Charles Lloyd New Quartet - Oslo Jazzfestival, Universitetets Aula, 17. august 2016 cover
Charles Lloyd New Quartet - Oslo Jazzfestival, Universitetets Aula, 17. august 2016

FESTIVAL: Charles Lloyd blei presentert som ei legende, og vi markerte ein legendarisk konsert for 50 år sidan. Men han er like levande i dag.

På bildet over: Charles Lloyd med Jason Moran (foto: Toril Bakke/Oslo Jazzfestival)

50 år etter Charles Lloyd besøkte Oslo og Universitetets med ingen ringare enn Cecil McBee, Jack DeJohnette og ikkje minst Keith Jarrett var han i år tilbake med ein kvartett med litt andre kvalitetar. Pianist Jason Moran minner meir om Monk enn Jarrett, og trommeslagar Eric Harland har sin eigen, groove-orienterte stil. Saman med bassist Harish Raghavan løfta dei fram ein varm, kjenslevar og dedikert saxofonist som gav alt dei drøye 90 minutta konserten varte.

I publikum var der truleg både dei som var tilstades og minnast konserten i ’66, og unge, nyfikne som kanskje har betre kjennskap til Harland eller Moran enn Lloyd. Etter at Jason Moran fekk levert sin intro og Lloyd løfta hornet var det ikkje tvil om kven som stod for regien. Saxofon er eit fysisk krevjande instrument, og med alderen har der unekteleg dukka opp nokre avgrensingar også for Charles Lloyd, men han lot ikkje desse stå i vegen for stor kunst. Rett nok starta han relativt forsiktig, men i det han tok laust på «I Fall In Love Too Easily» som andre låt var det berre å late seg flyte med hans ville digresjonar rundt temaet.

Sjølv om ein, i alle fall om ein har høyrt utgjevingane med kvartetten på ECM, kan kjenne igjen nokre melodiar og strukturar, er det alltid heilt umogleg å vite kva veg Lloyd vil ta. Og det forklarar eigentleg det mest vesentlege med hans utøving. Ein vert alltid sitjande med øyrene på stilk, spent på kva han vil finne på vidare. Når han held tonen lenge er det sterkt og sårt, og den evige, luftige «mumlinga» på saxofonen i mellom strofene gir han eit unikt språk. Nokre gangar dukkar ein idé opp som umiddelbart vert plukka opp av heile kvartetten og låta får eit plutseleg løft der denne heilt nye idéen får si korte verdspremiere.
Saken fortsetter under bildet.

Charles Lloyd med Jason Moran (piano), Harish Raghavan (bass) og Eric Harland (trommer). Foto: Egil Austrheim/Oslo Jazzfestival
Charles Lloyd med Jason Moran (piano), Harish Raghavan (bass) og Eric Harland (trommer). Foto: Egil Austrheim/Oslo Jazzfestival

Slikt krevjer naturlegvis eit godt komp, og spesielt Moran og Lloyd er ein sjeldant god kombinasjon, med Morans rufsete og kreative dissonansbruk. Lloyd la heller ikkje skjul på si beundring av sine medmusikantar og var ein aktiv lyttar og heia med når dei fekk utfalde seg. Også dei to siste nummera før ekstranummer, som i utgangspunktet var ein liten dett i dramaturgien når Lloyd tok til tverrfløyta, blei løfta når han dansa med perkusjons-instrument medan dei andre kverna på den suggererande rytma. Ein ekstra honnør skal også gå til Eric Harland for hans trommesolo mot slutten, som var konsertens høgdepunkt med omsyn til intensitet.

For Lloyd kler kanskje best det meir lågmælte i desse dagar. Men der skin han verkeleg, med enorm spiritualitet, kjærleik og emosjonelt engasjement. Også når han på ekstranummeret resiterte Hinduistisk diktning frå Bhagavad Gita og nærast song linja «I call him illumined» synte han enorm musikalitet. Også i det siste minuttet tynte han saxofonen til det ytste. Nokre legender kan kvile på sin eigen status, men Lloyd har for mykje å gi til å ligge på latsida. Det kunne ikkje vore ei stort meir verdig 50-årsmarkering.

Olav Opsvik

Fra forsiden

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Nyhet

Bestillingsverk fra Krogstad

Saksofonist Mona Krogstad vil formidle håp og ettertanke i bestillingsverket Serenity Now på Kongsberg Jazzfestival lørdag 6. juli.

Meld deg på vårt nyhetsbrev