Jazznytt

Det som aldri blir gammalt

JAZZNYTT: Ein frijazz-skandinav fortel om drivkrafta bak musikken.

Tekst: Olav Opsvik/Jazznytt
Foto: Peter Gannushkin

Saken ble først publisert i Jazznytt #238 vår 2016. Jazznytt kan kjøpes på blant annet Narvesen, Bare Jazz og Big Dipper, eller du kan abonnere her, http://jazznytt.jazzinorge.no/abonnement/ , og få magasinet rett hjem i postkassa.
Saken ble først publisert i Jazznytt #238 vår 2016. Jazznytt kan kjøpes på blant annet Narvesen, Bare Jazz og Big Dipper, eller du kan abonnere her, http://jazznytt.jazzinorge.no/abonnement/ , og få magasinet rett hjem i postkassa.

2016 har så vidt byrja, men jazzåret, her representert ved festivalen All Ears 2016, og mitt første intervjuobjekt for året, er allereie godt i gang. Etter ei helg på festival, og enno nokre timar igjen å sjå fram til før livet går vidare, får eg møte Mette Rasmussen, saxofonisten Trondheim og Noreg har vore så heldige å få låne frå Danmark i mange år no, i kaféen på Cinemateket søndag ettermiddag. Vi har akkurat nok tid til ein prat før ho skal få med seg kinovisninga ein dokumentar om støyscena i Søraust-Asia.

– All Ears er verkeleg ein utruleg fin festival, og det har vore fantastisk mykje bra musikk dei to siste dagane. Det var også kjempeartig å spele konsert, slår Mette fast med ein gang. Ho talar mildt og lågt, men har ingen problem med å formidle stor entusiasme, og eit breidt smil eller latteren er aldri langt unna. Hennar bidrag til årets festival var ein duokonsert saman med trommeslagar Chris Corsano som har ein CV med namn som Evan Parker, Thurston Moore og Björk på lista over tidlegare samarbeidspartnarar.

Det seier litt om kor godt etablert Rasmussen allereie har blitt internasjonalt. samtidig dukkar namnet hennar opp i stadig fleire samanhengar også i Noreg, inkludert årets Spellemann-utdeling der ho skal stå på scena med Kristoffer Lo og Trondheim Jazzorkester. Spellemann-jobben er berre ein mange nemneverdige planar for 2016 som vi skal kome tilbake til. Nett no er Mette takksam for at ho denne andre helga i året hadde tid til å slappe av nokre dagar med All Ears. – Det er så ofte eg ikkje har tid, at eg berre må vidare, så når eg først har nokre dagar er det fint å bli igjen litt å få med seg det som skjer, fortel ho.

Corsano har også vore igjen i Oslo, og stikk bortom bordet for å spør om ho har tenkt å få med seg filmen. Dei to har spelt saman sidan 2013, og har fått godt med merksemd. Downbeats utsende på ein konsert i 2014 omtala Rasmussen som ein «skandinavisk saxofonsensasjon», og i 2015 gav dei ut langspelaren All the Ghosts at Once. – Det som er show med den plata er at materialet er frå 2013, faktisk frå den aller første gangen vi spelte saman, seier Mette og fortel om den relativt spontane studisesjonen dei gjorde i New York før sin første konsert saman.
– Har uttrykket dykkar forandra seg mykje sidan det første møtet?
– Eg vil seie det har utvikla seg noko, ja, men samtidig har vi framleis den spontaniteten og energien som oppstod den gangen. I løpet av mai og juni i fjor hadde vi til saman over 30 konsertar, men det blei liksom aldri rart eller rutine, sjølv med 20 dagar på rad med improvisert musikk i løpet av den perioda, fortel ho, tydeleg glad for eit godt musikalsk partnerskap med den amerikanske trommeslagaren.

Så, korleis blei Mette Rasmussen ein globetrottar som hausta lovord for sine samarbeid med namn som Chris Corsano og Alan Silva? Og kvifor har ho signa oss med sitt nærver her på bjerget i staden for å halde seg påkobla kontinentet heime i Danmark?        Rasmussen er oppvaksen i Grønning, ein liten stad nord på Jylland, ikkje langt frå Skive. Ho kjem ikkje frå ein utprega musiker-familie, men interessa for musikka kom tidleg. – Det var ein energi som veldig tidleg var der, at eg berre måtte spele. Eg fekk privatundervisning på piano heime, men etter kvart såg eg fleire spele saxofon, og der berre var noko der eg måtte utforske, fortel ho. Ho kjende tidleg at der var noko i dette ho søkte.

