Nyheter

Badnajazz-pris til Leif Rygg

Badna Jazz-prisen går til ein personen eller institusjonen på Voss som arbeidar med og for born og unge innafor musikk, dans og drama.

«Om årets vinnar heiter det at han har ei glødande interesse for det han held på med.  Han ynskjer at alle skal kunna få kunnskap og innsikt i musikken.  Leif Rygg er ein av Norges fremste innan sitt instrument og sjanger. Han har også brukt mykje krefter på å formidla vidare kunnskapen han sit med.

Heilt sidan 70-talet har årets vinnar vore aktiv innan kursing både privat og innan lagsarbeid i bygda.  Han var tidleg ute med nye tankar om opplæring og var innovativ og samlande i sitt arbeid med formidling. Han har framleis faste elevar, kortare kurs og konsertopplegg.  Han tek imot elevar i alle aldrar for undervisning og rettleiing, der han syner stort tolmod. Han har også vore oppteken av å skaffe gode instrument – i nokre tilfelle finansiert av eiga lommebok om det trongst! Prisvinnaren får denne heideren for sitt arbeid for å vidareføra musikkgleda til nye generasjonar.»

Prisen vert gjeven av Vossa Jazz og er på kroner 3000 samt eit diplom med bilete laga av Ivar Kvåle.

Fra forsiden

Jul i Motvind: Andreas Røysum Ensemble + Marteh Lea Band + Miman - Kafe Hærverk - 12. desember 2025

Julefest i medvind

KONSERT: Englene fra Motvind Kulturlag daler ned med flere utsøkte gaver i sekken.

Nyhet

Oslojazz slipper festivalartist

I sitt første programslipp for 2026 presenterer Oslo Jazzfestival den amerikanske trommeslageren Brian Blade som festivalartist. I tillegg vil Jaga Jazzist by opp til festaften med Kristiansand Symfoniorkester, svenske Sven Wunder skal gjøre sin norgesdebut og det blir gjenforening med den sagnomsuste 90-tallstrioen Girl Talk.

Meld deg på vårt nyhetsbrev