Nyheter

OJKOS til Tyskland

Richard Köster reiser med OJKOS til Jazzwoche Burghausen torsdag 27. mars. Saman med OJKOS sin konsert på Aarhus jazzfestival i 2024, og planlagt turné i Frankrike til hausten, kan vi verkeleg seie at OJKOS har gått internasjonalt.

Av Torkjell Hovland

– Denne gongen reiser vi med tretten musikarar.

Det er litt av ein logistikk!

Vi tok ein prat med Richard i forkant av festivalen, som nettopp var tilbake frå turné med Maria Schneider og Oslo Jazzensemble.

Det er 54. utgåva av festivalen i Burghausen, og ein av dei mange store jazzfestivalane i Tyskland. Burghausen er heimstaden til Richard Köster som har blitt oslobuar, og han har mange av sine viktigaste jazzminner frå nettopp denne festivalen:

Ja, det har blitt ein stor hending ein gong i året der nede! Eg hugsar at eg sat og såg på Brad Mehldau og tenkte: «Kva er det han gjer?» Eg veit ikkje kor gamal eg var då – men dette var kanskje rundt år 2000 ca.? 

Ja, eg føler eg har sett ein del Brad Mehldau frå Tyskland. Det er noko med youtube og tyske jazzfestivalar.

– Ja, dei har ofte gode avtalar med kringkastarar. Burghausen, for eksempel har ein veldig god avtale med BR (Bayerischer Rundfunk) som filmar alle konsertane. No også OJKOS!

Så dette er ei ganske stor oppleving for deg, å få spele på festivalen – homecoming liksom?
– Hehe, ja, det er klart det betyr mykje. Det er klart – det er alltid stort å få spele sin eigen musikk, og særleg med eit stort ensemble som OJKOS.

Korleis er publikummet i Tyskland samanlikna med Noreg?
– Tyskland er jo for det første eit mykje større land, og dei har ein virkelig sterk konsertkultur. Det er soleis mange fleire dedikerte jazzlyttarar, og det er vanlegare å reise langt for å høyre konsertar. Publikum er ofte veldig lyttande og respektfulle. Slik er det jo her også, men i Noreg er alt litt mindre, meir intimt. Og ein ser jo ofte dei same folka på konsertane. 

– Men klart – det kan jo vere komfortabelt også. Det er veldig nyttig å møte nytt publikum og spele på ulike scener. Når ein kjem ut av komfortsona, skjer det noko med måten ein kommuniserer musikken på. 

Du har nettopp vore to veker på turné i Tyskland med Maria Schneider og Oslo Jazzensemble – Det høyrest hektisk ut! Korleis var det å spele med henne?
– Det var heilt fantastisk! Vi spelte i store konserthus for fulle salar. Maria har ein heilt annan tilnærming enn det som er vanleg i Noreg. Ho er veldig direkte og har spesifikke ønskjer – ikkje berre om det komposisjonelle, men også for solistane. Det kan vere eit lite sjokk å byrje å jobbe med henne. I Noreg er det ofte stort fokus på at solistane skal få uttrykke seg heilt fritt. Med Maria er solistane ein integrert del av komposisjonen, nesten motsatt av det vi er vane med. Solistane må spele på ein måte som gjer at ensemblet og komposisjonen høyrest improvisert ut, sjølv om alt er veldig gjennomtenkt.

– Og så var det veldig spennande å spele det same materialet fleire gonger. Vi spelte sju konsertar, og Maria kom med nye idéar for kvar einaste konsert – konstant forbetring og justering. Ho er også veldig medviten om akustikken i romma vi spelar i. Kvar konsert hadde sin eigen karakter, avhengig av lokalet.

Til Tyskland har OJKOS og Köster med seg materiale frå begge dei to konsertane Richard har skrive musikk til – som du sjå eit utdrag av her:

– Eg håpar vi kan fortsette der vi slapp sist. Bandet er jo godt samspelt, så vi kjem nok raskt inn i det igjen.

Når du ser på Marias måte å leie musikarar på, er det noko du vil ta med deg i ditt eige arbeid?
– Definitivt! Ho eig verkeleg komposisjonane sine og har gjennomtenkte val, samtidig som det er plass til improvisasjon. Jo meir ein speler musikken hennar, desto meir oppdagar ein i materialet. Det er nesten som å spele klassisk musikk – alt er skrive ned, men med ein tanke om at det skal høyrest levande ut.

Du er jo ein OJKOS-pensjonist no – er det noko du saknar?
– Ja, heilt klart. Vi møttest nesten kvar veke, og det å ha noko så stabilt i kvardagen var veldig verdifullt. Det å ha noko å gå til, møte dei same folka – det er jo sjeldant ein har det slik som frilansmusikar. Og så saknar eg sjølvsagt samarbeidet med komponistane og den kontinuerlege utviklinga i musikken, med så mange nye verk kvar gong.

OJKOS i Burghausen:
Richard Köster: trompet og musikalsk leder
Andrea Giordano: vokal
Henriette Eilertsen: fløyte
Sol Lena–Schroll: saksofon
Tancred Heyerdahl Husø og Lyder Øvreås Røed: trompet
Magnus Murphy Joelson: trombone
Martin Lee Thomson: euphonium
Arne Martin Nybo: gitar
Bojan Marjanovic: piano
Alexander Hoholm: bass
Øystein Aarnes Vik: trommer

Konserten blir strøyma her:
https://www.br-klassik.de/concert/ausstrahlung-3773396.html

OJKOS blir drive av Østnorsk jazzsenter med støtte fra Kulturrådet.

Fra forsiden

Trygve Fiske Sextet - Victoria, Nasjonal jazzscene - 20. mars 2025

Drivende godsaker

KONSERT: Trygve Fiske har et band som kan gløde i alle temperaturer.

Meld deg på vårt nyhetsbrev