Arcanum - Oslo Jazzfestival 2025

Kva skulle vi gjort utan Arve?

FESTIVAL: Arcanum gav publikum optimistisk musikalsk styrkedrikk, og viste oss at gjennom open leik finn du dei største musikalske mysterium.

Av Torkjell Hovland

– We are the sound painters!
Arve Henriksen presenterte Arcanum med dei fire målarane i målarfrakkar – Trygve Seim, Anders Jormin, Markku Ounaskari og Henriksen.

Dette er sterke stemmer, og musikken kjem til deg før du har gått inn i rommet. Og vi blir kanskje litt vel «seriøst» innstilt før vi går inn til eit sånt ECM-lag. Men ein Henriksen i ekstra køddent humør frir oss frå det!

Mykje av musikken gjekk i dur, og eg det er mykje vanskelegare å få poetisk djupne ut av det – ut av slike enkle, optimistiske melodiar og motiv, som aldri vart banale.
What the world needs now, tenkte eg. Jormin var sjølv innom det etter den ukrainske voggesongen «Og Khodyt Son»: – Det passar ju bra innan det här mötet som börjar om en timme.
Han viste sjølvsagt til Trump og Putin i Alaska, og det er klart at det neste dei spelte vart eit vondt lydspor til det biletet.

Foto: Elizabeth Stephenson/Oslo Jazzfestival

Denne konserten var altså likevel mest prega av ein glad og fri leik, og dei henta energien frå lufta – frå medmusikarane og publikum, og hylte begeistra ut.

Arcanum er latin og viser til noko slikt som eit mysterium etter det eg kan forstå. Og det var nettopp det desse fire spelte på – det såg liksom ut som dei sjølv vart overraska over musikken som kom til dei. Dei smilte lurt til kvarandre, og vi vart med.

Alle fire musikarane er tydelege i spelet sitt. Dei kjem med klåre musikalske utsegn, og held ikkje noko tilbake. Likevel er det ingen som dominerer – det er den perfekte balanse mellom å lytte og å uttrykke.


Trygve Seim og Anders Jormin. Foto: Elizabeth Stephenson/Oslo Jazzfestival

Jormin og Seim passar så uendeleg godt i lag. Begge to kan skildrast slik: det er enkelt, virtuost og enkelt, poetisk. Begge kan spele heftige tekniske linjer, som vi høyrer som den enklaste melodi. Det er musikalsk poesi på sitt beste, fri frå noko som kan kallast pretensiøst.

Det musikalske uttrykket spenner vidt. På eit tidspunkt er det antydningar til Wayne Shorter sin siste kvartett – med Brian Blade, Danilo Pérez og John Patitucci – ei referanse eg verkeleg ikkje hadde gjetta på førehand. Dei voldsomme utbrudda til Ounaskari, Jormins presente bass-spel, og Seim så Shortersk eg sjeldan har høyrt han.

Å, DETTE vil eg ha meir av, noterer eg på blokka mi.

Ounaskari er forøvrig han som gir meg mest å bli begeistra for gjennom konserten. Eg skal vere ærleg og seie at eg trur eg så vidt har opplevd han live før – men for eit spel, då! Han minner til tider om Jon Christensen og Jack DeJohnette når han sit stille lenge før han slår til med nokre brå knockouts. Andre tider er han syngande meditativ på cymbalane. Det var rett heim å dykke i Ounaskari-katalogen.


Foto: Elizabeth Stephenson/Oslo Jazzfestival

Eit anna sterkt augeblikk blir det når Jormin tileignar ein improvisasjon til Bjørn Kjellemyr som nyleg gjekk bort. I improvisasjonen tek Jormin med seg dei djupe, varme tonane til Bjørn. Det var iallefall dei eg lytta etter.

Konserten vart avslutta med at Arve Henriksen i løpet av ekstranummeret drog ut hyl og skrik av oss i publikum, som på grunn av at det er akkurat Arve, vart naturleg befriande – og ikkje kleint i det heile tatt! (Eg meiner det, altså! Eg er ikkje ironisk!). Dei koste seg jo så mykje på scenen, at eg trur alle som sat i salen, eigentleg hadde ønskt seg å få bli med lenge.

Og til slutt – det er grenser for kor ofte eg skal skrive det altså, men eg gjer det igjen – den der festsalen på Munch kunne vore eit kulturhus kvar som helst i landet. Det er eit forferdelig lite inspirerande rom. Kudos likevel til den som styrte lyset, som gjorde ein sterk jobb for å lage liv i den svarte boksen!

Fra forsiden

Liv Andrea Hauge Trio - Victoria, Nasjonal jazzscene - 12.september 2025

Hygge med Hauge

KONSERT: Pianojazzen spilles varm av Liv Andrea Hauge Trio.

Now's the time

NTT: Kringkasting eller kullkasting?

Mats Borch Bugge og Jazzklubbens Karen Frivik om statskanalens nedleggelse av seks musikkprogrammer, bassist Kertu Aer er overalt, Jon Hagene ser på en kinoaktuell jazzdokumentar og vi inviterer til livearrangement om jazzen, byen og landet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev