Intervju

OJKOS spelar Johannes Fosse Solvang: – Eit hus på kanten av stupet

Trombonist og komponist Johannes Fosse Solvang har skrive sin siste konsert for OJKOS. Vi tok ein prat med Johannes før konserten – om å skrive musikk og om lytting.

Av Torkjell Hovland

– Eg ville nytte heile spekteret av orkesteret denne gongen, å verkeleg få det til å låte som eit stort band. Det er jo godt mogleg at det er siste sjanse for å gjere noko slikt med eit stort ensemble.

Musikken som OJKOS skal framføre på tysdag, hadde sitt opphav i skriveveker Johannes hadde i NOPA si leiligheit i Berlin for omtrent eit år sidan.

– Det er på mange måtar ei vidareføring av musikken på Miniatyrland, som eg gjorde saman med Camilla (Hole). Det er mykje kontrastar.

Utover den vanlege besetninga i OJKOS er Siril Malmedal Hauge med på vokal og fløyte denne gongen, i tillegg til pianist Phillip Granly. Med Siril kjem også tekstar som Johannes har skrive. Johannes vart far berre nokre månader etter skriveopphaldet i Berlin, og i tekstane finn ein spor:
– Den eine teksten handlar for eksempel eigentleg berre om ei av leikene til ungen min, hehe.

Er du ein som skaper med utgangspunkt i musikalske idear, eller med konsept som utgangspunkt?
– Absolutt det første, det er ikkje programmusikk i det heile tatt. Og eg høyrer ikkje på musikk på den måten heller.

– Eigentleg er det slik med tilnærminga mi til tekst også – det er mest lyden av orda eg er interessert i, korleis dei framstår musikalsk, meir enn akkurat innhaldet i teksten.

Korleis går du fram når du skal starte skrivinga? Startar du med instrumentet?
– Nei, eg likar å overvelde meg sjølv med musikk, å plukke småbitar her og der som eg likar. Stjele ei takt frå ein symfoni eller ein akkord – finne ut i detalj kva det faktisk er.

Eg høyrde eit intervju med komponisten Marcus Paus på Drivkraft. Når han snakka om det unike parafraserte han Stephen Sondheim som meinte at det unike er det som oppstår gjennom deg som et prisme.
– Ja, og eg er ikkje skeptisk lenger til å «stjele». For det blir så veldig annleis så fort. Det skal så lite til, og din eigne estetikk ber du liksom med deg heile tida.

– Eg er også heilt avhengig av å høyre på musikk, både for å få idear, men også for å opprettholde gleden ved musikk – det er liksom ein muskel. Eg trur podkast kan vere ein trussel mot musikklyttinga, det er så lettvint å høyre på skravling.

Ja, eg kjenner meg igjen i det…

Kva lytta du til når du skulle skrive dette?
– Denne gongen lytta eg mykje til store band, orkester. Litt for å tune meg inn på den frekvensen. For eksempel John Hollenbeck, om eg skal trekke fram ein spesiell.

Johannes fortel at han er mest opptatt av ideane i musikken når han skriv, og ikkje vil detaljstyre det: – Eg interesserer meg meir for kva enn korleis. Eg kunne for eksempel aldri laga ei drone som hadde ein sånn liten teksturforskjell «akkurat der».

– Og eg vil at musikken skal ha ein del overraskande element. Eg har alltid syns at det gøyaste er den første bladspelinga. Når ein blir kjent med ting for første gong.

Dette er siste prosjektet Johannes skriv for OJKOS.
– Vi er i eit generasjonsskifte no, og hausten 2024 er det ingen av oss som var med frå starten som er med lenger.

Kva ser du tilbake på som du har fått ut av desse åra?
– Vi har blitt betre musikarar, og kollektivt har vi blitt meir profesjonalisert og smarte på korleis vi brukar tida.Vi blir kjent med medmusikantane på ein veldig spesiell måte når alle har sine prosjekt.

I desse dagar er inntakskomiteen ferdig med å gå gjennom dei mellom 60-70 søknadane som kom inn til dei ledige plassane i OJKOS – kollektivet er i gradvis, spennande forandring.

For Johannes får heldigvis musikken uttrykk andre stader også, og til neste år får vi meir musikk frå kvartetten Doomsday Preppers som gav ut plata «2020» i 2021.

– Det er ei av låtane som heiter A House built on the edge of a cliff – det er litt slik eg ser på prosjektet også – ein brukar lang tid på å bygge et fundament som kanskje er 99% sikkert. Det er fryktelig spennande.

Berre to dagar etter konserten går orkesteret i studio, så får du ikkje med deg konserten vil musikken heldigvis bli tilgjengeleg for øyrene dine på andre vis. Som ei oppvarming til konserten kan du høyre Miniatyrland her! Og her kan du høyre ein mixtape Johannes har laga for SVS Radio med musikk som har inspirert han.

 


Konsert: OJKOS spiller: Johannes Fosse Solvang

tirsdag 21. mars kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 200 / 150

Siril Malmedal Hague – vokal og fløyte
Camilla Hole – sopransaksofon og klarinett
Maria Dybroe – altsaksofon og klarinett
Sigrid Aftret – tenorsaksofon og fløyte
Tina Lægreid Olsen – barytonsaksofon og bassklarinett
Richard Köster – trompet
Lyder Røed – trompet
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Johannes Fosse Solvang – trombone og komposisjon
Magnus Murphy Joelson – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Phillip Granly – piano
Arne Martin Nybo – gitar
Alexander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturråd og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Panikk i gavedisken

Gjør gaveinnspurten lettere med vår store spesial, hvor Jazznytts skribenter kommer med sine tips fra jazzen og omegnen!

Nyhet

Halvannen million til Nordnorsk Jazzensemble

Nordnorsk Jazzensemble er tildelt 1,5 millioner kroner fra Samfunnsløftet, Sparebank1 Nord-Norge. - Dette gjør at vi nå kan utvikle nye prosjekter, sier en svært glad daglig leder i Nordnorsk jazzsenter, Ulla-Stina Wiland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev