Nyhet

Storløkken og Kaada skriv ny musikk til Vossa Jazz

Vossa Jazz har bede to av landets mest særeigne og bejubla komponist-musikarar om å skriva ny musikk til Vossa Jazz 2019: John Erik Kaada og Ståle Storløkken.

Pianist, multiinstrumentalist og komponist John Erik Kaada er ein særs mangslungen musikar. Det seiest at han eig rundt 500 instrument, og dette skin gjennom i musikken hans. Han har fronta den eksperimentelle Stavanger-gruppa Cloroform sidan seint 90-tal, samarbeidd med Mike Patton (Faith No More) og har laga fleire spanande soloalbum under artistnavnet Kaada. Han er òg ein svært etterspurd filmmusikkkomponist, og har tonesatt filmar som Hawaii, Oslo, Mongoland, Alt om min far og Mannen som elsket Yngve.

Den siste soloplata hans, Closing Statements frå 2018, er ein atmosfærisk, mangefasettert og filosofisk breidt anlagt plate, der kvart spor tek utgangspunkt i kjente menneske sine siste ord på dødsleiet. Det noko morbide utgangspunktet har likevel resultert i ei plate som handlar meir om liv enn om død: «Vi må ikke vente til de siste minuttene av livet før vi hører etter på hva folk sier», har Kaada sjølv sagt om plata.

Tangentmeister Ståle Storløkken har dei røynde fingrane sine med i spelet i mykje av det beste som skjedd på den norske jazzscena dei siste åra: Supersilent, Elephant9, Rypdal sitt Skywards-band, Møster! og svært mykje anna. Han er ikkje framand for bestillingsverk og Vossa Jazz, verken som musikar eller komponist. Han var medkomponist til Berit Opheim sitt Tingingsverk Ein engel går stilt frå 2007, og utøvar på Terje Rypdal sitt Vossabrygg. I 2010 laga han ein bestilling til Moldejazz saman med Motorpsycho, Trondheim Jazzorkester og Trondheimssolistane, som vart til plata The Death Defying Unicorn (2012).

Når to «gale professorar» som Kaada og Storløkken møtest, vert resultatet mangefasettert og sjangeroverskridande. Med ymse elektronikk, ulike instrument og fleire fantastiske musikarar kan me lova ei musikalsk oppleving av dei heilt sjeldne.


Kaada (pressefoto)

Mer om Vossa Jazz-programmet her.

Fra forsiden

Nyhet

Garner skal lede Trondheim Voices

Natali Abrahamsen Garner er ny kunstnerisk leder for Trondheim Voices. Ensemblet er svært begeistret for at Natali nå skal overta lederrollen, forteller styret i Midtnorsk jazzsenter.

Nyhet

Spalding blir residerende artist på Moldejazz

Den amerikanske bassisten og vokalisten Esperanza Spalding blir Artist in Residence under Moldejazz 2026. Publikum kan se frem til en helt unik festivalopplevelse med minst fire ulike konserter som strekker seg fra det intime og akustiske til det grensesprengende og tverrkunstneriske, forteller festivalen i en pressemelding.

Meld deg på vårt nyhetsbrev