Intervju

OJKOS og Camilla Hole: Streets in the sky – who are you up there?

Saksofonist og komponist Camilla Hole har skrive sitt siste verk for OJKOS før ho gir seg til hausten etter å ha vore med sidan starten i 2018. Verket Streets in the sky – who are you up there? sirklar rundt bustadblokker og høghus og visjonane rundt desse byane i skyene.

Av Torkjell Hovland

Kva er det vi skal få høyre når verket ditt blir urframført på Victoria Nasjonal jazzscene 21. feb?
– Dette er musikk som er basert på kjensler og intuisjon. Eg måtte gjere noko som er heilt og fullt frå meg sjølv. Ikkje henge meg opp i alt eg bør gjere, men berre gjer det eg vil.

Hole har denne gongen teke utgangspunkt i fascinasjonen hennar for bustadblokker, kjenslene og fantasien det vekker.
– Kanskje har det noko med at eg flytta opp i Groruddalen. Når du står utanfor ei massiv betongblokk – tenk alle dei menneska, alle liva, som er samla der.

Ho minnest tilbake til barndommen med Anne Cath Vestly sine skildringar av livet i byens blokker. Det var noko anna enn i bygda ho vaks opp: – Eg hugsar eg tenkte på det då eg var liten, kor praktisk det hadde vore om heile bygda berre budde i ei blokk!

Hole sette seg meir inn i historien til drabantbyane og til dei utopiske ideane som låg bak denne bustadbygginga, denne måten å bu på:
– Det var enorme visjonar dei hadde. Men eg får jo også assosiasjonar til dystopiske science fiction og estetikken rundt det.

Korleis blir dette omforma til musikalske idear?
– Det handlar om kjensler. Det opnar med undring, kribling – vi har ein visjon. Og så går det vidare til ein anna kjensle “Kva i helvete er det vi har gjort no?”. I tillegg alt livet i dette huset – det er ikkje ein sånn «alt går til helvete»-konsert altså.

Dette blir musikk for Hole, og til verket Streets in the sky – who are you up there?

Med seg på laget denne gongen har ho Ane Bjerkan som både syng og har skrive delar av tekstane til verket.

Hole har over fleire år hatt sin eigen trio, som no nettopp har spelt inn den andre plata etter eit tingingsverk til Pederhusveka i fjor. Der var Sigrid Moldestad og Torstein Slåen også med, i tillegg til Knut Kvifte Nesheim og Egil Kalman.

Kva er den største forskjellen på å skrive til trioen og eit så stort ensemble som OJKOS?
– Det eine er jo berre ein ting som notar då. I trioen så jobbar vi som oftast med former og metaforiske idear, eller enkle instruksjonar. Her er det jo mykje meir detaljar som må med. Men denne gongen har eg meir enn tidlegare med OJKOS kommunisert med kvar enkelt musikar, det er individuelt tilpassa – “skjønnar du det om eg skriv det slik? Går dette an å spele slik?”. Ein kan liksom ikkje berre sende denne blekka til eit storband og så funkar det. Vi skal jo få fram individa her.

Cellist Ellen-Martine Gismervik og pianist Bjørn-Even Verbeke er også med som ikkje-OJKOS-folk.

Av musikalske impulsar til dette verket då?
– Trondheim Jazzorkester si tilnærming til musikk til store ensemble har eg blitt inspirert av. Men eg har også høyrt meir på meir sånne «poppete band-ting” – FIEH, Mall Girl, NO 4 og dei lydbileta deira. Men utover det så er det ikkje sånn veldig spesifikk inspirasjon til akkurat dette verket.

Ho trekk dessutan fram at det er absolutt mest spennande ting på den norske jazzscena, noko ho opplevde på Jazzahead-messa i fjor: – Eg vart litt skuffa av dei andre landa der, eg innsåg kor sjukt mykje bra det er på den norske jazzscenen. Eg trur kanskje det er noko med haldninga, det sjangeroverskridande og frie. Eg trur eg set pris på at ting er litt meir ærleg og upretensiøst. Ikkje berre virtuost, liksom.

No når du snart er ferdig i OJKOS – kva sit du igjen med – kva har du lært?
– Det går veldig mykje på kva som fungerer i ein slik setting. Berre reint praktisk for eksempel – korleis ein legg opp øvingane når vi har så lite tid, for eksempel. Meir effektivt notespråk slik at det funkar med ein gong. Og som instrumentalist også – å lære meg ting på kort tid og fort omstille seg til neste prosjekt.

– Og så hugsar eg at i starten var eg oppteken av kven skal eg vere her? Kva for ein saksofonist vil dei ha no? Men så fann eg jo ut at eg berre må vere meg sjølv.

Det trur eg er ei erfaring mange støter på, ikkje berre i OJKOS, men i utanommusikalske samanhengar. Det er jo deg du kan vere liksom.

– Ja, og det tar litt tid å skjønne det.

Ja. Og slik har OJKOS blitt ein arbeidsplass med andre erfaringar enn kva ein nødvendigvis får som “einsam” sjølvstendig næringsdrivande.

No er fristen for å søke som medlem i OJKOS rett rundt hjørnet, 28. februar, og Camilla oppmodar om å søke:
– Folk må ikkje vere redde for å ikkje passe inn, det er nettopp det individuelle OJKOS vil ha. Om du vil vere med å lage musikk, så er det mykje som ein kan lære seg undervegs når det kjem til det som handlar om å skrive notar for eit så stort ensemble osv.

Meir informasjon ledige plassar i OJKOS her


Konsert: OJKOS spiller: Camilla Hole

tirsdag 21. februar kl 20, dørene åpner 19
Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 200 / 150

Ane Bjerkan -vokal/harmonium
Camilla Hole – sopransaksofon
Maria Dybbroe – altsaksofon
Sigrid Aftret – tenorsaksofon
Tina Lægreid Olsen – barytonsaxofon
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Ellen-Martine Gismervik – cello
Magnus Murphy Joelson – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Andreas Rotevatn – trombone
Bjørn-Even Bjarkli Verbeke – piano
Arne Martin Nubo – gitar
Aleksander Hoholm – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturråd, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyheter

– En seier for regionalt kulturliv

Regjeringen foreslår 75 millioner kroner til regionale kulturfond i 2025. – Endelig innfrir regjeringen et av løftene fra Hurdalsplattformen. Dette er en seier for det lokale- og regionale kulturlivet, sier daglig leder i Norsk jazzforum, Gry Bråtømyr. Samtidig uttrykker hun bekymring for et presset Norsk kulturfond.

Now's the time

NTT: Syng med den bassen du har

Den syngende bassisten Oda Kristine Steinkopf platedebuterer, vokalduoen Propan arrangerer firedagers festival, Peder Overvik Stuberg loser oss gjennom Fri Resonans, vi har vært på Fram Kunstfest, ser frem til et Blow Out-høydepunkt og vi minnes Terje Bjørklund.

Meld deg på vårt nyhetsbrev