Dølajazz - lørdag 19. oktober 2019

Ly på Dølajazz

– Vi driv med innehaldning, ikkje underhaldning, sa Carsten Dahl. Laurdag gav musikken Dølajazz-publikum ly frå det sure regnveret på utsida.

Det skal Dølajazz ha – dei er førebiletleg flinke til å presentere lokale musikarar. Ein av Lillehamringane, Audun Barsten Johnsen, vann Dølajazz sin talentpris under opningskonserten i fjor. Han inviterte laurdag føremiddag publikum inn i stova si. Iallefall kjendest Café Stift slik ut då Audun spelte songane som har betydd noko for han gjennom sin musikalske oppvekst. Eigne låtar, Radiohead-låta “High and dry”, og “Jazzballong – ei låt av Helge Lien, som eg lærte av Espen Berg.” Linjene frå desse mentorane var lett å høyre i spelet hans.
Det vart ei spesielt koseleg stund i kafeen, også mykje på grunn av Barsten Johnsen sitt humoristiske prat mellom låtane. Ekstra fint var det då Audun song. Eit enkelt klaver og ei enkel mannsstemme. Meir av det, Audun!


Audun Barsten Johnsen. Foto: Torkjell Hovland

Neste Lillehamring ut, Jo Skaansar, har ni år etter Den blåaste natt kome med oppfylgjaren Fange av mi tid. Også denne gongen har han samarbeida med Edvard Hoem om låtane, men har i tillegg med seg barndomsven Eivind Sudmann Larsen tekstforfattar. Dette er songar – melodiane og harmoniseringane til Skaansar står sterkt aleine. Skaansar har lagt ved kode til nedlasting av notane med plata slik at du kan spele dei sjølv heime – det passar dei godt til.

Jo hadde fått med drømmelaget, som han sa: vokalist Ine Hoem, pianist Helge Lien, trommeslagar Håkon Mjaaseth Johansen, og gitarist Oddrun Lilja Jonsdottir. Dei gjer songane til Skaansar komplette, og gjennom dei små innsmetta av soloar frå Lien får vi lov å undre oss over tekstane.


Jo Skaansar med drømmelaget. Foto: Torkjell Hovland

Låta “Ly”, som også opnar plata, er ei deilig skamlaus sentimental ballade som ein lett kan lulle seg inn i. Den gjekk på repeat på toget heim. Eit anna høgdepunkt er det Skaansar gjer med Tor Ulven-teksta “Dette huset”, med ein fascinerande melodi. Men det er spesielt Edvard Hoem sin “sound” som passar Skaansar sin sound perfekt.

ECM har valgt Trygve Seim Ensemble si 2010-plate Different Rivers som ei av sine 50 referanseverk gjennom 50 år. Trygve Seim er ein av dei som skriv musikk som tek tid. Det er ei slags maksimalistisk minimalisme. Det blir stort gjennom repetisjonar og sakte vekst.
Det er fantastisk klang i ensemblet, og klangen får skinne uforstyrra heilt utan PA-anlegg i Lillehammer kyrkje. Slik høyrer vi detaljane best – klangslektskap mellom Håvard Lund sin klarinett og Frode Haltli sitt trekkspel. Eller Per Oddvar Johansen sine nystrøkne cymbalar og Hayden Powell sitt luftige trompetspel. Seim er ein meister på orkestrering.
Eit høgdepunkt er det stille stykket Per Oddvar Johansen dirigerer. Hayden Powell sitt kor her er nydeleg. Ekstranummeret i Lillehammer kyrkje er Different Rivers-slageren “Ulrikas dans”. Den er heilt spesiell!


Trygve Seim Ensemble. Foto: Torkjell Hovland

Eg gjekk faktisk ikkje med tidenes høgste forventingar inn i Kulturhuset Banken for Carsten Dahl Trinity. Eg veit ikkje om det berre var regnet som dempa forventningane. Men eg skulle ta feil. Carsten Dahl er ein fantastisk mann. Han fylte rommet med ei heilt spesiell atmosfære frå første tone, frå første ord. “Vi driv med innehaldning, ikkje underhaldning”, sa han. Typisk dansk, godt sagt.

Dansk jazzhistorie er ein del av amerikansk jazzhistorie – det er nokre parallelle linjer som gjer at det gir ekstra meining å høyre ein trio som Carsten Dahl Trinity dekonstruere “Autumn Leaves”, “You and the night and the music”, “Be my love”. Måten trioen spelar dette materiale har mykje til felles med slik Keith Jarrett Trio gjer det. Dei er så samspelte, så leikne, dei målar bilete med låtane som fargar. Heilt nye komposisjonar oppstår i dei slitne standardlåtane. Carsten Dahl spelte vekk regnet på utsida, laga eit varmt rom og fylte det med leik og filosofisk spel.

Fra forsiden

Nyhet

Ti nye fra Moldejazz

I siste programslipp fra Moldejazz finner vi størstedelen av programmet til Alexandraparken, to konserter i Domkirka og en Storyville-konsert.

Nyhet

Sært i Smeltehytta

Kongsberg Jazzfestival har programmet for årets Særingfest klart. Den mer eksperimentelle delen av festivalen byr i år på blant annet trioen SPACE, Phil Minton & Veryan Weston, Nicole Mitchell solo og Christian Wallumrød & Ingebrigt Håker Flaten.

Meld deg på vårt nyhetsbrev