Intervju

OJKOS spelar Sol Léna–Schroll

Den franske saksofonisten Sol Léna-Schroll har teke med seg trioen til hans første verk for OJKOS – og lagar soleis ei musikalsk foreining mellom det franske og det norske.

Av Torkjell Hovland

Sol Léna–Schroll har gjort det til sitt prosjekt og kople det franske og det norske, og har mellom anna gjennom Den Andre Festivalen sidan 2019 laga ein musikalsk møtestad mellom franske og norske musikarar.

Men i musikken hans for OJKOS blir også det franske og det norske sveisa i hop musikalsk.

Kva er forskjellen på den norske og franske jazzmusikken?

– Musikken frå Noreg er jo veldig djupt planta i folkemusikken – om du høyrer på uttrykk frå Hubro for eksempel, medan i Frankrike står den lange klassiske tradisjonen sterkt – Ravel, Debussy, Messiaen… den mest avant garde og framoverlente franske jazzen er nok mest inspirert av det – både rytmisk og harmonisk.

Dette høyrer du også i hans musikk, og med seg til OJKOS har han med trioen sin Baum med belgiske Samuel Ber og franske Benoit Quentin og konserten blir på mange måtar ei XL-utgåve av Baum. (som du forøvrig kan høyre i trioformat 18. mars på Cappelens Forslag!)

Sol har ein mastergrad i frå Norges musikkhøgskole, og noko av det han fikk med seg derfrå blir å høyre i musikken med OJKOS:

– Eg tok gamelan-klasser på Musikkhøgskolen med Rob Waring, mellom anna, og har latt meg inspirere av balisisk gamelan-musikk – særleg det at det er langsomme former.

Sol synest det er inspirerande å instrumentere ut musikken for OJKOS:

– Det blir jo 18(!) musikarar denne gongen – med cello og stryk, euphonium, to trompetar og to tromboner, to trommisar, tuba og kontrabass… Då må ein tenke annleis. Kvar musikar har sin eigen plass i OJKOS, og nettopp i det ligg det mange muligheiter.

Han er vanlegvis glad i å vere verkeleg nøye førebudd, men no når det er berre to øvingar, så må det nødvendigvis vere mykje rom for improvisasjon:

– Som oftast har eg det mesta av musikken faktisk nedskrive. Og så vil eg at materialet skal bli så integrert at improvisasjonen heller kjem ut av det. Difor har eg med lita øvingstid gjort ein del ting litt mindre komplisert denne gongen.

Kva har inspirert deg?

– Av norske er det for eksempel Christian Wallumrød og Kim Myhr. Av franske – Benoît Delbecq!Og amerikanske Anna webber. Henry Threadgil, Steve Coleman.

Ja, dette vekker interessen for ein kvar nysgjerrig lyttar!

Sol er aktiv i ei rekke prosjekt både i Noreg og Frankrike – Det nye norske storband, kvintetten Bêl med mellom andre med-OJKOSist Sigrid Aftret,  Baum Trio og Duo Cycles, med pianist Clément Merienne som også er lokalisert i Oslo.

Og om du vart nysgjerrig på dette fransk-norske samarbeidet, så skjer Den andre Festivalen to gongar i året – ein oslo og ein Frankrike sidan 2019. Årets utgåve er i august på Kruttverket. Og vanlegvis har den franske utgåva vore i Burgund, men denne gongen kan det faktisk bli Paris i september eller oktober.

Til slutt – kva betyr det å vere med på OJKOS?

– Det er som nyutdanna veldig spennande å vere saman med andre unge musikarar – som også er komponistar. I Noreg har eg sakna kjensla av community – det kollektive som vi har i Frankrike. Noko av det handlar om finansieringa i Frankrike – der kan du ikkje som enkeltmusikar søke støtte, men du må søke som eit kollektiv. Her i Noreg er det meir individuelle prosjekt på eit vis. Men i OJKOS får ein jo eit slikt kollektiv.

– Og så er det enormt spennande musikk frå desse musikarane!


Konsert: OJKOS spiller: Sol Lena–Schroll

tirsdag 19. mars kl 20, dørene åpner 19

Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 220 / 170 / 120

Sol Léna–Schroll – saksofon
Samuel Ber – trommer
Benoit Quentin – bass
Andrea Silvia Giordano – vokal/elektronikk
Tuva Halse – fiolin
Andrine Dyblie Erdal – cello
Henriette Eilertsen – fløyte
Maria Dybbroe – saksofon
Øyvind Mathisen – trompet
Richard Köster – trompet
Martin Lee Thompson – euphonium
Jørgen Bjelkerud – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Liv Andrea Hauge – piano
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Magnus Breivik Løvseth – tuba
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Panikk i gavedisken

Gjør gaveinnspurten lettere med vår store spesial, hvor Jazznytts skribenter kommer med sine tips fra jazzen og omegnen!

Nyhet

Halvannen million til Nordnorsk Jazzensemble

Nordnorsk Jazzensemble er tildelt 1,5 millioner kroner fra Samfunnsløftet, Sparebank1 Nord-Norge. - Dette gjør at vi nå kan utvikle nye prosjekter, sier en svært glad daglig leder i Nordnorsk jazzsenter, Ulla-Stina Wiland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev