Jan Gunnar Hoff og Ad Lib Jazzklubb fyller 50 år i musikken – begge to. Det som starta med ein 17-åring bak pianoet våren 1976, har vorte eit halvt hundreår med musikalske møte, sjangerbrot og ein jazzkultur som har sett spor i heile Bodø. Under årets Bodø Jazz Open blir jubileet feira slik det bør: med eit stjernelag av musikarar og fullt orkester.
Av Torkjell Hovland
Du, først – du er jo meir enn femti?
– Hehe, joda – og eg spelte jo for så vidt piano nokre år før der også, men mine første ordentlege konsertar var det året som 17-åring, i 1976.
Slik vart det naturleg at under årets Bodø Jazz Open, skulle det feirast – med ein ordentleg festkonsert – 50 years in music.
Hoff sjølv ser sterkt fram til konserten: – For vi har jo samla nokre fantastiske musikarar!
Gulli Briem, Mathias Eick, Børge Petersen-Øverleir, Per Mathisen, Tore Brunborg, England Brooks, Soetkin Baptist, Roger Johansen, Tore Johansen – og hans eiga dotter Kristine Hoff som har artistnamnet MAUD. Og så er ikkje minst Bodøs eige Arktisk Filharmoni med, med nye arrangement av mellom andre Lars Erik Gudim, Petter Winroth, Tore Johansen og Hoff sjøl.
Magiske musikarmøter
Vi mimrar saman med Hoff, og eit sterkt minne frå den første tida kjem opp:
– Det at eg som 18-åring fekk lov til å spele med Jon Christensen når han gjesta byen var jo sjølvsagt enormt inspirerande. Tenk i 1977, ikkje sant – dette var jo midt i Belonging-kvartettens era…
I regi av Ad Lib jazzklubb, som gjorde slik andre lokale jazzklubbar rundt om i landet, å kopla lokale musikarar med dei tilreisande – ei moglegheit som kanskje særleg distriktsungdommen naut godt av på den tida.
Utover 70- og 80-talet var det fusion og jazzrocken som særleg begeistra Hoff – ein kjærleik som framleis er stor for han:
– Eg kom jo frå progrocken, og var stor fan av folk som Emerson, Lake and Palmer, for eksempel. Så då var det naturleg å gå dei vegane der. På den andre sida vart eg fan av musikarar som Ketil Bjørnstad, som gav ut albumet Berget det blå. Eg lærte meg songen «Blåmann» frå den plata, men då hugsar eg at eg fekk kommentarar frå jazzpuristane på workshops om at «det der er ikkje jazz, veit du.»
– Så eg fann tidleg ut at eg plasserte meg litt på tvers av sjangergrensene slik sett. Men eg skjønte også at jazz som verktøy var heilt avgjerande for å bli ein bra improvisatør.

Jens Hasselberg, Bjørn Jenssen og Jan Gunnar Hoff på Ad Lib Jazzklubb i 1976. Foto: Ingar Storfjell
Gjennom desse femti åra i musikken, har Hoff endt opp med ein brei CV med pianotrioar, musikk for kor, solokonsertar.
Han trekk fram innspelinga av Syklus frå 1993 som heilt spesielt minne: – Vi hadde jo ikkje spelt noko særleg saman før vi møttest på den første sessionen. Eg hugsar særleg korleis Audun Kleive og Bjørn Kjellemyr pusha kvaliteten – det kan alltid bli betre. Og så er det rart å tenke på at det var jo med Kjellemyr, Knut Risnæs og Trond Kopperud, som no alle tre dessverre har gått bort.
(Tor Yttredal og Celio de Carvalho var også med på plata.)
Då Kleive, Kjellemyr, Brunborg og Hoff skulle spele kvartett på Moldejazz i 2001, fekk dei en telefon om dei kunne ha med ein ekstra gjest.
– Joda, klart det – og så viste det seg at det var Pat Metheny som hadde høyrt, og likt, nettopp denne kvartetten.
På 2000-talet har det vore fleire samarbeid med musikarar som Mike Stern (US) og Gary Husband (UK) for å nemne nokre.
Møtet med Alex Acuña, som spelte på favorittplata til Hoff, Weather Reports Heavy Weather, var kjærleik ved første samspel.
– Vi, dvs Per Mathisen, Acuña og meg, øvde headet på låta mi «In Town», og Alex kom bort med ein gong og sa: «We have to play more together!»
Sidan den gong har det blitt fleire konsertar med Acuna, med Per Mathisen på bass. Då legenden Alex Acuna gav ut si første plate under eige namn i 2022, så var Hoffs låt «In Town» første låt på plata.
I dag er Hoff aktiv ikkje berre som musikar, men i professorstillingar både i Tromsø og Agder, der han møter unge studentar i dag. Noko av det han er oppteken av å bringe vidare til studentane, det er det han sjølv lærte – å bygge sjølvtilliten.
– Det handlar om å bygge opp trua på deg sjølv gjennom ulike format – solo piano, duo, i fullt band. Og å utfordre dei til å komponere. Mange vil jo bli session-musikarar, men også då synest eg det er viktig å bygge opp sine eigne prosjekt. Då kan du komme på session-jobbane med ditt eige uttrykk.
Jazzen til folket
Dagleg leiar for Ad Lib Jazzklubb i dag, er den same som leiar Bodø Jazz Open. Erik Johansen, starta i Ad Lib i 2020, og sparka altså i gong si periode med ein pandemi:
– Så det var jo heftig – men eg er stolt av at alle vi hadde programmet fekk spelt som planlagt i løpet av dei to åra.
Tidleg tok han saman med dei andre i klubben ei avgjerd om at dei måtte ut av den svarte boksen på Sinus i kulturhuset, og ut på dei meir opne scenene – legendariske Picadilly Pub og Dama Di, for eksempel. Som tilskot til det tradisjonelle konsertformatet, arrangerer Ad Lib platekveldar der ulike lokale musikkentusiastar spelar sine favorittar.
– Det har vorte veldig populære kveldar, for eksempel som afterwork. Dei siste åra har frivillige måtte avvise folk i døra på fleire av våre arrangement!
Kven var dei nye?
– Vi nådde til dei der det ikkje fell naturleg for å gå på eit kulturhus, for å seie det slik.
Jan Gunnar Hoff var sjølv ein av initiativtakarane til Bodø Jazz Open, og festivalsjef Erik Johansen fortel at når både han og Tore Johansen ropte om at no måtte ein få til ein jazzfestival i Bodø, så vekte det interessen hjå han umiddelbart: – Men eg kom jo eigentleg frå rocken, og hadde arrangert Parkenfestivalen over fleire år.
– Eit av grepa vi gjorde var å få jazzen ut til folket. Det var også noko som Hoff var oppteken av frå starten – å få byen til å swinge. Vi kan ha fleire jazzkafear parallelt, for eksempel – vi var opp i 11 samtidig ein gong!
Som i Ad Lib, har også samarbeidet mellom store artistar og lokale aktørar vore sentralt. I år får ein for eksempel høyre bassist Jakob Gjønnes og trompetist Tore Johansen saman – to Bodø-væringar frå kvar sin generasjon som ikkje har spelt i lag før.
Johansen har også godord til Jan Gunnar Hoff:
– Om du møter han aleine med eit flygel, eller i konserthuset med orkester – eller om du møter han i den jazzfusion-baggen, så er han ein fantastisk musikar. Men han er også ein veldig jordnær og fin person å samarbeide med. Og så er han jo ekstremt produktiv!
Jazzfotballkvelden!
Bodø er jo også no eit episenter for heile landets fotballfeber, og Glimt sin suksess har skapt utfordringar også for jazzarrangørane. Men heldigvis rekk publikum å sjå kampen!
– Når vi såg at det låg an til kamp mot Atlético Madrid, måtte vi sette konserttida til klokka 18.
Så då kan ein lage seg ei heilaftan med jazz og fotball, då altså!