Nyheter

OJKOS inviterer til festkonsert: Velkommen til laboratoriet

Fredag 24. januar inviterer OJKOS til festkonsert på Victoria. 700 minutt ny musikk har kome ut av ensemblet i løpet av dei to siste åra, og til festkonserten har samtlege medlemmar skrive ei ny låt kvar.

For to år sidan sat fire musikarar rundt eit bord på Kulturhuset, fulle av spelelyst, og ynskte å lage musikk for større ensemble. Dei skjønte at det er betre å gå saman om eit prosjekt enn at alle skal konkurrere om dei same travle opptekne musikarane. 700 minutt ny OJKOS-musikk etter, møter vi dei fire musikarane i styret på same bordet.

OJKOS er eit interessant eksperiment. Til dei første konsertane skreiv dei 14 musikarane eit stykke kvar. Sidan den gong har kvar musikar skrive kvar sin konsert (dei siste fire kjem i løpet av 2020). Av all krysspolleneringa mellom dei ulike musikalske hovuda, kjem det musikk som berre hadde kome i ein slik samanheng.

Det blir spennande å høyre kva som er annleis no enn første gong då?
– Ja, eg trur alle gler seg til å skrive og få litt revansj for første konserten, meiner Magnus Murphy Joelson.
– Det var jo ein kul “sound” den gongen også…, legg trombonist Andreas Rotevatn til.
– Jada, men då kunne vi ikkje noko for det, på ein måte – no har vi kanskje i større grad sikta oss inn mot noko, svarar Magnus.
– Musikken som kjem ut frå OJKOS er jo summen av kvar av musikarane si eiga greie. Sjølv om vi 14 menneska er blitt godt kjent, så er vi jo utruleg forskjellige. Då oppstår det nye ting, seier fløytist Henriette H. Eilertsen.
– Samtidig er det overraskande mange koplingar, synest Andreas. – Mange er interessert i mykje dei same musikalske konsepta.

Arbeidet med OJKOS er intenst. Då denne samtalen fann stad, hadde fristen for innlevering av komposisjonar akkurat vore: – Det blir ganske sjukt no – no har vi to øvingar på 14 nye komposisjonar. Og om alle flexar musklane sine på dei fire minutta, så kan det bli heftig. Men det er det som er gøy!, seier Magnus som hadde lagt seg klokka seks natta før vi møttest: – Og eg trur eg har plaga samtlege med spørsmål.

Gjennom dei ulike intervjua vi har gjort i forkant av konsertane, har det vorte tydeleg kor driftige desse musikarane er også med andre prosjekt. Namna på OJKOS-lista dukkar stadig opp på utgjevingar i det norske jazzlandskapet.
– Det har vore viktig at OJKOS ikkje skal spenne bein på andre prosjekt som musikarane driv med. Det er jo berre positivt å få andre impulsar. Og i tillegg har det berre vore fint for komponisten å velje nokre unike vikarar slik at instrumenteringa blir litt ulik kvar gong, seier Andreas.
– Det som er bra er jo at det berre er eit prosjekt per to år. Kvar månad får du ny musikk frå ein som har dette som eit av hovudmåla det året – det er ganske vilt, påpeikar Magnus.

Førebels er OJKOS avhengig av løpande støtte kvart halvår. – Det er heile tida ei balanse mellom kor mykje arbeidstid ein kan legge i det utan å vite om ein får pengar for det. Ein må unngå at slikt arbeid ikkje drep energien, meiner Henriette.
– Avtalen med Victoria er gull, legg Tina til. – At vi kan vere der å øve på dagtid og ha konsertane der. Det er så fint å ha ein fast arbeidsplass liksom.
Førebels er det slik at ein kan vere med i fem år. – Tida har gått sjukt fort, synest Tina.

Festkonserten fredag 24. vil også synleggjere 14 ulike måtar å komponere på. Kvar komponist har fått utdelt ein solist dei skal skrive for. Saksofonist Tina Lægreid Olsen har skrive for trombonist Johannes Fosse Solvang som solist, og har snakka med folk som kjenner han. Ut i frå ting dei har sagt, har ho utfordra Johannes på det som kjenneteiknar han. Andreas fekk eit opptak frå sin solist, trommeslagar Knut Kvifte Nesheim, og komponerte ut i frå utdrag frå det opptaket. Henriette har skrive for trompetist Tancred Heyerdal Husø og laga eit kviskreorkester til han. Magnus har skrive for Henriette og prøvd å skrive ting ho vanlegvis ikkje gjer så mykje.

– Det har også blitt ein fin arena for musikarar og publikum å treffast etter tysdagskonsertane, seier Henriette.
Nettopp det kollegiale fellesskapet i OJKOS er kjærkome i ein ofte einsam frilanserkvardag. Andreas trekk fram fokuset på psykisk helse blant frilansarar og meiner at fellesskapet eit slikt ensemble er er noko av det viktigaste med OJKOS: – Ein sit jo gjerne i kvar sin heim og lurer på om det berre er du som ikkje veit kva som skjer neste halvår, eller sit fast i ein kunstnarisk prosess for eksempel. Då er det fint å treffast, å ha noko å møte opp til som ikkje berre er avhengig av ditt eige initiativ.
– Vi hadde skrivekollokvie i stova vår i går. Det går ein del mailar fram og tilbake med spørsmål. Den biten har også vore veldig lærerik, meiner Tina.

OJKOS kjem med debut-plata si – “alea iacta est” – på Odin i april. Dette er musikken frå konserten til Andreas, og blir den første studio-innspelinga som vert utgjeven. Men før det kjem det òg ut eit live-opptak frå Victoria på plate, nemleg tidlegare trommeslagar i OJKOS Michaela Antalova sitt verk “Nethuns”. Denne kjem ut på Dugnad records i mars. Kvar musikar har ansvar og eigarskap til sin konsert og kan gi ut på det plateselskapet dei vil.
– Når du har ei utdanning og har frilansa i mange år, så er ein jo god, påpeikar Andreas. – Men samtidig er det ein risiko for eit etablert jazzensemble å ha eit ukjent namn på plakaten. I OJKOS får du moglegheita til å skrive for større ensemble likevel.

Her kan du høyre denne månadens mixtape frå OJKOS på SVS Radio.

Tekst: Torkjell Hovland


Konsert:

OJKOS Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo
fredag 24. januar, dørene opnar 20 / konsertstart 21
Victoria Nasjonal jazzscene

Henriette H. Eilertsen, fløyte
Camilla Hole, saksofon
Tina L. Olsen,  saksofon
Richard Köster,  trompet
Lyder Øvreås Røed, trompet
Tancred H. Husø¸ trompet
Andreas Rotevatn, trombone
Magnus J. Murphy,  trombone
Johannes Fosse Solvang, trombone
Kristoffer Håvik,  piano
Arne Martin Nybo, gitar
Mike McCormick, gitar
Aleksander Hoholm, bass
Knut K. Nesheim, vibrafon

OJKOS er eit samarbeid mellom Østnorsk jazzsenter, Nasjonal jazzscene og ei prosjektgruppe på fem jazzutøvarar/-komponistar.
OJKOS har fått tilskudd fra Kulturrådet, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev