Nyheter

Årets Vossa Jazz-kunstnar er klar

– Me svært glade for at Christoffer Eide er årets Vossa Jazz-kunstnar, han er ein engasjert og spanande kunstnar som brukar kunsten som eit verkemiddel til å setje fokus på utfordringar i samfunnet, seier festivalsjef Trude Storheim.

Christoffer Eide (28 år) frå Larvik, har mastergrad i regi frå Saint Martens Drama Centre og master i kunst frå Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Utstillinga på Vossa Jazz vert ei forlenging av masterutstillinga No Rest For The Wicked. Her tok han for seg eit fenomen som vert kalla Defensive architecture. Omgrepet skildrar arkitektur og design i byrommet som vert utforma på ein måte som åtvarar mot visse typar åtferd og oppmodar til «korrekt» oppførsel.

Defensiv arkitektur
– Mykje er innretta for å støta vekk heimlause: Benkar som ein ikkje kan ligge på og knottar, piggar og ukomfortable skulpturelle element plassert på stader det er naturleg for ein heimlaus å søka ly, er typiske eksempel. Mange skatarar er nok kjend med defensiv arkitektur: På trappar, rekkverk og kantar som passar til brettriksing finn ein ofte små element (knottar, metallskiver o.l.) som er der spesifikt for å vanskeleggjere skating, seier Christoffer Eide.

Defensiv arkitektur er svært utbreidd i det moderne bybiletet, men ofte usynleg for den jamne mannen i gata fordi den er forkledd som modernistisk, strukturalistisk eller minimalistisk design. Dette var eit av interessefelta i oppgåva og utstillinga: Modernismen som stilretning og humanistisk prosjekt vil forbedra livet til menneska ved å forenkla og rasjonalisera, men samtidig er det noko i denne utopien som verker kaldt, styrande og umenneskeleg. Her ligg det eit spanande paradoks som Eide prøver å nærma seg i kunsten sin.

Årets Vossa Jazz-plakat.
Årets Vossa Jazz-plakat.

– Målsetninga mi er ikkje å fordømma denne formen for arkitektur, men heller å gjera folk litt meir merksame på den. Arkitektur og design verkar underbevisst inn på brukarane – når den er laga med tanke på å styra åtferd kan ein oppleve eit ubehag som ein ikkje klarar å setja ord på. Samstundes er eg alltid opptatt av at det eg lagar skal ha ein sjølvstendig estetisk verdi, ein treng ikkje vera kunstvitar for å ha glede av utstillinga mi!, seier årets festivalkunstnar som også er årets plakatkunstnar.

Årets Vossa Jazz-plakat er klar  
Christoffer Eide har alltid vore veldig opptatt av grafisk design, mykje av favorittmusikken oppdaga han gjennom spanande plateomslag.

– Plakaten er inspirert av 60-/70-tals jazz-plateomslag og dåtidas minimalistiske, enkle og stiliserte plakatdesign. Eg tok utgangspunkt i nokre sirkelmotiv eg hadde jobba med til masterutstillinga. Då eg såg bileta i ein musikalsk konteksten merka eg at sirkelen og kvadratet lett kan tolkast som ein vinylplate og eit plateomslag – perfekt for ein jazzfestival, seier Christoffer Eide.

Fra forsiden

Nyhet

Garner skal lede Trondheim Voices

Natali Abrahamsen Garner er ny kunstnerisk leder for Trondheim Voices. Ensemblet er svært begeistret for at Natali nå skal overta lederrollen, forteller styret i Midtnorsk jazzsenter.

Nyhet

Spalding blir residerende artist på Moldejazz

Den amerikanske bassisten og vokalisten Esperanza Spalding blir Artist in Residence under Moldejazz 2026. Publikum kan se frem til en helt unik festivalopplevelse med minst fire ulike konserter som strekker seg fra det intime og akustiske til det grensesprengende og tverrkunstneriske, forteller festivalen i en pressemelding.

Meld deg på vårt nyhetsbrev