Anna Ueland "Populærmusikk for likesinnede" - Oslo Jazzfestival 2025

Eg lo av glede!

FESTIVAL: Tittelen «Populærmusikk for likesinnede» pirra nysgjerrige øyrer før konserten med Anna Ueland og orkester, og den leikne kreativiteten traff publikum frå første anslag.

Av Torkjell Hovland

Før konserten på Victoria vart årets Ella-pris delt ut til eldsjel i Kampenjazz gjennom mange år, Jon-Kristian Johnsen. Han blei i presentasjonen til Oslojazz-styreleiar Svein Skarheim sitert slik: «Om du ikke kan nynne til eller trampe takten – da er det bra musikk». Haha! Den tek vi med oss.

Og om vi kanskje kunne nynne og trampe takten på denne konserten, så var eg iallefall ikkje førebudd på kva som skulle møte meg.

Anna Ueland har dukka opp i fleire ulike konstellasjonar siste åra – Selma French, Science Fair, KRISE, Don’t Feed the Sun, Veslemøy Narvesen. Og Madmax som også spelte på årets festival. Anna Ueland vann i fjor USBL Talentpris på Oslojazz, og kom dermed på programmet på årets festival med eigen musikk. Og med tingingsverket «Populærmusikk for likesinnede», skjønte vi fort kvifor.

Det er alltid eit godt teikn når eg sperrar opp gliset ved første anslag. – Ja! Ny musikk!


Foto: Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival

Eit deilig lydbiletet treff oss umiddelbart. Med Uelands analoge synthar og orgel, nostalgiske trommemaskiner spelte opp mot grooven til bassist Nicholas Leirtrø og Hans Hulbækmo. Håkon Brunborg var på plass med steel-gitaren og strykarane Selma French og Selma Edwards Granly skapte eit orkester i seg sjølv.

Dette var noko heilt anna – kreative, rare greier. Musikken begynte ho å komponere for fire år sidan «på golfrommet på låven i Valdres», fortalde ho frå scenen. (For det var golfrommet ho sa? Det får vi spør ho om ein annan gong!) Musikken var inspirert av hip hop, Beatles, Twin Peaks og snowboardfilmar, kunne vi lese i presentasjonen.
Der eg står flyg referansane veggimellom – eg er innom Portishead, Max Richters Vivaldi-remixar, Kendrick Lamar og Rednex.


Foto: Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival

«Det er betydningsfullt for en som ikke betyr noe», syng ho omatt og omatt med eit syttitals lydbilete bak seg denne gongen. Så droppar det til ein beat som kunne vore henta frå Tyler The Creator. Og slike dropp over i beat skulle det bli mange av i løpet av konserten – like deilig kvar gong. Mykje takka vere Hulbækmo, men det var først og fremst Uelands gullgruve av musikalske motiv som gav kicket.

Og komposisjonane er kreative på så mange måtar. Ueland hentar ikkje berre musikalsk materiale frå desse inspirasjonane, men også logikken til hip hopen fleire gongar. Det eine er at det ofte er loop-basert, at ho på ein måte har rigga til sine eigne choppa samples. Men det andre er det vilt eklektiske, dei brå overgangane. Slik vi har høyrt på dei mest innovative hip hop-platene siste tiåra.

For dette er modig eklektisk. Her er ingen av referansane pynta på, men får stå for seg sjølv. Det mest ekstreme eksemplet finn vi i «Låvefest», der det er leiken blodharry trashcountry ala Rednex. Før vi går inn i noko superhippe akkordar over beat. Eg såg for meg Ueland sitte i hjørnet på ein låvefest, tek på seg headset og kosar seg med den musikalske kollisjonen. Det var verkeleg musikk å la fantasien gå vill til.

Og eit stappfullt Victoria jubla. Det var i seg sjølv så inspirerande å sjå den gleda musikarane på scena hadde. Det var som om det kribla i dei etter å vise oss det neste – «hør her, då!».


Foto: Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival

Gitarist Peder Overvik Stuberg var ein av dei eg gleda meg mest over under konserten. Han bidreg mellom anna med ein J-A-Z-Z-gitar-solo som tilførte ein X-faktor på det perfekte tidspunktet. Han skil seg ofte stilmessig frå dei andre musikarane, noko som igjen er med på å løfte uttrykket til noko vi ikkje har høyrt før.

«Populærmusikk for likesinnede» var som å vere på besøk inn i hovudet til ei som sansar verda gjennom musikk. Som tek til seg alt innan musikk, og lét kjenslelivet leve der. Då blir det musikalske resultatet nødvendigvis eklektisk og kreativt.

Dette var gøy, altså – og ei klink booking for arrangørar der ute!

Fra forsiden

Now's the time

NTT er tilbake med brev fra USA og Rogaland

Thomas Strønen forteller fra USA-opphold, Jens Borge spør om Statens Kunstnerstipend vet at Rogaland eksisterer, JazzArkivet forteller om sesongen sin, Brian Eno forklarer vitsen med kunsten, Harlem-renessansen granskes på NALF og vi skriver litt om en kulturløs valgkamp.

Nyheter

TONO legger til side varslet endring

TONOs varslede endringer i konserttariffen med blant annet å kreve vederlag av arrangørenes offentlige tilskudd, er nå lagt til side etter press fra arrangørorganisasjonene. Et nytt utvalg skal i tettere samarbeid med arrangørfeltet utarbeide forslag til ny modell, sier TONO.

Meld deg på vårt nyhetsbrev