Fredag 12. apr 2019 kl. 23:00

Susanne Lundeng

Vossa Jazz / Park
Voss

I 1991 gjorde Susanne Lundeng ein blendande entré på den norske folkemusikkscena med albumet Havella – ei samling med feleslåttar fra Nord-Noreg – og fekk ein velfortent Spellemannpris i folkemusikk for si firedelte utgjeving av nordlandsslåttar.

Det er den nordnorske tradisjonsmusikken som er grunnmuren i den musikalske identiteten til den høgt meritterte felespelaren. Samstundes har ho gjennom åra utvikla seg til ein framifrå komponist, arrangør og musikalsk fritenkar.

I 2018 kom albumet Det va nære på, som hausta femmarar frå eit samla pressekorps. For fyrste gong syng Lundeng eigne tekstar, og opner slik for nok ei side ved sitt kunstnarskap. Musikken er nedtona, melankolsk, sår og stormfull – det finst ein harmonisk villskap i Lundeng som får publikum til å skjerpa sansane og leva seg djupt inn i den vakre toneverda hennar.

Susanne Lundeng – fele, vokal
Nils-Olav Johansen – gitar, vokal
Erik Nylander – trommer

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev