Intervju

OJKOS spelar Martin Lee Thomson

Det finst for eksempel fleirfoldige bassistar frå sunnmøre i det norske jazzmiljøet, men skottar på eufonium finst det neimen ikkje mange av! Då komponist Martin Lee Thomson fekk skrivesperre, fann han inspirasjon i sjøgras i gaeliske arkiv – og i Zelda.

Av Torkjell Hovland

Martin Lee Thomson spelar eufonium, kom frå Skottland til Norge midt i verste pandemien, og framfører no sitt første verk med OJKOS:

– Eg vil seie det er som å stå i eit stort landskap, men òg som å snuble inn på ein pubjam i Skottland.

Slik skildrar skotske Martin Lee Thomson verket som har fått namnet Fraileach. 

– Eg sat fast ein periode, men så byrja eg å leite i dei gaeliske arkiva og oppdaga at det finst 49 ulike ord for tang på gælisk! 

– Tang var nemleg ein stor industri i Skottland, kanskje større enn jordbruk ein periode. Eg fann historier om folk som samla tang under stormar – fordi det var då han flaut i land – og om kvinner som kryssa fjella i dårleg vêr for å finne dei beste plassane å samle han.

Den første låta i konserten, Oh for there’s Gold on the Rocks (O, gu bheil òrsna sgeirean sin), handlar om ei kvinne som går seg vill i stormen, men til slutt finn sjøgraset ho leitar etter.

Martin Lee Thomson er også aktiv med duoen Dopey Monkey, og Policepolice, mellom anna.

Det musikalske materialet i denne konserten er inspirert av Shetlands folkemusikktradisjon, særleg spelemåten der:

– Det er sterke band mellom Shetlandsøyane og nordisk folkemusikk. Nokre av dei første nedskrivne melodiane frå Shetland har truleg nordisk opphav. 

– Eg har òg henta inn ulike språk til konserten – litt gælisk, men òg dorisk, som er eit språk frå området eg kjem frå. Det er ein miks av norsk og skotsk. Det finst ord som «bairn» for barn – likt det norske «barn», eller «quin», som liknar «kvinna». Til og med «klute» for klede er likt det norske ordet «klut».

Til konserten er OJKOS utvida med folkesongar Isa Holmgren og Dave Malkin, som primært syng engelsk folkemusikk. 

– Og Danielle Price på tuba. Ho og eg har vore ein duo i snart 11 år, og ho er alltid ein del av prosjekta mine. Det er vanskeleg å førestille seg noko utan ho.

Men eg må spørre – kvifor eufonium?

– Eg høyrde eit lite brassband på ein bytur i barndommen. Dei spelte sikkert «Jurassic Park» eller noko slikt – og det var så vakkert! Eg ville lage den lyden. Eg bad mora mi om å ta meg med på øving, og dei sa: «Vi kan gi deg eit instrument og lære deg å spele».

– Samstundes er det veldig fritt, spesielt i jazz og folkemusikk. Det finst ikkje tusenvis av opptak og reglar om korleis du spele euphonium i desse sjangrane. Ingen sa: «Slik gjer du det.» Eg kunne eksperimentere fritt. Det var ingen jazzpoliti liksom. Euphonium-politiet finst kanskje, men eg har ikkje møtt dei enno!

Martin Lee Thomson har alltid hatt eit lidskapeleg forhold til spelmusikk, og fann koplingar til folkemusikk i det legendariske Zelda-spelet:

– Den er veldig loop-basert, som minte meg om repetisjonsmønster i skotsk folkemusikk. Det er noko spesielt med spelmusikk—du høyrer den om og om igjen medan du spelar, og den blir ein del av deg. Litt på same måten er det med mykje av folke musikken.

No har han dessutan sjølv fått skrive musikk til eit spel kalla Plont, der spelaren påverkar musikken gjennom veksten til ulike plantar. 

