Nasjonal Jazzscene - 28. januar 2016
Starlite Motel

Lovande verdspremiere

KONSERT: Den norskamerikanske kvartetten Starlite Motel gav ein tidvis forsiktig debut, men der er god grunn til å følge med vidare.

Av Olav Opsvik
(pressefoto)

Som sin første livekonsert, og starten på ein liten norgesturné som held fram i Skien, Finse og Trondheim, samla kvartetten Starlite Motel ein passe full sal på Nasjonal Jazzscene, Victoria, torsdag kveld. Saxofonist Kristoffer Berre Alberts, trommeslagar Gard Nilssen og bassist Ingebrigt Håker Flaten er forlokkande namn i seg sjølv, men denne gangen var truleg Jamie Saft namnet som vekka mest nyfikne.

Den amerikanske tangent-traktøren og multi-instrumentalisten har lang erfaring frå jazz og avant-gardescena i New York og namn som til dømes John Zorn, Steve Swallow og Dave Douglas dukkar fort opp. Med Starlite Motel har han ein stor rigg med hammondorgel, rhodes, synth og lapsteel, og han fekk god bruk for det aller meste torsdag kveld.

Instrumenteringa til Saft, i tillegg til at Håker Flaten kun brukte el-bass, skapte eit utprega retrorock- og psykedelia-lydbilete, og det skapar ein del rammer i seg sjølv, men utover dette var det tydeleg at ingenting var planlagt på førehand.

Slik som det av og til kan vere med fri improvisasjon brukte også Starlite Motel tidvis ein del tid på å samle seg om ei retning, slik at nokre lengre passasjer i stor grad dreia seg om å forsiktig utforske ulike idéar for alle fire, utan at dynamikken eller den overordna strukturen endra seg noko særskild.

Innimellom førte dette til fine dialogar og utveksling av idéar på tvers av gruppa, i ulike konstellasjonar mellom dei fire, men samtidig gir eit slikt rocka lydbilete, med mykje feedback, reverb og vreng i både rhodes og bass, lite rom for klanglege nyansar, og soleis blei desse segmenta også ofte litt for preglause. Sett på spissen kjente eg på at slik instrumentering krever noko større bokstavar for å skape meining.

Og heldigvis blei det pensla med større og større strøk undervegs også denne kvelden. Saft er definitivt ein kreativ og spennande musikar, med svært variert spel og mange artige påfunn, både på rhodes, orgel og lapsteel. Aller best var det når han delte merksemda med Alberts, og dei to bytta på og delte scenegolvet medan dei stadig auka energinivået for den andre.

Likevel var det nok duoen i rytmeseksjonen som var det mest gledelege denne kvelden, særskild mot slutten når Flaten fann fram til eit deilig ostinat som han dvelte ved lenge, medan Nilssen langsamt bygde opp intensiteten. Passasjane med suggererande grooves løyste seg også opp i meir kreative passasjer utan ein openberr puls, der alle fire bidrog med meir distinkte og interessante idéar frå alle fire, og mot slutten skulle eg gjerne ynskje dei vil halde fram ein time til.

Sidan dette var første konsert er det stor grunn til å tru at det er det sistnemnte ein får høyre mest av på dei komande konsertane, og eg gler meg allereie til neste besøk til hovudstaden.

Olav Opsvik 

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Kommer det flere musikkbølger nå, går vi fra vettet

Lyse Netter-aktuelle Isak Hedtjärn fra folkjazz til punk, Europa rundt med Maria Schneider og Oslo Jazzensemble, ny norsk rockebølge presenteres på Hærverk i Parken, nytt Trondheims-storband debuterer, Eir Vatn Strøms åtte beste Bislett-minner, Gard Nilssen har ny musikk og en blogghalvdel har endelig fått kick på Jaki Byard.

JAZZPROFILEN

– Rett og slett bare utrolig givende

JAZZPROFILEN: Bassist Roger Arntzen oppsummerer 25 år med bandkolleger i Chrome Hill som utrolig givende og med fintunet kommunikasjon mellom musikerne. I anledning jubileet slipper Chrome Hill nå ny plate: - Vårt siste album inneholder mye ettertanke og melankoli, men vi har ikke sluppet helt taket på jazzrocken.

Meld deg på vårt nyhetsbrev