NMH Eksamensfestival, Nasjonal jazzscene - 25.mai 2016 cover
NMH Eksamensfestival, Nasjonal jazzscene - 25.mai 2016

FESTIVAL: Norges musikkhøgskole er fullt av talent og hardtarbeidande, unge musikarar. Frå denne massa er der likevel nokre som stikk seg fram og har noko ekstra. To av desse takka av for eit fullstappa Victoria onsdag kveld.

Om du ikkje har vore innom Nasjonal jazzscene på Karl Johan enno denne veka har du allereie gått glipp av mange spennande konsertar. Kvar dag i to veker kan ein oppleve eksamenskandidatar frå studieretningar relatert til jazz, improvisasjon og elektronisk musikk ved Norges musikkhøgskole.
Spennet og mangfaldet er stort, og nokre har naturlegvis litt meir og vise til enn andre. Mange hugsar nok då Mette Henriette takka for seg i 2014. I 2015 hadde ho eit år dei færraste debutantar kan drøyme om. Onsdag kveld fekk vi høyre kandidatar med mykje av det same potensialet.

Tilnærma komplett
Det fylte seg raskt opp i salen i forkant av eksamenskonserten til jazzfiolinist Håkon Aase, og publikum hadde tydeleg store forventingar. Kanskje ikkje så rart når lista av musikarar såg slik ut: Ayumi Tanaka på piano, Trygve Seim på saksofon, Per Oddvar Johansen på trommer og Mats Eilertsen på bass.
Med så mykje tyngde og renommé på scena skulle ein nesten tru at kandidaten sjølv var redd for å hamne i skuggen. Men Aase har allereie godt med erfaring i det siktet av norske jazzmusikarar, mellom anna som ein gjengangar i bandet til Mathias Eick.

Fra venstre: Håkon Aase, Trygve seim, Mats Eilertsen og Per Oddvar Johansen. (foto: Olav Opsvik)
Fra venstre: Håkon Aase, Trygve Seim, Mats Eilertsen og Per Oddvar Johansen. (foto: Olav Opsvik)

Onsdag kveld var det ikkje tvil om kven som var sjefen. Aase styrte gruppa med ei mild, men bestemt hand og hadde lasta på solide og velarrangerte komposisjonar. Det starta forsiktig med ein luftig og minimalistisk komposisjon, og allereie der var søknaden til Manfred Eicher og ECM tydeleg.
Aase og bandet, velsigna med svært god lyd denne kvelden, lukkast med å skape eit lydbilete som var både nakent, intimt og klangrikt samtidig. Kvar minste knirk frå Aases boge og fele kunne høyrast i heile salen, samtidig som det blei bygd klangar og strukturar som hang igjen og fylte rommet med ei sterk og intens stemning. Låtane har mykje velkjent, nordisk melankoli i seg, samtidig som der kom helsingar til både asia og vest-afrika undervegs.
Kandidaten sjølv har eit sterkt uttrykk som er både sart og klårt, samtidig som han ikkje er redd for kontrastar, dissonans og effektbruk. Resten av bandet treng ein vel nesten ikkje seie så mykje om, utanom det at dei levde opp til forventingane og i tillegg såg ut til å stortrivast i Aases verd.
Håkon Aase er allereie ein heilt spesiell utøvar, bandleiar og låtskrivar og synte seg som ein tilnærma komplett kandidat denne kvelden. Det er berre å gle seg til platedebuten.

Full av overraskingar
Idealet for ein norsk jazzmusiker er nok ganske krevjande å strebe etter. Ein skal finne si eiga stemme i eit mylder av forventingar knyta til både tradisjonar og brot med desse. Saksofonist Marthe Lea er nok på sporet av ein god veg å gå.
Det vil seie, det er ikkje godt å seie kva slags instrument-tittel ein skal henge på henne lenger. Sidan eg første gang høyrte Lea, medan ho framleis var student ved Toneheim folkehøgskule for seks år sidan, har ho vore full av overraskingar. Onsdag kveld kom det både sang, gitarspel og perkusjon frå scena, utan at Lea såg ut til å legge så stor vekt på kva som var hennar hovudinstrument. Hovudoppgåva her var å skape eit godt strekk musikk.
Med til å hjelpe seg med dette hadde ho førre kandidat, Håkon Aase og Mats Eilertsen. Lea og Aase har lenge spelt saman som duoen Yūgen. Med Eilertsen med på laget blei det ein råfin trio som skapte ein heilt spesiell konsert, med vart lyttande samspel.

Lea byrja med å synge «Nu solen går ned», ein salme og folketone frå Vestfold, og der var ingenting å utsetje på verken formidling eller sangstemme. Ho heldt fram i eit norsk folkemusikk-landskap med ein sjølvskriven slått, denne gangen med saksofonen i hende. Og sjølv om det var artig med innslag av både sang og gitarspel undervegs, er det med saksofonen Lea har aller mest autoritet. Ho har ein rå, grov og luftig tone som verkeleg fangar merksemda di.
Lea heldt fram med å synge ein indisk sang, og synte at ho hadde brukt tid på å studere både språk og musikalske kjenneteikn. Eg lengta etter meir saksofonspel undervegs enn det blei, men gradvis tenkte eg mindre og mindre på det. Dei indiske sangane, som det stadig blei fleire av, og stemninga som blei bygd opp i løpet av den vesle timen Lea hadde var hypnotiserande og ein blei rakst overtyda om at ho visste kva ho dreiv med.
Lea representerer, i likskap med Aase, mykje av det beste i jazzen. Ho er eigenrådig, sjølvsikker og kompromisslaus, og skapar eit unikt og ikkje minst vakkert uttrykk – med alle verkty ho måtte finne rundt seg.

Olav Opsvik

Marthe Lea sammen med Håkon Aase (fra venstre) og Mats Eilertsen. (foto: Olav Opsvik)
Marthe Lea sammen med Håkon Aase (fra venstre) og Mats Eilertsen. (foto: Olav Opsvik)

 

 

 

Fra forsiden

Festival

Moldejazz-åpning mandag

Mandag 15. juli åpner forfatter Edvard Hoem den 59. Moldejazzen. Årets Artist In Residence, trommeslager Gard Nilssen, spiller samme kveld den første av sine åtte konserter.

Festival

NNJFs 50-årsjubileum og KKs jazz-anmelderi

Klassekampens musikkanmelder var på plass i Harstad, men dekket ikke Nordnorsk Jazzforums 50-årsjubileum. Underlig at ikke Klassekampen dekker denne viktige begivenheten i nordnorsk kultur, skriver musiker Bjørn Alterhaug i dette innlegget.

Meld deg på vårt nyhetsbrev