Jon Balke – Siwan, Oslo World , Kulturkirken Jakob, 4. november 2017

Fusion med meining

Dagen etter plateslepp nummer to synte fekk Jon Balke sitt Siwan-prosjekt rammene det fortener under Oslo World.

For oss som heller heiar på det såkalla multikulturelle prosjektet, fred, kjærleik og sameksistens, er Oslo World-festivalen ei sjeldan fin veke. I år passar det også ekstra godt at festivalen går av stabelen rett før den globalt orienterte Cosmopolite scene på Torshov feirar sitt 25-års jubileum, og mannen bak, Miloud Guiderk mottok tidlegare i haust Kulturrådets ærespris.
Noko av det Guiderk kan vere mest stolt av etter sin årelange innsats, er Jon Balke sitt Siwan-prosjekt, som blei unfanga som eit bestilingsverk til Cosmopolite sitt 15-årsjubileum i 2007. Fredag 3. november blei Siwan-plate nummer to utgjeven på ECM, og dette blei feira med konsert i Kulturkirken Jakob laurdag kveld.

Den mest sentrale inspirasjonskjelda til prosjektet er Al-Andalus, perioda frå 711 til 1492 då Iberia var under muslimsk styre, men kristeleg, jødisk og islamsk religion levde side om side. Dette kjem til uttrykk først og fremst gjennom dikta Balke har henta frå denne perioda, men også klart gjennom miksen av arabisk og vestleg musikk.
Og det kunstnarlege resultatet er fantastisk. Balkes inderlege strykearrangement blei framført med stor iver av Barokksolistene, leia av Bjarte Eike. Perkusjonslaget Balke har henta fram i Helge Norbakken og iranske Pedram Khavar Zamini var ikkje mindre ekspressivt og engasjerande. Vokalist Mona Boutchebak og Derya Turkan, som spelar ein tyrkisk kemenche, gjorde det heile fullendt i sine solistroller, og det var fantastisk korleis særskild sistmente bidreg med den varme og runde klangen frå kemenchen.

Balke har gjort det meste riktig då han utforma dette prosjektet, og slik læt det også når det vert framført. Dette er fusjon og kulturmiks som inneheld, gir og skapar mykje meining.

Opp i alt det som verka så perfekt, var det soleis desto meir irriterande for meg med Balkes val av synthlyd som skulle erstatte akustisk cembalo. Den syntetiske lyden stakk seg alt for mykje ut og blei ein alt for stor distraksjon, og eg kan ikkje forstå at det kan vere vanskeleg å skaffe eit ordentleg instrument som kunne skli meir inn i lydlandskapet.
Bortsett frå dette var konserten ei stor oppleving, og rammene med Oslo World i den dialog-orienterte Jakobkyrka kjennast også svært riktig.

Olav Opsvik


Jon Balkes Siwan i Kulturkirken Jakob (foto: Jonathan Vivaas Kise/Oslo World)

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev