Intervju

OJKOS spelar Trym Saugstad Karlsen: – For meg er musikk energi

Trommeslagar og komponist Trym Saugstad Karlsen er klar med ny musikk for OJKOS for første gong, og snakkar engasjert om det noverande ensemblet.

Av Torkjell Hovland

– Eg må berre gratulere komiteen som har valgt ut musikarane – det er veldig forskjellige stemmer med ulik bakgrunn. Det blir ei skikkelig heksegryte!

Når vi møter han, har han akkurat landa i Bergen og vi får litt tid på hotellrommet før lydprøve. Rett ut av jazzlinja er han ein aktiv musikar med blant andre Petter Dalane og Det Nye Norske Storband. Konserten med OJKOS reflekterer denne overgongen – Transitions.
– Musikken ber preg av lange meditative strekk med improvisasjon. Og komposisjonane er ganske opne. Uttrykket er meir som ein frijazzkvintett som blir utvida til eit stort ensemble.

Er det nokre musikarar eller band som du er særleg inspirert av?
– Ja, først kan eg nemne sekstitals Pharao Sanders, Alice Coltrane, John Coltrane, Ornette Coleman og den gjengen der. Av nyare folk er Mats Gustafsson og hans Fire Orchestra, Paal Nilssen-Love og Large Unit. Det er meir den store ensemble-tradisjonen eg står i.

– Og eg trur det er fleire av oss nye i OJKOS no som vil røske opp og forme OJKOS litt på nytt.

Korleis påvirkar det at du er trommis korleis du skriv?
– Det har alt å seie – musikken min er mykje meir rytmisk basert enn tonal. Eg kjem frå modal, spirituell jazz som ikkje er så avansert harmonisk, men heller har eit fokus på rytmikken. Det er mykje suggererande riff som går, og som eg sjølv også synest er noko av det feitaste å spele over.

Også i hans nye prosjekt Marvel får dette utfalde seg. Grunnstammen i Marvel er Ville Lahtinmeiki Trio der han spelar saman med Nicholas Leirtrø, i tillegg til at Tor Haugerud også er med.
– Tenk eit PNL LARGE UNIT med færre folk og meir spirituell 60/70-tals jazz.

Eg vart litt nysgjerrig på ditt forhold til ordet «spirituell».
– For meg er musikken kjensler – det må vere energi. Eg får mest ut av å spele på ting som er suggererande, og anten eksploderer eller er minimalistisk og meditativt. Ein mistar tid og stad og rom.

Dette har han også funne i den marokkanske tradisjonsmusikken Gnawa:
– Den er veldig seremoniell, og dei spelar gjerne strekk over fleire dagar. Eg prøvar å få noko av det inn i dei tinga eg skriv. Ikkje at ein skal få tungetale og heile den greia der, men at ein på eit eller anna nivå skal kjenne på den energien. At det er meir enn berre notane.

Det er interessant med denne frie musikken, som samtidig står veldig sterkt i ein tradisjon. Det er rammer for fridomen.
– Ja, eg opererer veldig ut frå utsagnet «Limitations breeds creativity» – har du eit riff eller landskap som berre er der, så er det så lett å legge det tekniske til side, men heller berre spele det du høyrer eller føler.

Men han er også inspirert av andre retningar:
– Her har eg med ei swinglåt som berre er heilt forjævlig vanskeleg, og ei drum´n´bass-låt – så inspirasjonane kjem frå fleire kantar.

Med Gard Nilssen på Øya, Røysum på Øya i år, Large Unit… det er ein appell med desse store ensembla. På den eine sida er det jo catchy i seg sjølv med så mykje folk, men er folk meir opne for slike jazzuttrykk no?
– Eg trur det har veldig mykje å seie med den ibuande råskapen som er i alle dei ensembla du nemner der. Det tenner noko i publikum. Mitt problem med musikk for større ensemble er ofte dei fine intrikate arrangementa, ein må virkelig spenne øra for å høyre det. Men når du berre får den krafta der…

Kva betyr det for deg å vere med i OJKOS?
– Det er ei enorm moglegheit for å kunne ha tilgang til eit slikt stort orkester. Ein blir ein del av ei familie som kjenner kvarandre betre og betre, og då blir det enklare og enklare å skrive for folk. Eg har skrive for storband og slikt før, men dette er verkeleg noko heilt anna. I storband er det ikkje alle som treng å vere dritgod til å spele solo, men i OJKOS er kvar og ein så ekstremt bra og kan gjere så mykje med den musikken du skriv.

Om ikkje det blir seremoni over fleire dagar, så kan du iallefall oppdage eit nytt OJKOS med Trym Saugstad Karlsen på tysdag kveld!


Konsert: OJKOS spiller: Trym Saugstad Karlsen

tirsdag 13. februar kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 220 / 170 / 120

Andrea Silvia Giordano – fløyte/vokal/elektronikk
Henriette Eilertsen – fløyte
Tuva Halse – fiolin
Andrine Dyblie Erdal – cello
Maria Dybbroe – saksofon
Sol Léna-Schroll – saksofon/klarinett
Aksel Rønning – saksofon/klarinett
Øyvind Mathisen – trompet
Richard Köster – trompet
Johannes Fosse Solvang – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Martin Lee Thompson – euphonium
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Liv Andrea Hauge – piano
Georgia Wartel Collins – kontrabass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Soddjazz - 26. og 27. april 2024

Det er den Straumen

FESTIVAL: Dra til Inderøya og Soddjazz for en smak av en annen virkelighet.

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Meld deg på vårt nyhetsbrev