Medan til dømes piano og gitar er veldig visuelt, er saxofonen veldig kroppsleg og fysisk, og eg trur eg kjente det med ein gang, seier Mette. Utan naturlege rettleiarar rundt seg endte ho opp med å oppsøke jazzplater på biblioteket. – Ganske tilfeldig var den første plata eg drog ut frå bibliotekhylla faktisk Keith Jarrets Expectations, og det er ei plate eg er veldig glad i framleis, heile stemninga og den gjengen der er berre utruleg bra, seier ho entusiastisk. – På den plata spelte Jarrett både saksofon og piano, slik som også eg gjorde, så utan at eg visste noko særskild meir om han den gangen, tenkte eg at det var ein god plass å starte. Eg trur ikkje eg forstod så masse av musikken, men eg lytta ivrig medan eg sat med lekser og kicka umiddelbart på energien på plata. Eg lyttar framleis til den plata, og kan høyre noko av den energien i mi eiga speling i dag.

Vegen vidare gjekk på musikkskule, og etter kvart det dei i Danmark kallar MGK, altså musikalsk grunnkurs, i Århus, med rockeband og storband, endte til slutt på Det Jyske musikkonservatorium. Der spissa det seg meir mot jazz og fri-improvisasjon. – I Århus blei det booka inn mange bra konsertar. Eg hugsar spesielt godt Peter Brötzmann Chicago Tentet som ei sterk oppleving, og der var mange andre bra frijazzband. Alle konsertane eg gjekk på i den perioda var veldig inspirerande. Samtidig hadde eg eit band der alle var interessert i å utforske improvisert musikk, og eg kjende at det var dette eg hadde søkt etter.
– Og kva er det?
Det er veldig mykje kommunikasjon og dialog mellom dei musikarane ein spelar med, i alle fall, og eg oppnår det i størst grad med improvisert musikk. Eg har spelt mykje anna òg, frå punk til storband, men den improviserte musikken har lenge vore hovudfokus. Samtidig høyrer eg mykje fridom i til dømes den gamle storbandmusikken òg, innanfor dei rammene som var der, forklarar ho, med den ganske så samansette og spesielle dialekta si. Ein kunne nesten kalla det sam-skandinavisk, med tydelege spor etter både svensk og trøndersk over eit dansk fundament. Den har sjølvsagt ei naturleg forklaring.
– Etter fullført bachelorgrad frå konservatoriet i Århus kom eg inn på Nordisk jazzmaster, med eit semester kvar i høvesvis Århus, Stockholm, Helsinki og til slutt Trondheim. Når eg til slutt endte opp i Trondheim kjente eg på at eg hadde flytta ganske mykje. Det var ganske intenst å ta den utdanninga, og eg tenkte av eg ville bli igjen ei periode for å roe ned, fortel ho. Då det hadde gått eit par år blei det også til ei meir medviten avgjerdsle å faktisk busette seg i trønderhovudstaden, og sidan har ho vore der.
– No har eg budd i Trondheim i seks år, og likar det veldig godt. Eg har lite spelejobbar de, og brukar svært mykje av tida mi på vegen, så når eg først er heime er det godt å få beina på bakken. Trondheim er ein liten og jordnær by, og det synest eg er fint. Men samtidig har den eit kjempebra konserttilbod, fortel ho og trekk fram scener som Fri Form på Dokkhuset, PØKK & Ny Musikk.
– Men det er heller ikkje slik at eg har fri når eg er heime. Eg har eit øvingslokale ikkje langt frå leilegheita mi på Bakklandet, og brukar mykje av tida mi der. I tillegg står eg som regel for all booking, presse og planlegging sjølv, så det går heit sjukt mykje tid til det!
– Du hadde altså eitt semester i Trondheim. Levde studiet opp til den nærast mytologiske statusen det har i Noreg?
– Det stemmer veldig bra at ein får god plass og støtte til å vere seg sjølv i Trondheim, medan ein del andre stadar er meir i ein Berkley-tradisjon, med visse regelsett ein må gjennom. Og det var fint med eit lite miljø, slik at det var lett å ta ein jam og køyre på, seier Mette.

Gjennom tida si i byen har ho blitt eit viktig innslag gjennom fleire ulike konstellasjonar, frå tidlege krumspring med trioen Dina Kompisars Kompisar med Ole Mofjell og Elsa Bergmann, til større prosjekt med Trondheim Jazzorkester, som stiller både med innslag og som nominerte under leiing av Kristoffer Lo på årets Spellemann. – Kristoffer har ei utruleg bra drivkraft, og det har vore artig å vere med på prosjektet hans, som verkeleg er sjangeroverskridande, slår ho fast.
Med det same prosjektet blir det også ein norgesturné i februar, og under årets Moldejazz skal ho igjen spele med Jazzorkesteret, men då under leiing av Skrap, duoen til Anja Lauvdal og Heida Mobeck.

