Oslo Jazzfestival 2025, Åpningskonsert: Joshua Redman, Trondheim Jazzorkester & Eirik Hegdal

Fy fela!

FESTIVAL: Det var ikkje superstjerna, men supervikaren som gjorde eit stappfullt Cosmopolite elektrisk under opninga av årets Oslojazz.

Av Torkjell Hovland

– Godtfolk!
Sjølv om det var litt forvirrande at hovudstadsfestivalen opna med dialekta til tidlegare Vossa Jazz-sjef Trude Storheim, så fekk den nye statssekretæren for Kulturminister Lubna Jaffery satt litt høgtidsstemning med store, men sanne, ord om kor viktig det er å møtast. Festivalsjef Line Juul fortalde dessutan om utselde konsertar og venteliste(!) til å vere frivillig. Og kanskje det siste er det mest gledelege å legge merke til når ein elles høyrer at det er vanskelegare og vanskelegare å få tak i frivillige hender i forhold til før.Joshua Redman er årets festivalartist på Oslojazz, og med Redman-passet er det tre ganske ulike norske kontekstar du får høyre amerikanaren denne veka. Men vi feirar framleis 25-årsjubileet til Trondheim Jazzorkester, som i sitt sjette leveår møtte Joshua Redman for første gong då han i 2006 var festivalartist på Moldejazz. Dette blei den 29. konserten, og det er 2966 dagar sidan førre. Det vart mange tal for Hegdal å halde styr på i går.

I den klassiske musikken blir jo verk framført gong etter gong, og ser ein på produksjonen til Trondheim Jazzorkester er det ingen grunn til at det skulle bli med den eine gongen. Plata Triads and More kom i 2009, og vart ei viktig plate for mange i min generasjon, noko som visstnok er litt overraskande for nokre av dei medvirkande. Så i rommet var der folk som prioriterte denne konserten nettopp på grunn av kjærleiken for den plata.


Foto:  Matija Puzar/Oslo Jazzfestival

Det første som slår meg i 2025-versjonen, er at orkesteret spelar litt meir opp til Joshua sin spelestil. Det lét enkelt, tight og groovy i spelet til Ole Morten Vågan og Tor Haugerud med Redman sin første solo for kvelden. Haugerud viser «antydningens groove», og lét samspelet med Redman, Vågan og Johansen vere førande. Dei bygger opp spenninga, energien, og lyttar etter initiativ frå kvarandre som tek musikken vidare mot kicket.

Og eg blir nesten litt nervøs for om det kjem til å gå, før…nei.. der var det over. Det tok ikkje av denne gongen. Men slapp av – vi er enno i startgropa. Det er noko med å kjenne på det stappfulle rommet – kvar er musikken i lufta?

Nils Olav Johansen kjem forsiktig inn i si første runde. Men nei, det blir liksom ikkje så elektrisk her heller. Litt seinare plystrar han med gitaren, og med det kjem eit kreativt initiativ som gjer at smilet dukkar opp både i publikum og på scena.

Men det ville liksom ikkje løfte seg heilt då heller.

Før det kjem frå ei som kanskje – unnskyld uttrykket – hoppar etter Wirkola.


Tuva Halse og Øyvind Engen. Foto:  Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival

Sist gong var det Ola Kvernberg, og ein må tørre å seie at akkurat den giggen er det få som kan ta. Men fy flate – Tuva Halse! Vi ser det på ho, høyrer det – ein intensitet, ein energi og vilje til kick.
I ein improvisert duett med cellist Øyvind Engen, tek dei musikken inn i eit nytt landskap, der inspirerte Tuva fyrer opp temaet til «Country», og er klar for å bytte åttetaktarar med Joshua Redman. Ho gjer det på sin måte, med tonespråk som er henta frå eit mangfald av musikalske inspirasjonar. Og fingrane spring fortare over gripebrettet enn maratonmann Redman sprang på morgonturen. Dei lyttar seg inn i kvarandre sitt spel, spelar opp ein særs gøy musikalsk samtale.

Dette er det punktet i konserten at rommet er på sitt mest elektriske. Og eg trur at om ikkje alle i rommet kjente til Tuva Halse frå før, så gjer dei det no.

Det mest interessante denne kvelden er å høyre korleis dei andre spelar i møte med amerikanaren. Superstjerna Redman sjølv, opplevde eg som litt avmålt på denne konserten. Eg opplever hans spel ofte definert av kick, og når det aldri når det kicket, så blir spelet mindre spennande. Så eg håpar å høyre Redman blir meir på dei to andre kveldane i mindre besetningar. Redman-høgdepunktet denne kvelden er dei gongane han og bassist Vågan leikar seg.

Og ja, dei spelte også «Eroiki», men der må eg nesten melde meg sjølv som inhabil, for akkurat den låta er eg gift med – så eg fekk frysningar også her. MEN få gjerne tak i eit Jazznytt og les teksten eg skreiv om Triads and More, «Eroiki på repeat».

Fra forsiden

Nyhet

Jazz og folkefest på Toten

Fra torsdag 14. august inviterer Jazz på Skreia til fire dager med folkefest i hjertet av Østre Toten. På programmet står blant annet Ellen Andrea Wang og Hanna Paulsberg i duo, Majken Christiansens Jazz Quintet og SheBop Big Band.

Nyheter

Schemes åpner jazzhøsten i sør

I september legger Schemes Quartet ut på en omfattende turné i Agder, Vestfold og Telemark med hele ti konserter fra Flekkefjord i vest til Horten i øst. Turnéen markerer starten på høstsesongen for mange jazzklubber i regionen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev