FESTIVAL: Overraskande høgdepunkt i nord. Noko av det ein av initiativtakarane til Bodø Jazz Open, Jan Gunnar Hoff, ville få til med jazzfestivalen, var å få byen til å swinge – heile byen.
Av Torkjell Hovland
Det er sjeldan ein kan gå frå flyet til hotellet. Men slik er det i Bodø. Så lenge du er kledd godt. Det var bikkjekaldt på ein heilt eigen måte i Bodø denne helga, med vinden som slo minusgradene i fjeset. Men sola og lyset løfta humøret betydeleg, og omgjevnadane opna sinnet for musikkopplevingar. Eg lét meg dessutan forføre av oppfatninga av Bodøfolket som ekstra humørfylt i desse Glimt-tider – men vi kan kanskje skulde jazzen også.

Apus Apus, her på Hundholmen. Foto: Eirill DeLonge/Bodø Jazz Open
For meg starta BJO med lunsjkonsert i foajeen i Stormen konserthus med gitartrioen Apus Apus. Ein varm gitarklang fylte rommet godt, med soft groove i bass og trommer – i fascinerande god lyd i det lange, rare rommet. Her var det stappfullt, både på golvet og på balkongen.
Og allereie her fekk eg ei kjensle av festivalen som litt annleis enn andre eg har besøkt. Dei fleste på lunsjkonserten var pensjonistar, kanskje ikkje så rart på ein arbeidsdag klokka 12. Men det skulle vise seg at det ikkje var den einaste godt besøkte konserten.

Jazzkafé med Marie Abelsen og Simen Neverdal. Foto: Bjørn Nikolas Rognså
Sidan gjekk eg ein tur oppom den vesle hjørnekafeen Rebell der det ikkje skulle mange til før det var tett og koseleg. Her var det duoen som kalte seg Sentimentalistene, som spelte. Elev ved musikklinja Mari Aspevold Kristiansen på klarinett, saman med lærar Karstein Djupdal ved pianoet spelte jazzstandardlåtar som «Misty» og «Four». Aspevold Kristiansen skapte med godt humør ei god atmosfære og viste musikalske tolkingar av standardlåtane. Og eg vart minna på kor ekstremt viktig det er å gi den tilliten tidleg, å få spele live ute blant folk i ordentlege rammer, på eit festivalprogram – det betyr mykje for unge, ivrige.
Og apropos god atmosfære: «Har dokker det bra? Kan dokker ikke kose dokker og spelle nå bridge eller nokka?» Bodil Niska sin lune humor gav også eit ekstra løft til konsertopplevinga på Ramsalt Hotell seinare fredagskvelden. Ein skal vere forsiktig med legende-ordet, men akkurat Niska vil eg kalle legendarisk. Ikkje minst som drivkrafta bak Bare Jazz, som eg personleg drøymte om å reise til under oppveksten, og som med sorg vart lagt ned etter pandemien.

Bodil Niska. Foto: Bjørn Nikolas Rognså/Bodø Jazz Open
Ho har ein særeigen tone i tenorsaksofonen, Niska. Ein særleg stor, luftig og mjuk klang. Det blir verkeleg ein innrøykt femtitals jazzklubb på hotellet av kvartetten. Med på fleire låtar på konserten var også amerikanske England Brooks, som har vore Bodøværing siste tjue åra. Det er sjeldan eg høyrer ei slik stemme, noterte eg meg frå første tone.

Niskas band med England Brooks i front. Foto: Eirill DeLonge/Bodø Jazz Open
Men det absolutte høgdepunktet – for heile mi festivaloppleving – kom noko overraskande på meg. Eg blei skeptisk då vi skulle få høyre ein engelsk, jazza versjon av Elias Blix sin «Barndomsminne frå Nordland», eller «Å eg veit meg eit land». Salmen som Glimt-supportarane visstnok syng før kvar kamp. Det kunne fort bli kleint, for å seie det rett ut.
Men frå første tonane frå England Brooks tenkjer eg at låta like gjerne kunne vore ei souljazz-låt frå 50-60-talet. Melodien passar ho perfekt. Ho syng den så nært og ekte, og heilt på sin måte – og det er ein av dei sjeldne gongane eg kjenner den elektriske kjensla og bevegelsen i eit publikum som i fellesskap blir rørt. Ståande applaus.
Etter soulsalmen går vegen til Hedvig Mollestad Trio på Beddingen Kulturhus. Det er voldsom energi, deilig høgt volum og trøkk. Trioen byggjer ei forventning opp mot kvart riff. Det er nok av augeblikk som får oss til å ta av i digginga. Likevel må eg seie at ut i konserten, gjorde låtmaterialet opplevinga litt flat – musikken gjekk litt i eitt.

To av tre: Hedvig Mollestad og Ellen Brekken. Foto: Eirill DeLonge/Bodø Jazz Open
På Beddingen var nok eit fåtal av dei som var på Bodil Niska rett før. Her var alderssnittet nok betydeleg lågare også, sjølv om det ikkje akkurat kan kallast ungdoms-arrangement heller. Men det var med på å vise kva ei slik bredde i programmeringa kan gi også av publikumsbredde. Mot slutten av fredagskvelden hadde det allereie teikna seg eit bilete av den viktigaste kvaliteten ved Bodø Jazz Open – Open.
Av og til har festivalar ein tydeleg vibb, gjerne fordi det er ein gjeng som arrangerer som er ein viss type festival som dei likar. Det har jo sine kvalitetar det også, men det er andre moglegheiter som opnar seg om ein legg det opp litt annleis. På dei rundt åtte konsertane eg var innom desse to dagane, var musikken variert, lokala variert, og publikum ganske forskjellig kvar gong – ulike vibbar, rett og slett.

Jazzkafé Veteranskipet MS Salten. Foto: Bjørn Nikolas Rognså/Bodø Jazz Open
Det høge talet på gratisarrangement var også viktige for denne inkluderinga av ulike publikumsgrupper. Men det aller viktigaste var måten Bodø Jazz Open samarbeida med ulike delar av musikklivet – profilerte artistar på stasleg konserthus, vidaregåande-elevar på jazzkafé, mannskor på pubben og storbandet på hotellet.

Bodø-oktetten. Foto: Bjørn Nikolas Rognså/Bodø Jazz Open
Aleksander Kostopoulos blei kanskje for dei fleste først kjent som trommisen i ISÀK, trioen med Ella Marie Hætta Isaksen. Til Lille Sal på Stormen kom han med verket Fango. I samarbeid med Scene Nord, var det både strykarar og fascinerande visuelt med levande lyskunst. Kostopoulos har eksperimentert med kunstig intelligens og lys. Her var det beats, og drøymande elektronikk i samspel med lyset – også ein stolt nordnorsk musikktradisjon.
Bodø Big Band vart etablert i 1977, altså berre året etter jubilanten Ad Lib Jazzklubb. Noverande dirigent Roger Johansen tiltrer dessutan straks som dagleg leiar ved Stormen Konserthus. I god tone med Silya, vart stemninga naturleg lun på hotellet. Eit beintight storband sprudla av energi, og det var fascinerande kor enorm stemma til Silya var trass forkjølelse og hosting mellom slaga.

Silya. Foto: Eirill DeLonge/Bodø Jazz Open
Legendene av nordnorsk reggae, Manna, avslutta helga på Beddingen for eit feststemt og ganske aldersvariert publikum. Allsong på «Vi vil ikke har mer krig», hitten «Kikerter og Ris» og ikkje minst «Konspirasjona» var perfekt i desse dokumentinnsynstider…
Gåsehuda var enorm i det Jørgen Nordeng entrar scenen i svart sjefsfrakk over hettegensaren, og det var som å sjå Busta Rhymes entre scenen med A tribe Called Quest på heimebane. Og Bodø-patriotismen på Beddingen Manna blir nok eit eksempel på at den lokale identiteten er sterkt ivareteke i Bodø Jazz Open.
Som tilreisande hadde det nok likevel vore fordelar med å ha festivalen meir komprimert, men det er godt mogleg at ein då mistar noko av det eg har løfta som det viktigaste – at det virkar som det var noko for alle til alle tidspunkt og tilhøyre gjennom veka.