I tillegg til desse to store prosjekta skal ho også på turné med Matts Gustavssons Fire! Orchestra i juni, der ho har vore fast medlem sidan mai 2015. – Vi har spelt mange konsertar det siste året. Fire! Orchestra er ein fantastisk gjeng. Alle har så mykje energi kvar for seg, og til saman blir det utruleg heftig. I tillegg er alle så positive og engajserte. Ein kjenner at ein verkeleg vil noko med denne musikken, forklarar Mette.
– Det er stas med dei store prosjekta, og ein må jo sette pris på at andre kan ta seg av administrasjon og booking av og til, seier Mette. Samtidig peikar ho også på mindre, meir ad hoc-konstellasjonar som noko veldig verdifullt. – Eg anbefalar verkeleg å gjere slike ad hoc-konsertar utan førebuingar, med masse forskjellige folk. For meg var det viktig i overgangen mellom tida på konservatoriet og livet som fulltidsmusiker, og det er noko eg framleis gjer masse av, seier ho. Kort tid etter vårt intervju skal ho vidare til New York for å spele på The Stone saman med Ches Smith og Craig Taborn, under sistnemntes residens siste veka i januar på John Zorns klubb, The Stone.
Og vidare går det etter tur frå det eine til det andre i tida som kjem. I tillegg til det vi allereie har nemnt med Fire! og Trondheim jazzorkester kan vi, mellom fleirfoldige ad hoc-prosjekt, trekke fram split-turné som soloist i Italia med Jooklo duo, som består av Virginia Genta på saksofon og David Vanzan på trommer, samt solokonsert i Arendal i tillegg til triokonsert i Tønsberg med Alan Silva og Ståle Liavik Solberg, før det er tilbake på vegen med Chris Corsano igjen i april. Ein kan bli svimmel av mindre, og Mette medgir at det er mykje jobb å administrere det heile. – Når ein turnerer så mykje, så må ein jobbe heile tida for å få de til å gå opp, seier ho.
– Ein stor del av det administrative som musikar i Noreg er ofte å skrive søknadar. Korleis er det for deg?
Det har tatt lang tid å bli kjent med systemet, men eg byrjar å bli meir og meir rutinert. I tillegg er eg jo ikkje norsk, trass alt, eg er jo dansk. Og det har vore lang tid der eg ikkje har fått tilslag, men når eg først fekk støtte blei eg både glad og stolt, seier ho audmjukt. Ho lyser meir opp når eg spør om drivkrafta bak musikken.
– Kva er det som gjer at det fungerer kveld etter kveld, slik som du sa at det gjorde med tjue dagar på rad med Chris Corsano?
For første gang under intervjuet blir det vanskelegare for Mette å sjonglere sitt sam-skandinaviske språksamansurium og finne dei rette orda, men etter kvart får ho sagt det ho så gjerne vil få fram: – Det er viktig at ein kjenner at musikken har ei rolle å spele, at den er viktig. Ikkje berre for deg sjølv, men for samfunnet, forklarar ho. – Så det er politisk? Frijazz er ikkje berre romantikk for eldre menn som drøymer om 60-talet?
Både frijazzen og punken var eit opprør i utgangspunktet, og heile den energipakka er framleis viktig. Eg synest ikkje omgrepa blir gamle. Det å setje spørsmålsteikn ved samfunnet og korleis både noreg og resten av verda blir leia er viktig. Og det må aldri få bli gammalt. Ein må aldri bli lat og seie «det var noko vi gjorde då punken var ung», seier ho, klart og tydeleg, og meiner at musikken kan bidra til å gjere folk meir medvitne, seier Mette.
Samtidig understreker ho at det ikkje er sjangerfokus i seg sjølv, men arbeidet med sjølve instrumentet, samspelet og musikken i seg sjølv som er viktigast for å skape denne effekten.
– Det at publikum må ta stilling til ting og kunne spørje: «Kva var det her»? Eg har opplevd at nokon frå publikum kjem til meg etter konsertane for å fortelje at dette verkeleg påverkar dei sterkt, utan at dei eigentleg kan setje heilt ord på det. Og eg vonar det er noko dei tek med seg vidare inn i sine daglege liv. Å kunne oppnå det er ei utruleg bra drivkraft, slår Mette Rasmussen fast, før vi begge ser at støydokumentaren allereie har byrja og må sei takk for no, sjølv om ho har så mykje meir ho gjerne vil få sagt. Ho tek seg tid til ei konkluderande setning – som ein slags moral, eller kanskje eit føresett for 2016: – Kom deg ut og lytt!

Saken ble først publisert i Jazznytt #238 vår 2016.
Jazznytt kan kjøpes på blant annet Narvesen, Bare Jazz og Big Dipper, eller du kan abonnere her og få magasinet rett hjem i postkassa.

Fra forsiden

Oslo Jazzfestival - 16. august 2019

Kokepunkt

Du må prøve å gå rundt på Sentralen med konsertar på alle kantar – musikken går rett i fletta på deg!

Meld deg på vårt nyhetsbrev