Nyheter

Å øve på improvisasjon

Fredag 1. november kl. 10 forsvarer Guro Gravem Johansen si Ph.D.-avhandling, Å øve på improvisasjon, i offentlig disputas. Staden er Auditoriet ved Noregs musikkhøgskole.

pressemelding: Norges Musikkhøgskole

Guro Gravem Johansen sitt tema i Ph.D.-studien har vore korleis improvisasjonskompetanse utviklast gjennom øving , og for å finne svar på spørsmåla sine har ho gjennomført ein kvalitativ studie av øvepraksisar hos jazzstudentar innan høgre musikkutdanning. Studentane kom frå både Noreg og Sverige. Ho har intervjua 13 studentar og har óg gjennomført ein kasusstudie med tre av desse.

Funna viser at det å utvikle ei personleg musikalsk stemme er overordna for øvinga til jazzstudentar. Dette kjem til uttrykk ved at dei vektlegg autonomi ovanfor institusjonen og lærarane. Dei er òg oppteke av eigarskap og individuell eksperimentering når det gjeld utval og nyttegjering av musikalske gjenstandar. Slike gjenstandar spenner frå tekniske aspekt (handtverk) til prosessuelle aspekt ved improvisasjon, der studentane øver på å utforske musikalsk materiale,  å unngå vaner og innøvde mønstre, og å sleppe kontrollen når dei speler.

Mange er oppteke av å lære gjennom å høyre på innspelingar frå ulike jazztradisjonar. Men dei er selektive i val av repertoar eller utøvarar dei lyttar på, og i måten dei nyttar musikken. Mange studentar lyttar etter musikalske idear og for å avkode konsept snarare enn å kopiere detaljert. Dei sett dermed i verk si eiga skaping med materialet umiddelbart.

Samspelspraksisar gir den individuelle øvinga større meining. Speling i band er dessutan ein sentral læringsarena i seg sjølv, der det å kunne utvikle musikalske idear i spontant fellesskap, å takle det uføreseielege og det å gi og få musikalsk respons er moglegheiter for læring den individuelle øvinga ikkje tilbyr.

Studentane eksperimenterer ofte med konvensjonane for instrumentroller i band, og denne eksperimenteringa rommar dermed eit skapande og ekspansivt potensiale i samspel med andre. Funna underbygger korleis sosiale aspekt som tryggleik og gjensidig tillit påverkar det musikalske utfallet, og avgjer om samspel opplevast lærerikt eller ikkje.
Vitskaplege bidrag

Guro Gravem Johansen sin studie viser kor variert og mangfaldig øvepraksisane hos studentar i jazzutdanning er. Ho lanserer omgrepet utforskande øving for å fange opp eksperimenterande og improviserande aspekt ved øving som supplement til det meir etablerte omgrepet målretta øving. Omgrepet er eit bidrag til øveforskingsfeltet, som fram til no i liten grad har undersøkt øving innanfor jazz og improvisasjonsbaserte musikkformer.

http://nmh.no/arrangementer/disputas_om_a_ove_pa_improvisasjon

Disputas
Under disputasen medverkar følgjande:
Guro Gravem Johansen, universitetslektor ved Noregs musikkhøgskole
Göran Folkestad, professor ved Musikhögskolan i Malmö, Lunds universitet (1. opponent)
Eva Georgii-Hemming, professor ved Musikhögskolan i Örebro (2. opponent)
Monika Nerland, professor ved Utdanningsvitskapleg fakultet, Universitetet i Oslo (komitéleder)

Biografi
Guro Gravem Johansen er utdanna jazzsongar frå Noregs musikkhøgskole (NMH), og har eit hovudfag i musikkpedagogikk, med avhandling om gehør og improvisasjon.  I dag er ho universitetslektor ved NMH og underviser i jazzgehørtrening, diverse utøvande jazzfag og i didaktiske/pedagogiske fag. Guro Gravem Johansen har bidrege med artiklar i fleire musikkpedagogiske læreverk, om temaene gehør, improvisasjon og generell jazzpedagogikk.

Fra forsiden

Nyhet

Arve Henriksen tildeles Sibeliusprisen

Trompetist og komponist Arve Henriksen tildeles Sibeliusprisen 2024 for sin innsats for å løfte fram det kvenske folks musikk og identitet. Prisen overrekkes torsdag 14. november i forbindelse med urfremføringen av Henriksens nye verk «Kvenofoni» sammen med KORK.

Meld deg på vårt nyhetsbrev