Nyheter

Ekstremjazz på kulturhustaket

For fyrste gong skal taket på Voss kulturhus nyttast som konsertarena. Det kan ikkje gåast forbi i stillheit, så Vossa Jazz legg igjen opptil Ekstremjazz.

I år er det jazz og folkemusikk som får utfordra folket. Ekstremjazzgeneral Jon Balke har med seg jazzmusikar Andreas Ulvo og folkemusikar Åshild Vetrhus og kva anna som kjem dalande ned frå himmelen.

Det har vore arrangert Ekstremjazz sidan 2007 og det uføreseielege er litt av pakken. Even Rokne og dei andre fallskjermhopparane og paragliderane på Voss har trassa mykje naturlover og vêrgudar og kan ikkje utelukkast denne gongen heller. Den zenbuddhistiske munken Svein Ivar Ringheim vert også med. Foreininga av jazz, naturelement og ekstremsport, gjev tilskodarar og musikarar ei unik oppleving av både lydmessig, spirituell og visuell karakter.

Arrangementet startar kl 14 laurdag 28. mars ved Voss Kulturhus

pressemelding: Vossa Jazz
foto: Per Finne/Vossa Jazz

Fra forsiden

Nyheter

Stjernelag på turné gjennom hele landet

I månedsskiftet januar/februar legger brødrene Per og Hans Mathisen ut på norgesturné sammen med Gary Husband og Petter Wettre. Turnéen tar dem gjennom Agder, Vestfold, Telemark, Oslo, Innlandet og helt opp til Finnmark.

Meld deg på vårt nyhetsbrev