Nyheter

Vossa Jazz-pris til Sigrid Moldestad

Årets Vossa Jazz-pris gjekk til musikaren Sigrid Moldestad. Prisen vart delt ut av fylkesvaraordførar Mona Hellesnes på vegne av Hordaland Fylke.

Prisen er på kr. 30.000 og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat laga av kunstnaren Elin Brissman. I grunngjevinga kom det fram at prisen skal gå til den frilansmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

Frå grunngjevinga:
Vossa Jazz-prisen har opp gjennom åra markert mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen. Juryen gler seg over å sjå at det gror godt i  musikarmiljøet, og at fylket fostrar nyskaping og sterke stemmer.

Årets prisvinnar har dei siste åra vore tydeleg til stades i kryssingspunktet mellom folkemusikk, viser, popsongar og jazz og har motteke fleire prisar.
Siste året har ho fått sitt definitive gjennomslag som soloartist,   med sitt særeigne uttrykk, fengande melodiar og gode tekstar.

Juryen ser på prisvinnaren som eit godt symbol på sjølve Vossa Jazz-sjela med sin energi, vilje og evne til å kryssa sjangrar.

Fra forsiden

Nyheter

Første Jazzintro-runde på Stavanger Jazzforum

Første runde av Jazzintro 2026 går av stabelen på Stavanger Jazzforum onsdag 11. februar. Da spiller Unmothered og Ingeborg Sollid Kvartett om en finaleplass under Moldejazz, der Årets unge jazzmusikere 2026 skal kåres.

Knut Kristiansen Kvartett - Victoria, Nasjonal Jazzscene - 6. februar 2026

En voksen kveld

KONSERT: Og kveldens kvartett bruker bakspeil for å spille seg aktuelle.

Meld deg på vårt nyhetsbrev