Nyhet

Morsom og rar Crab is Crap

Verdas Største Trommesett og verdsrekordforsøk på den siste Bajazzkonserten i 2012.

TEKST OG FOTO: PER INGE HOVE

Bajazz er Bergen jazzforum sin konsertserie for barn og småbarnsforeldre. Serien har etterkvart blitt ein institusjon i seg sjølv og har til og med fått sin eigen jazzfestival. Denne søndagen synte vinteren seg frå si beste side, kakaopengane sat laust og stemninga var til å ta og føle på. Rykta gjekk om Verdas Største Trommesett, men på scena var det berre eit langt bord med svart duk på. Likevel var det noko som ikkje stemte då Øyvind-lys (Hegg-Lunde) og Øyvind-mørk (Skarbø) byrja å slå på det. Dette minna mistenkeleg mykje om trommelydar, og etterkvart vart det då også avduka den eine tromma etter den andre – 12 i alt!

Øyvind x 2 hadde eit svare strev med å rekke over alt, men gjorde ein imponerande innsats – sjølv om det innebar litt trøbbel med logistikken. Det var ikkje til å unngå at det vart ein del krasjing og etterkvart vart stemninga faktisk litt oppheta. Underteikna fekk bekrefta sine mistankar om at Øyvind-lys er pling i bollen, meisterleg illustrert av Øyvind-mørk, ein knoke og ei bjølle. Då Øyvind-lys skulle ta igjen var det like før det heile utarta seg til handgemeng, men gemytta roa seg heldigvis kjapt. I staden fekk ungane vere med og spele, og det vart eit nydeleg klokkekor i lag med smukk julemusikk frå trompeten til Stian. På ein slik konsert er det sjølvsagt ikkje berre musikken som skal stå i fokus. Men likevel, eller nettopp difor, var dette melodiøse partiet så flott.

Så var det endeleg klart for verdsrekordforsøket – Verdas Kortaste Konsert! Ein stafett der utøvarane skulle springa fram og tilbake medan dei slo på trommene, for så å veksle med nestemann. Dei to fyrste forsøka var prega av knall, fall og kluss i vekslinga, men på tredje forsøk sat det! (Sjølv om nokre av oss tykte enkelte deltakarar slurva vel mykje når det gjaldt å slå på trommene.) Dessverre fekk vi aldri vite tida på det siste forsøket, men eg er rimeleg sikker på at dette var verdas kortaste konsert på verdas største trommesett.

Noko av det fine med Bajazzkonsertane er at dei også passar for dei vaksne – som ein god Disneyfilm. Og Crab is Crap treff i alle fall meg! Å høyre og sjå så dyktige musikarar i fri dressur er ei glede. Men kva syns no så den andre målgruppa? Trommis Ingvar Mjanger Rafteseth (9) syns konserten var morsom og rar. Og det var i grunn veldig presist oppsummert. I tillegg til: superbra!

 

Fra forsiden

Nyhet

Jazzknappleik

Paal Nilssen-Love og Jens Borge har trommet sammen hele 18 improvisasjonsmusikere fra Vestlandet til en todagers festival midt i august. Festivalen begynner i Stavanger og slutter i Bergen.

Nyhet

Festivalklare i Haugesund

Onsdag starter årets Sildajazz, og nærmere 40 arrangementer og konserter vil gå av stabelen i løpet av fem tettpakkede dager.

Meld deg på vårt nyhetsbrev