Han kan gjerne sjå føre seg ei karriere som spelkomponist: 

– I dag blir dessutan spelmusikk teken på alvor, med konsertseriar der orkester framfører spelmusikk. Og spelverda blir stadig meir musikalsk ambisiøs, frå storbandarrangement i Cuphead til live-orkester i dei nyaste Zelda-spela.

– Har du eit forhold til Mario Kart?
Sjølvsagt!

– På Dolphin Shores (ei av banene i spelet, journ.anm) er det ein heilt sprø saksofonsolo som berre blir raskare og raskare kvar runde. Det er heilt absurd kor bra den musikken er! Det er berre eit tilfeldig racingspel, men musikken er på eit anna nivå.

HAHA!

Martin Lee Thomson er eigentleg forankra i folkemusikk og jazz – eller improvisert folkemusikk:

– Det er det eg verkeleg brenn for, og ein av grunnane til at vi kom hit, fordi det er ein så sterk kultur for folkemusikk-kryssingar her. Det var veldig inspirerande å sjå alle desse ulike banda som jobba med folkemusikk, og òg bruken av instrument utanfor sine tradisjonelle kontekstar. Det er utruleg spennande! Så ja, det er difor eg er her – i kulda. 

Kan du seie litt om forskjellane mellom Skottland og her når det kjem til folkemusikken?
– Eg er ikkje nokon ekspert, men i Skottland er det mykje meir fokus på å halde tradisjonane ved lag. Her virkar det friare på ein måte. Ein respekterer tradisjonane, men tek dei òg vidare.

– I Skottland skjer dette òg, men ikkje i like stor grad. Her er folkemusikken i mykje større grad integrert i improvisasjonsscena. Det verkar som om ein har ein forståing av at improvisasjon alltid har vore ein del av folkemusikken. Om ein ser på arkivopptak, finn ein ofte 17-20 ulike variantar av same melodien. Folk har alltid lagt til sine eigne ornament og improvisert rundt melodiane.

Kva rolle har OJKOS spelt for deg?
– Ojkos har vore ein skikkeleg velsigning. Det var vanskeleg å spele med folk utanfor dei eg kjende frå før, eller dei eg møtte gjennom skulen. Under pandemien fekk vi jo ikkje spele med andre studentar eller musikarar utanfor vår eigen krins.

– Då eg blei med i OJKOS, fekk eg endeleg møte folk som spelte liknande musikk, men som òg var svært opne musikalsk. Det har vore utruleg lærerikt – både for komponering, improvisasjon og for å få ein betre kjensle av ulike uttrykk. Ensemblet har gjort klassisk inspirerte ting, samtidsmusikk og no folkemusikk, så det er verkeleg mange ulike tradisjonar i spel.


Konsert: OJKOS spiller: Martin Lee Thomson

tirsdag 4. mars kl 20, dørene åpner 19

Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 280 / 230 / 180

Andrea Giordano – vokal, elektronikk
Dave Malkin – vokal
Isa Holmgren – vokal
Danielle Price – tuba, vokal
Sol Léna-Schroll – saksofon
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Ville Lähteenmäki – klarinett
Øyvind Mathisen – trompet
Peter Wallem Anundsen – trompet
Jørgen Bjelkerud – trombone
Martin Lee Thomson – eufonium
Tuva Halse – fiolin
Andrine Dyblie Erdal – cello
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Håkon Hult-Nystrøm – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Telehiv - Victoria, Nasjonal jazzscene - 19. februar 2025

Lett tone og skarp musikk

KONSERT: Øyvind Skarbøs nye band er til å tro på og vel så det.

Nyhet

OK Sessions blir festival

Torsdag 20. februar åpner OKFEST! på Nasjonal jazzscene i Oslo. Det er konsertserien OK Sessions som nå blir tredagers festival, og på programmet står noen av de beste Oslo-baserte musikerne fra verden, tradisjonsbærere og -åpnere i vill sjangerblanding.

Meld deg på vårt nyhetsbrev