Intervju

Parallakse i praksis

Trompetist, komponist og festivalsjef Peter Wallem Anundsen sitt verk for OJKOS vrir og vender på musikken.

Av Torkjell Hovland.

Peter Wallem Anundsen er godt inne i mastergraden sin ved Norges musikkhøgskole, der han går på klangjakt inne i teoriar og system.

– Eg har jobba ein del med konstruerte skalaer, alternative modi. 12-toneteknikkar slik som for eksempel Messiaen jobba med. Men eg prøver å flette dette inn i ein jazzensemble-kontekst. Desse konsepta og teoriane kan vere abstrakte, men målet mitt er alltid å setje dei inn i konkrete, levande musikalske situasjonar.

Verket OJKOS no skal framføre, har fått namnet Parallax – fenomenet at eit objekt endrar uttrykk alt etter kvar du ser det frå.

– Det er basisen for mange av låtane. Eg har tatt ein idé – eit riff, ein harmoni, ein melodisk figur – og vridd og vendt på det. Latt det bli noko nytt, sett frå ein annan vinkel.

Skreddarsaum for heile ensemblet
Anundsen jobbar nært med klangfargar. Han byrjar ofte ved pianoet eller på trompet, men kjem raskt til instrumenteringa:

– Kva instrument skal spele kva tone? Kva klang treng akkurat denne ideen? Her kjem identiteten til kvar musikar i OJKOS inn. Eg vil jo at dei skal få kick av å spele det – lettare sagt enn gjort, kanskje, hehe.

Det hjelper at han kjenner ensemblet godt.

– Eg har jo vore med sidan januar i år, men vi har musikken vi har spelt har gått i alle moglege retningar. Så det gjer at eg høyrer enkeltmusikarane for meg når eg skriv, og har høyrt kva breidde som bur i dei.

I denne utgåva har han i tillegg invitert pianisten Joakim Rainer Petersen som gjest.

– Han har akkurat den pianosounden eg likar. Og eg veit kor godt han fungerer i store ensemble. Han var eit sjølvsagt val.

Trass i at den teoretiske tilnærminga til musikken alltid har inspirert han, er det lyden som driv han. Det er først og fremst for å finne utradisjonelle klangar, som han seier.

Blant inspirasjonane i dette verket nemner han for eksempel Erik Hove (Han er kanadisk, trass det norsklydande namnet). – Han jobbar ein del med mikrotonalitet i ensemble, kombinert med beat for eksempel. Og så har eg høyrt mykje på Martin Myhre Olsen og hans store ensemble-prosjekt, og sjølvsagt Trondheim Jazzorkester i alle sine variantar, men særleg Eirik Hegdal og Ole Morten Vågan.

Og Messiaen?

– Tja, eg trur eg kanskje har blitt endå meir inspirert av dei han har inspirert – eit ledd til liksom, ler han.

Anundsen skriv musikk han håpar at kvar musikar – og publikum – får kick av. Foto: Sofie Berrefjord.

Det viktigaste er å gå på konsert
Anundsen er også fersk festivalsjef. I august gjekk Kristiansand Jazzfestival av stabelen for første gong, med namn som Selma French, Petter Dalane Quintet, Ole Mofjell (artist in residence).

– Vi sakna ein jazzfestival i heimbyen. Og vi var jo litt spente – kom det 10 eller … 50, vi ante jo ikkje. Vi visste jo om miljøet ved universitetet i Agder, men var litt usikre elles.

Men det kom heldigvis masse folk! Frå heile byen, på tvers av alder og gruppetilhøyring. Så vi traff nok eit behov også. Vi er godt i gang med planlegginga av neste år.

Utanom festival og OJKOS, kan Anundsen «tease» at trioen Traum med Kristian Enkerud Lien og Sondre Moshagen skal i studio i januar for å spele album.

Men det er klart kva som står øvst hjå Anundsen:

– Det er å gå på konsert.

– Den energien. Det å vere i nuet. I improvisasjonsmusikk er så mykje av uttrykket knytt til akkurat det – å vere til stades når musikken oppstår. Ei god konsertoppleving er noko av det mest verdifulle eg veit, og det er dessutan noko vi tenkjer mykje på når vi lagar program til festivalen.

No inviterer han og OJKOS publikum til denne energien, og å høyre korleis Parallax legg seg i rommet, skiftar retning, og opnar seg i nye fargar – alt etter kvar ein lyttar frå.


OJKOS spelar Peter Wallem Anundsen «Parallax» på Victoria Nasjonal jazzscene tysdag 25. november.

Andrea Giordano – vokal, fløyte, elektronikk
Sol Léna—Schroll – saksofon, Maria Dybbroe – saksofon, klarinett, Sigrid Aftret – saksofon, fløyte, Ville Valentin Lätheenmäki – bassklarinett, fløyte,
Peter Wallem Anundsen – trompet, Øyvind Mathisen – trompet,
Jørgen Westgaard Bjelkerud – trombone, Martin Lee Thomson – euphonium,
Tuva Halse – fiolin, Andrine Dyblie Erdal – cello,
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar, Joakim Rainer Petersen – piano, Gard Kronborg – bass og Trym Saugstad Karlsen – trommer.

OJKOS er drive av Østnorsk jazzsenter med støtte frå Norsk kulturråd og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyheter

Høringssvar til NOUen Musikklandet

Fredag 14. november var frist for innspill til NOUen Musikklandet. Norsk jazzforum leverte høringssvar sammen med de regionale jazzsentrene, og deltok samme ettermiddag på en markering foran Stortinget sammen med en rekke andre musikkaktører.

Nyheter

– Det skal foregå kultur i kulturhusan

Østnorsk jazzsenter forventer at Oslo kommune holder dørene åpne i Gamle Munch på Tøyen, og at politkerne prioriterer kultur i kommunebudsjettet for 2026, sier daglig leder Kari Grete Jacobsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev