"Kyūbi" cover
Jinchūriki
"Kyūbi"
Nakama Records 2016

Intense samtalar

PLATE: Våre mest lovande jazzfiolinistar har slått seg saman og skapt ein intens serie av feledialogar.

Sjølv om der ikkje renn over av dei, er nok arbeidsmarknaden for jazzfiolinistar ikkje noko som går av seg sjølve. Kanskje er det difor dei som slår seg opp på den greina har så markante og sterke stemmer?

Ironisk nok er det vanskeleg å skilje stemmene frå kvarandre på Kyūbi, debutplata til duoen Jinchūriki, som består av Adrian Løseth Waade og Håkon Aase. Som de truleg har forstått er dei begge to unge, lovande jazzfiolinistar, som allereie har gjort seg synlege i fleire ulike konstellasjonar, både med jamnaldringar og eldre, noko meir etablerte jazzmusikarar. Ein kan til dømes nemne Eyolf Dales Wolf Valley for Waade, medan Aase har gjort fleire konsertar i bandet til Mathias Eick.

I slike samanhengar er det gjerne deira virtouse side og melodiske teft som gjer at dei kan hevde seg. Som Jinchūriki har dei eit ganske anna fokus. Formatet er truleg velkjent for eit impro-publikum, med korte snuttar som nærast kan minne om noko abstrakte etyder, der ulike sidar av instrumentets eigenskapar vert utforska. Eg kan godt tenkje meg at dette er ganske stimulerande for to fiolinistar å gjere i samarbeid på denne måten.
Samtidig er her andre aspekt ein fiolinens eigenskapar i seg sjølv som er vel så relevante når me lyttar til Kyūbi. Ulike klanglandskap, talemåtar og uttrykk kjem fram og det uttrykksmessige står fint saman med snåle titlar som «Tutub», «Hulusheng» og «Å ligne på andre ting». Forresten, sjølv om presseteksten er formell og kanskje litt stiv, slik som mykje anna vi får levert frå det framleis ferske japan-inspirerte Nakama records, er det jo litt artig at både bandnamn og platetittel er henta frå den populære anime-serien Naruto.

Det fortel litt om denne duoen, som begge to er lyttande og svært dyktige musikarar – med særskild godt lynne og humør. Når du har tatt deg eit par runder med alt som foregår på til dømes «Tutup» trur eg du kan høyre dette. Gjennom heile Kyūbi er der ein levande og kvikk dialog. Mange av stemningane som dukkar opp undervegs kan vere både intense og relativt mørke, men det er i dialogen kjerna i musikken ligg, og den er altid enormt responsiv og leiken.
Det resulterer mest i spretne, morosame ting som til dømes «Binary Walts», men også vakre klanglandskap som «Dawn of Man», som er ein av svært dei få litt lengre låtar. «Dawn of Man» bygger seg gradvis opp mot stadig meir intense bølgjer av lyd, og det er både vakkert og påtrengande. Eg skulle gjerne hatt meir av akkurat den retninga gjennom den drøye halvtimen plata varer, men med Kyūbi viser Jinchūriki seg uansett som ein duo å sjå opp for.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev