, Jo Berger Myhre på bass, Helge Sten på gitar og elektronikk og Andreas Löwe på synthar og elektronikk, er hakket meir energisk og storslått.
Saken fortsetter under bildet.

Susanna med band. (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)
Susanna med band. (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)

Det er jo både eit naturleg og klokt grep, å spele med noko større bokstavar på ei scene. Støyen og dei elektroniske effektane frå samtlege utøvarar, inkludert Susanna sjølv, var meir påtrengande og basstunge. Og ikkje minst kom stemma til Susanna rett inn i hjernebarken som ein kniv medan lydlandskapet vaks seg større og meir og meir overveldande rundt henne. Når kom til den litt meir fengjande «Hole» var det deilig forløysande.

Ikkje lenge etter den låta slo det meg likevel at musikken ikkje fekk nok pusterom i den gamle teatersalen som er Nasjonal Jazzscene, og det intense og overveldande lydbiletet verka skapte ei stadig aukande klaustrofobisk kjensle. Eg har ikkje tenkt å gå inn i ein lengre «er det jazz?»-diskusjon her, det har Susanna vore borti før, men den synthtunge, skumle musikken til Susanna fortener eit større rom enn den fekk tildelt av Oslojazz, for dette er musikk som skal spelast høgt og der publikum òg bør ha høve til å røre seg.

Dette er sjølvsagt ikkje Susanna sin feil, og Wallumrød og resten av bandet gjennomførte eit knallsterkt, effektivt sett. Og sjølv om dei fulgte oppbygginga på Triangle ganske tett, var det i aller høgste grad ei levande gruppe med synlege enkeltutøvarar. Høgdepunkta var definitivt låtane med mest tempo og elektronikk, men desse er også avhengig av dei rolegare piano og vokal partia som kjem i mellom. Det mest imponerande her var den saumlause og naturlege kombinasjonen av heilakustisk og tung, elektronisk musikk.

Kort fortalt skriv Susanna låtar og tekster som gir sterke inntrykk, og konserten gjorde meir enn å berre leve opp til albumet, den formidla kunsten betydeleg sterkare. Neste gang vil eg ha det i eit rom som toler trykket.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Når Anna-Eva Bergmans lys blir til lyd

Skjæringspunktets favorittbassist Adrian Myhr solodebuterer, musikk og kunst-spesial med Sigrid Aftret om Anna-Eva Bergman og Kim Myhr om Mark Rothko, Gard Nilssen plukker Brian Blade-favoritter, Phil Minton lager workshop på Nesodden, Audun Vinger er på psych-kjøret mens Joel Ring og Girl Talk gir ut gode plater.

Nyhet

Stiller ut 60 år med festivalhistorie

I sommer markerte Kongsberg Jazzfestival 60 år. I oktober åpner festivalen utstilling i Oslo med historiske plakater og andre trykksaker, et utvalg filmer og fotografier samt nylig digitaliserte opptak av legendariske konserter.

Meld deg på vårt nyhetsbrev