The Oslo Jazz Festival Orchestra - Oslo Jazzfestival, Nasjonal jazzscene, 19. august 2016 cover
The Oslo Jazz Festival Orchestra - Oslo Jazzfestival, Nasjonal jazzscene, 19. august 2016

FESTIVAL: Oslo Jazzfestivals eige orkester er ei fantastisk samansetting av musikarar og gav ein fin konsert for ein stappfull sal ved Nasjonal Jazzscene. Likevel er der god grunn til å stille spørsmål ved heile konseptet.

Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival

I høve 30-årsjubileet har Oslo Jazzfestival sett saman sin eigen kvintett og gitt den namnet The Oslo Jazz Festival Orchestra, beståande av pianist Jon Balke, saksofonist Trygve Seim, trompetist Mathias Eick, trommeslagar Gard Nilssen og bassist Ellen Andrea Wang. Dei som kjenner namna over vil nok raskt tenke ordet «supergruppe». Det er liten tvil om at merittlista samla sett er ganske enorm her, sjølv yngstemann Wang har kome svært langt på hennar relativt få år i bransjen, og dessutan er det svært givande å sjå ungt, friskt blod i samspel med erfarne utøvarar som Jon Balke.

Før dei tok laust på Oslo Jazzfestival fredag kveld har dei allereie turnért i Europa, og fekk sin debut som gruppe på sjølvaste Ronnie Scott’s i London. Men konserten på Nasjonal Jazzscene bar likevel preg av at dette er ei relativt kunstig samansett gruppe.

Dei byrja forsiktig med ein komposisjon av Seim. Den melankolske, nordiske stemniga var raskt på plass, slik det gjerne blir med kombinasjonen av dei luftige klangane frå Seim og Eick, men opninga kjennest likevel ganske anonym. Neste låt, «Hymne» av Mathias Eick, der komponisten også leita fram falsetten, hadde litt sterkare karakter, men gav heller ikkje bakoversveis.
Saken fortsetter under bildet.

The Oslo Jazzfestival Orchestra (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)
The Oslo Jazzfestival Orchestra (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)

Når Wang og Balke melder seg som komponistar med «Farris» og «Popsong» blei det litt meir fart i sakene, og særleg Nilssen løsna opp og slo hardare frå seg. Derifrå og ut tok det seg meir og meir opp, og gruppa hadde lagt opp ei smart setliste med dei sterkaste låtane til slutt. Særleg Balkes komposisjonar skapte dynamikk og artige utvekslingar mellom musikarane på scena.

Samtidig var ikkje ansvaret heilt jamnt fordelt mellom utøvarane, og Balke og Nilssen stod for svært mykje av energien på scena. Begge to leverte imponerande og engasjerande spel, men det var ikkje nok til å skape ein fullkomen konsert, og ofte kjentes det som Nilssen drog mesteparten av lasset åleine.

Det er ikkje tvil om at alle desse er storarta musikarar med stor respekt for kvarandre, og til dømes Balke og Eick har spelt mykje saman, utan at eg er sikker på om det var ein fordel eller ei ulempe i denne samanhengen. På Nasjonal Jazzscene var der både glimt og lengre strekk av sterke komposisjonar og stor musikalitet, men det var likevel tydeleg at dette er ei gruppe sett saman ovanfrå og ned, utan ei klår retning, identitet eller eit føremål.

Nye musikalske møter er fint, og jazzfestivalar er ein god arena for dette, men det er nok betre om initiativet og samansettinga kjem frå ein kunstnar enn frå eit festivalstyre. Problemet med «supergrupper» er at utøvarane ofte er meir supre i andre samanhengar.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev