Intervju

OJKOS spelar Ville Lähteenmäki

Den finske bassklarinettisten og komponisten Ville Lähteenmäki vil kome til musikken fordomsfritt og med inspirasjon frå alt han høyrer og opplever. No har han skrive sitt første verk for OJKOS.

Av Torkjell Hovland

– Det er kanskje i ei litt meir melodisk retning denne gongen. Ikkje freeblast som i trioen liksom, men likevel er det mykje fridom til kvar enkelt musikar.

Om du har høyrt Lähteenmäki spele med trioen sin med Nicholas Leirtrø og Trym Saugstad Karlsen, eller med prosjektet Utopia, så veit du kanskje kva han meinar når han seier freeblast.

Det er bassklarinetten som har blitt hovudinstrumentet til Lähteenmäki, men då han var 13 år og starta å spele saksofon, var det i ei litt anna retning:

– Det var faktisk meir rock´n´roll det starta med – Little Richard og sånn.

– Sidan kom Charlie Parker, og då leste eg boka Bird Lives, om det beinharde livet han levde på alle måtar. Då gjekk eg all in, og øvde som faen.

Men det er bassklarinett han har verkeleg har lagt sin elsk på.

– Det kom med Eric Dolphy og «God Bless the Child». Det var det feitaste eg hadde høyrt nokon sinne. Den klangen av bassklarinetten, og . så då bytta eg.

Då var han 20, og budde framleis i heimstaden Jyväskylä, midt inni den sørlege delen av Finland. Ein by med rundt 130k innbyggarar som mellom anna tidlegare har fostra opp arkitektlegenden Alvar Aalto – og altså Ville Lähteenmäki.

– Miljøet då eg budde der var det eit ganske interessert jazzmiljø, så eg hadde ein god gjeng å spele med og spelte også i storband. Eg tok timar på det musikkonservatoriet der, og hadde veldig gode lærarar.

Men då han skulle vidare trekte Ville heller mot Trondheim, enn til hovudstaden Helsinki.

– Eg budde i Helsinki i eit år, men der var det litt sånn oppdelte gjengar – du hadde dei som budde på Sibelius-akademiet, og så var det frijazzfolka, osv. Det var ulike gjengar liksom. Medan i Noreg opplever eg at folk spelar meir med kvarandre på tvers.

– Det var ein bekjent som anbefalte Trondheim, så eg reiste på prøvespel og merka med ein gong at Trondheim var ein by som minte meir om Jyväskylä.

Korleis utvikla musikken din seg i Trondheim, då?

– Eg gjorde veldig mykje forskjellig, og synest det er deilig å gå fordomsfritt inn i mykje ulike retningar. Eg går ofte vidare, utan at eg kjenner på at eg nødvendigvis må halde fram i den same musikalske retninga. Eg synest det er viktig å følge det du vil. Om du vil lage ei bluesplate, eller ei tysk slager-plate, så er det berre å kjøre på med det.

Ei ny plate med trioen er like rundt hjørnet, men elles er det OJKOS som har størst fokus om dagen.

Ville søkte OJKOS for å få sjansen til å skrive for større ensemble og samarbeidet med musikarane.

– Inspirasjonen kjem frå alt eg høyrer på, og alt eg opplever og måten eg lever på. Eg er ikkje sånn at eg går inn i ein spesifikk ting og prøvar å lage akkurat det. Det må kome naturleg.

Så du tek ikkje utgangspunkt i eit konsept?

Nei, eg føler det må kome naturleg til ei viss grad. Utan fordommar, utan å ha bestemt for mykje på førehand. Og så føler eg at det likevel alltid høyrest ut som meg når eg lagar musikk. Slik eg opplever med dei fleste musikarar – om du høyrer på Jan Garbarek, så høyrer du at det er han uansett kva han spelar.

Så det er heilt ope då, når du kjem til OJKOS?

– Nei, altså – eg kjem jo med melodiar, og visse rammer. Og eg har eit bilete av korleis det skal låte. Men som sagt er det mykje fridom til dei ulike musikarane i ensemblet.

Han set også pris på variasjonen blant musikarane og komposisjonane som spenner vidt i uttrykk.

– Eg føler at eg har lært veldig mykje av å spele alle desse forskjellige tinga. Noko av det viktigaste er at ein går på OJKOS og høyrer at det er heilt ulikt, personleg prega av kvar komponist, meir enn at det er snakk om eit «OJKOS-sound».

Korleis opplever du Oslo hittil då – versus Trondheim, Helsinki osv.?

– Eg må faktisk innrømme at eg hittil har spelt mest med dei folka eg spelte med i Trondheim eigentleg, hehe. Eg flytta jo hit i september, så. Men Oslo opnar seg vel opp etterkvart.

Her kan du høyre ein mixtape Ville har laga for SVS Radio med musikk som har inspirert han.


Konsert: OJKOS spiller: Ville Lähteenmäki

tirsdag 8. april kl 20, dørene åpner 19

Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 290 / 240 / 190

Ville Lähteenmäki – bassklarinett
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Sol Lena-Schroll – saksofon
Tuva Halse – fiolin
Andrea Giordano – vokal/elektronikk
Oscar Andreas Haug – trompet
Øyvind Mathisen – trompet
Jørgen Bjelkerud – trombone
Martin Lee Thomson – euphonium
Åsmund Perssøn Ødegaard – gitar
Amund Stenøien – vibrafon
Henrik Sandstad Dalen – bass
Gard Kronborg – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyheter

Tre nominerte til Årets verk

John Andrew Wilhite, Shannon Mowday og Nordnorsk Jazzensemble er nominerte til Årets verk under Jazzprisen 2025. Vinneren offentliggjøres under prisshowet på Cosmopolite Scene i Oslo lørdag 5. april.

Meld deg på vårt nyhetsbrev