Nyhet

Ein smak av Vossa Jazz

Palmehelga byr likevel på ein smak av Vossa Jazz. Fredag 3. april, i samarbeid med Verftet Online Music Festival, presenterer festivalen eit nytt band, Reformasjonen, tinga særskild til dette høvet.

I den nye, bergensbaserte konstellasjonen Reformasjonen speler Mari Kvien Brunvoll, Kjetil Møster, Stein Urheim, Jørgen Træen, Chris Holm og Øyvind Skarbø.

– Fire av desse seks strålande musikarane har motteke Vossa Jazz-prisen tidlegare, så dette lovar godt. Det blir fritt, kortreist, smittefritt og sjølvsagt tilgjengeleg rett heim i stova di via verdsveven på festivalfredagen, seier dagleg leiar i Vossa Jazz, Trude Storheim. Fredag 3. april kl 20 speler dei live over streaming 

Sjølv om akkurat denne gjengen ikkje har stått på same scene før, ville det vore lett å spore smittevegane blant dei i og med at dei heile tida er i direkte eller indirekte kontakt med kvarandre på kryss og tvers i ulike musikkprosjekt, fortel festivalen. Stein og Mari har samarbeidd lenge, og til Vossa Jazz 2016 hadde dei mellom andre med seg Kjetil på eit bestillingsverk som vart til utgjevinga «Utopian Tales». Jørgen var produsent for denne utgjevinga, som han òg har vore for både Kjetil sine plater med bandet Møster!, og for Øyvind Skarbø sitt Vossa Jazz-aktuelle Skarbø Skulekorps, der Chris Holm spelar bass.

Konsertar flytta til 2021
Vossa Jazz jobbar no med å finna svar på spørsmål som gjeld økonomien for både festivalen, musikarane og leverandørar. Festivalen har byrja arbeidet med å flytta arrangement, og mange av konsertane som stod på årets program er flytta til 2021.

– Eg er veldig glad for at årets Tingingsverk-komponist, Ingebrigt Håker Flaten og hans internasjonale oktett, er klare for urframføring laurdag 27. mars 2021. Det vert spanande å sjå korleis verket vil utvikla seg i året som kjem og gjera opp status på kva innverknad dette ekstra året har hatt for verket når Ingebrigt står på scena neste år, seier Trude Storheim.

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Panikk i gavedisken

Gjør gaveinnspurten lettere med vår store spesial, hvor Jazznytts skribenter kommer med sine tips fra jazzen og omegnen!

Nyhet

Halvannen million til Nordnorsk Jazzensemble

Nordnorsk Jazzensemble er tildelt 1,5 millioner kroner fra Samfunnsløftet, Sparebank1 Nord-Norge. - Dette gjør at vi nå kan utvikle nye prosjekter, sier en svært glad daglig leder i Nordnorsk jazzsenter, Ulla-Stina Wiland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev