Tord Gustavsen, Simin Tander og Jarle Vespestad - Cosmopolite, Vinterjazz 4. februar 2016

Inderleg og skamlaust

KONSERT: Tord Gustavsens nye trio balanserer hårfint mellom inderleg, vakker fortolkning og noko nærast parodisk og pompøst. Og han gjer det med stil.

Av Olav Opsvik
Foto: Tore Sætre

Torsdag kveld gjorde eg den tabba å kome for seint til ein Tord Gustavsen-konsert. Det var ikkje snakk om mange minutt eg gjekk glipp av, men i det eg vandra inn i salen på Cosmopolite medan hans nye trio, med faste makker Jarle Vespestad (det var faktisk deira konsert nr. 500 saman, ikkje medrekna jobbar som komp for Silje Nergaard) og den afghansk-tyske sangerinna Simin Tander, var det som å brase inn til i eit rom der noko heller intimt går føre seg. Til trass for at det var ganske så full sal på Cosmopolite denne kvelden, lukkast trioen raskt med å vekke sterke kjensler og skape eit lite, nært rom, heilt usjenert.

For meg som kom nokre minutt for seint inn i dette intense samspelet mellom trioen og publikum, var det ein omstillingsprosess, som ein helst skulle hatt nokre minutt til å gå gjennom rett før konserten tek til. Det gjorde det ikkje betre at eg kom rett frå ein debatt om Harald Eia og den såkalla «ironigenerasjonen» han har fått æra av å initiere, ein debatt som naturlegvis hadde ein heil del ironi og humor over seg.

Gustavsen er sjølv berre nokre år yngre enn Eia, men kan neppe seiast å representere den samme tankeretninga. Med hjelp frå syntesiserte effektar for å forsterke klangen og bidra med djupe, rungande basstonar, i tillegg til at Vespestads basstromme var godt skrudd opp, skapte dei storslåtte og intense versjonar av kjente norske salmar som «Med Jesus vil eg fara» og «Eg veit i himmelrik ei borg». Simin Tander sang med djup konsentrasjon og eit sterkt, kjenslevart nærvære. Dei få gangane Gustavsen sa noko mellom låtane, gjorde han det med si sedvanlege lågmelte og nærast sensuelle stemme, og snakka om store tema som «det guddommelige inni oss».

Med andre ord var der ikkje eit snev av ironisk distanse. Gustavsen gjer eit heilt ærleg angrep på store og djupe tema, med eit musikalsk uttrykk som står i stil med tematikken. På sitt beste – og det er som regel på sitt beste – er det stilfullt og smakfullt gjennomført, med detaljrikt og lekkert samspel mellom Gustavsen og Vespestad, medan Tander synte eit stort register både teknisk og uttrykksmessig, og formidla sterkt innhaldet i salmane og dikta som blei brukt, anten ho sang på engelsk eller pashto, som verken eg eller brorparten av publikum kunne forstå.

Ei ny låt, som ikkje er å finne på den nye plata What was said, bikka likevel over i ein litt for enkel leik med groove, som minna meir om posering enn det intime og kjenslevare som prega resten av konserten. Effektbruken til Gustavsen er stort sett gjennomført veldig lekkert, men på eit punkt blei syntheffektane over eit virtous pianokor i lyst register også tatt litt for langt, og uttrykket blei med eitt veldig datert, som om dette var brife-fusion frå tidleg åttital.

Dette var heldigvis unnatak i ein elles sterk og deilig gjennomført konsert, som fungerte aller best når dei jobba lagvis med klangflater og tok seg tid til å dvele ved essensen i kvar einskild låt. Det forsterka lydbiletet på Cosmopolite gjorde seg godt, og skapte den ekstra spissen det ikkje hadde fått til dømes i ei klangrik kyrkje, og slik lukkast også Gustavsen med å ta det sakrale ned til det personlege.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Ukas Jazzprofil

UKAS JAZZPROFIL: Iver Christopher Cardas

Gitarist Iver Christopher Cardas stakk nylig av med førsteprisen i Jarek Śmietana Jazz Guitar Competition i Krakow. Denne høsten flyttet han til New York og startet studier ved prestisjetunge Manhattan School of Music.

Nyheter

Debatt og samtale om unge kunstneres hverdag

Torsdag 2. desember skal samtaleserien SAMT undersøke hvordan unge kunstneres hverdag og yrkesliv ser ut etter pandemien. I panelet sitter blant annet unge musikere og komponister og kulturbyråden i Oslo. Arrangør er nyMusikk i samarbeid med Norsk jazzforum.

Meld deg på vårt nyhetsbrev