Fredag 20. okt 2017 kl. 19:00

Sjøvaag-Seglem-Hole West Wind Drift plateslepp

/ Biermansgården
Oslo

Plateslepp kl. 19.00 20.10.2017.
West Wind Drift er eit improvisert møte mellom musikarar som har kjent kvarandre i mange år. Hovudfokuset er samspel. Kvar stemme blir høyrt. Kvar stemme held alltid attende, ventar, lyttar og let lydsentrum vera opent fram til tida er inne for å ta leiinga. På denne måten flør og fjærar musikken. Fokuset skiftar fram og tilbake. Reisen er ei utforsking av gammal lyd, og nyskaping av improvisert samtidslyd.
West Wind Drift er også eit album der musikarar som er kjent for å ha klare nordiske inspirasjonskjelder, let visjonar vera visjonar og heilt tydeleg tøtsjar bort i hjarteslag som er forankra i den Nord Amerikanske jazzen. Noko dei meisterleg fusjonerer med sine nordiske klangideal. Albumet er fyllt av abstrakte melodiar, dekonstruerte rytmar og urmusikalsk maning. Ny global lyd.

https://vimeo.com/2076134

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev