Nyhet

Vossa Jazz i palmehelga avlyst

Vossa Jazz i mars er avlyst. Den 48. festivalen vert skipa til 24.-26. september 2021.

På dagen eitt år etter avlysinga av Vossa Jazz 2020, lyt me med tungt hjarte diverre avlysa igjen, men me planlegg å skipa til den 48. Vossa Jazz allereie i haust, skriv festivalen i ei pressemelding i dag.

På bakgrunn av tilrådingar frå styresmaktene og den uvissa alle står i, vurderer Vossa Jazz det slik at det rett og slett ikkje er forsvarleg å skipa til festival i Palmehelga. Alle billettar til årets festival vil verta refunderte.

– Me har stått i uvissa i over eit år, men planlagt for å kunna gjennomføra i Palmehelga. No vart skjera i sjøen for mange og høge og me vel å avlysa festivalen. Men me gjev oss ikkje, no ser me framover og gler oss til å oppleva levande musikk frå fantastiske artistar. Fullstendig program må koma attende til, det er mange detaljar som må på plass, seier dagleg leiar Trude Storheim.

Fra forsiden

Per Oddvar Johansen - Kampenjazz, Cafeteateret - 15. november 2026

Per-Oddvars

KONSERT: Johansen gjør gamle slagere og farger noen av dem gylne.

Jonas Cambien´s Maca Conu - Victoria, Nasjonal jazzscene - 11. november 2026

Camba Jonu

KONSERT: Maca Conu er verktøyet Jonas Cambien trenger for å bygge stort.

Meld deg på vårt nyhetsbrev