Nyhet

Stjernekveld på Sardinen

40-årsjubilanten Bergen jazzforum lova på heimesidene sine ein stjernekveld på Sardinen. Og 16-årsjubilanten Jazzland Records svikta heller ikkje!

TEKST OG FOTO: PER INGE HOVE

Men fyrst fekk publikum den triste nyhenda at Bo Grønningsæter har gått bort. Grønningsæter har gjort ein stor jobb for norsk jazz gjennom fleire tiår, m.a. i Nattjazz, Europe Jazz Network, JazzNorway in a Nutshell og Vestnorsk jazzsenter. Dette vart markert med ein enkel blomsterbukett plassert ved scena – ei fin markering.

Så var det klart for musikk med Bugge Wesseltoft som kveldens konferansier! Kvelden var delt opp i seks sett og var meir som ein heilaftens minifestival enn ein konsert. Og difor vert meldinga stykkevis og delt;
Fyrste (og einaste) dame ut var Mari Kvien Brunvoll. Ho har ein merkeleg evne til å trollbinde publikum der ho sit på golvet i lotusstilling med duppedingsane sine rundt seg, og når ho sat i gong med «Everywhere You Go» var kvelden satt! Bugge Wesseltoft kalla plata hennar «Mari Kvien Brunvoll» for årets vokalplate og det skal vanskeleg gjerast å arrestere han på dét!

Deretter var det klart for noko heilt anna – Ola Kvernberg trio. Saman med Steinar Raknes på kontrabass og Erik Nylander på trommer, serverte dei nokre namnlause bastardkomposisjonar frå den komande plata. Og den er det berre å glede seg til, for dette var kult! Berre å sjå Steinar Raknes finstemma kontrabassen som ein del av sin bassolo/overgang til neste låt, var verd ein heil del av inngangspengane åleine. I tillegg spelar Ola Kvernberg utruleg coolt med dei ulike gitareffektane sine. For underteikna var dette settet det beste!

Før pausen runda Bugge sjølv av med nokre amerikanske svisker frå plata «Songs». Overgangen frå forrige sett var stor og merkbar. Likefullt har Bugge Wesseltoft ein såpass distinkt karakter at han får merksemda di uansett – berre han tek borti eit flygel er det vakkert å høyre på. Litt for vakkert iblant, vil nokon kanskje hevde, men det er uansett smak og behag. Han kan i alle fall kunsten å forføre eit publikum i tillegg til å vere den uomstridde kongen av akkordprogresjonar.

Kveldens andre høgdepunkt stod Håkon Kornstad for: Ein tverrfløytesaksofonarabesk med Kornstad som ein orientalsk slangetemmar og publikum i si hule hand. Sakte, sakte smyg han seg over i ein hypnotiserande loop og held fram den eksotiske stemninga med å henta fram eit afrikansk tommelpiano. Så byrjar operastudenten å syngje. Dette er så vakkert! Ei merkeleg blanding av ulike kulturar – men for ei fantastisk blanding! Eg håpar verkeleg eg får høyra meir av dette ein gong.

Korleis skal ein gå vidare frå noko sånt? Jo – med Jazzland Community sitt folkelege alibi, gitaristen Knut Reiersrud. Det slår aldri feil med algeriske songar om Shabana Rehman som lyftar Mulla Krekar. Men publikum fekk også meir seriøse låtar, mellom anna eit triveleg gjenhøyr med «Willie And The Handjive» frå den 13 år gamle plata «Sub». Reiersrud har vore ein av mine favorittar heilt sidan eg som elleveåring høyrde plata «Himmelskip» saman med Iver Kleive. Og etter stemninga i salen å dømma, var det ikkje berre eg som såg fram til, og likte Reiersrud sitt sett!

Til slutt var det klart for eit felles sett med alle musikarane på scena. Om dette kan ein seia at både musikarar og publikum merkbart byrja å bli slitne (utanom Steinar Raknes som spela resten av musikarane av scena). For oss som hadde gleda oss mest til denne plenumseansen vart dette settet eit lite antiklimaks. For min del kunne ein i større grad vektlagt dette settet som ein «konsert i konserten». Eg er overbevist om at artistane kunne fått vist seg fram også i fellesskap med resten av musikarane og heller hatt individuelle nummer innimellom. Med såpass korte sett som no rekk ein berre såvidt å koma inn i artistane sine musikalske univers før det er dags for nestemann ut – noko som går på akkord med den musikkdramatiske dynamikken.

MEN: om Jazzland Community fungerte relativt dårleg som konsert, fungerte det utmerka som ein nærmare tre timar lang reklamepause for Jazzland sine artistar! Konferansier Wesseltoft batt dei ulike setta saman på fint vis, og artistane gleda seg tydeleg over å vera på tur i lag. Og strengt tatt kan ein vel knapt finna ein betre måte å tilbringa ein fredagskveld på enn å gleda seg i lag med Jazzland Community!

 

Fra forsiden

Soddjazz - 26. og 27. april 2024

Det er den Straumen

FESTIVAL: Dra til Inderøya og Soddjazz for en smak av en annen virkelighet.

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Meld deg på vårt nyhetsbrev