Nyhet

Seglem med tingingsverk på Vossa Jazz

Karl Seglem vart i haust kalla «the future of jazz» av tysk presse. No har han store planar for Vossa Jazz som festivalens tingingsverkkomponist i 2012.

Karl Seglem er ein av dei mest spanande og nyskapande jazzmusikarane i Noreg. Nyleg avslutta han ein lengre turné i Tyskland der han fekk svært god mottaking. Seglem sin musikk vart omtala som ”the future jazz”, og han leverte «eksplosivt brygg» frå scena.

Opnar Vossa Jazz sin jolakalendar
1.desember opnar Vossa Jazz fyrste luka i jolakalendaren sin og er stolte over å kunna presentera tenorsaksofonist og bukkehorn-maestro Karl Seglem som komponist til Tingingsverket 2012. Verket, som er det 31. i rekkja, har han kalla ”Som spor”. Urframføring i Vossasalen på Park laurdag 31. mars.

World-jazz er det mest dekkande sjanger-omgrepet som kan nyttast om musikken og lydbileta Karl Seglem skapar. Verket vil vidareutviklast i same eigenarta musikalske landskap som CDane «Femstein», «Urbs» og «Ossicles»

Med seg til festivalen har Seglem eit handplukka ensemble med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo på hardingfeler, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar, Stefan Bergman på bass og gitar og Kåre Opheim på trommer og perkusjon.

Seglem vil også samarbeida med fotograf Oddleiv Apneseth og lys- og biletedesignar Tord Knutsen. Apneseth sine fotografi vil saman med Seglem sin musikk danna grunnlaget for ei visuell og poetisk reise. Lyddesign ved Asle Karstad.

Ut av skyggen med sterk eigenart
Stuart Nicholson i Jazzwise (UK) og Terje Mosnes i Dagbladet har begge poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem.

Seglem har motteke fleire prisar. Han vart i 2010 tildelt norsk jazz si høgste utmerking, Buddyprisen. Han har motteke Edvardprisen og vart i 2011 tildelt Folkelarmprisen i open klasse for sin siste CD Ossicles. Ossicles vart også nominert til Spellemannprisen.

Fram mot jol vil Vossa Jazz kvar dag opna ei ny luke i jolakalendaren og presentera eit nytt namn til festivalen i 2012. Vossa Jazz vert skipa til frå 30.mars til 1. april.

Fra forsiden

Nyhet

Ti nye fra Moldejazz

I siste programslipp fra Moldejazz finner vi størstedelen av programmet til Alexandraparken, to konserter i Domkirka og en Storyville-konsert.

Nyhet

Sært i Smeltehytta

Kongsberg Jazzfestival har programmet for årets Særingfest klart. Den mer eksperimentelle delen av festivalen byr i år på blant annet trioen SPACE, Phil Minton & Veryan Weston, Nicole Mitchell solo og Christian Wallumrød & Ingebrigt Håker Flaten.

Meld deg på vårt nyhetsbrev