Fredag 23. mar 2018 kl. 23:00

Skadedyr med Anders Røine: Mutationes Tempestas

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Skadedyr er eit overflodshorn av fandenivaldsk, sprudlande og sjangeroverskridande musisering frå den nye generasjonen i norsk jazz. Saman med den fantastiske multiinstrumentalisten Anders Røine lagar dei eit flunkande nytt verk til Vossa Jazz 2018!

Me lever i ei tid der klimaproblem, vêrforandringar og misbruk av naturressursar heng over oss som ein mørk sky. I «Mutationes Tempestas» vil komponistane sveisa tilhøyrarane saman med naturen gjennom eit musikalsk rituale som speglar alt frå big bang til kviskrande vindpust gjennom jazz, folkemusikk og klassisk dramaturgi. Musikken tek opp i seg erfaringar og kjensler rundt det å vera eit kroppsleg, levande menneske i ei verd i konstant forandring.

Skadedyr gav ut andreplata «Culturen» på Hubro i 2016 til strålande omtalar over heile fjøla: «‘Culturen’ vil stå som et særegent fotavtrykk av sin generasjon jazzmusikere» skreiv Maria Lokna i Klassekampen.

Anders Røine vart kåra til «Årets folkemusikar 2017» under Folkelarm i Oslo. Det mangslungne talentet hans er kjent frå duoen Sudan Dudan og samarbeid med blant andre Valkyrien Allstars, Sigrid Moldestad og Gabriel Fliflet.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev