Nyheter

OJKOS søker to nye medlemmar

OJKOS er eit komponist-kollektiv for skapande utøvarar, der kvart medlem skriv og får framført sin musikk mot å spele andre sine verk. No opnar vi opp for søknadar for å fylle to plassar i orkesteret, frå mars 2022.

I OJKOS får du vere med i eit band med høgt kunstnerisk nivå, høg aktivitet, ein fast konsertserie på Victoria Nasjonal Jazzscene og ambisiøse planar. Til no har bandet spelt ti konsertar i året og gjort fleire plateinnspelingar. OJKOS er meint som eit prosjekt for profesjonelle komponistar/utøvarar i etableringsfasen og ein får tilbod om å vere ein del av bandet i inntil fem år før ein må gje plassen vidare til neste generasjon.

OJKOS kan tilby honorerte konsertar og subsidierte Tono-midlar til komponisten. Bandet finansierast av Østnorsk jazzsenter, med konsertinntekter fra m.a. Nasjonal jazzscene. I tillegg har vi so langt motteke konsert-, innspelings- og bestillingsverktilskot fra Norsk kulturråd, Oslo kommune m.fl. Alle medlemmar i OJKOS får komponere bestillingsverk til bandet.

Vi søker i denne omgang ikkje etter komp-instrument eller messing.

Søkaren må kunne vise til god kompetanse både som musikar og som komponist.
Søkaren må vere fødd i 1992 eller seinare.
Søkaren kan ikkje vere under grunnutdanning (bachelor) ved oppstart.

Søknadsfrist: 15. november (du får svar innan 1.desember)
Send kort tekst om din motivasjon for å bli medlem + CV, relevante lydopptak (og evt. partitur) som viser deg som komponist OG utøvar til kontakt@ojkos.no

Fra forsiden

Trondheim Voices - Bærum Jazzfestival, Henie Onstad Kunstsenter - 31. oktober 2026

Musikken i pusten

FESTIVAL: Kraften og eventyrligheten i Natali Abrahamsen Garners verk tar nesten pusten fra oss.

Now's the time

NTT: Vi underkaster oss høsten

Uma Morelia Bustos Reksten speller bass, Thea Grant har vokalforestillinger og Torhild Ostad har konsert og LP med Carsten Dahl og Arild Andersen. Vi møter alle tre i personlig lune, samt mye mer.

Meld deg på vårt nyhetsbrev